Luke 22: Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn vann Brageprisen for ungdomsromanen "Så vakker du er" i 2013. Les adventsteksten hans her.

Brynjulf Jung Tjønn. Foto: Fredrik Arff/Cappelen Damm

Brynjulf Jung Tjønn, f. 1980 frå Feios i Sogn og Fjordane. Vann Brageprisen i 2013 for beste barne- og ungdomsbok for ”Så vakker du er”. Har gjeve ut fleire bøker for både barn, ungdom og vaksne, blant anna den delvis sjølvbiografiske romanen ”Kinamann” i 2010.

 

Om du kom til meg

Av Brynjulf Jung Tjønn

 

Eg veit ikkje kva du heiter. Eg veit ikkje korleis du ser ut. Eg har bedt mora di om å sende meg eit bilete, men får ikkje noe svar. Eg har klikka meg gjennom Facebook-profilen hennar mange gonger, men det fins inga ordentleg bilete av deg. Kun på eitt bilete kan eg skimte det som kanskje er deg: Bakhodet ditt. Du er truleg to eller tre år, du sit på mora di sitt fang, med ryggen til den som fotograferer. Du aner ikkje kor mange gonger eg har sett på dette biletet. Studert det. Time etter time. Som om eg trur at eg viss eg stirrer lenge nok nå, så vil du plutseleg snu deg.

*

Mora di har sperra meg frå Facebook-profilen hennar. Men eg rakk heldigvis å laste ned dette eine biletet. Nå er du omtrent 14 år gamal, og eg lurer på korleis du er. Eg veit ikkje ein gong fødselsdatoen din. Eg veit bare at du må vere fødd i slutten av desember, med mindre du kom til verda lenge før termin. Hausten 2000 ringte mora di meg og fortalde at ho var gravid. Det er ein gut, sa ho. Telefonlinja var dårleg. Innimellom falt ho ut, eg fekk ikkje med meg heile setningar. Ho la på før eg fekk sagt noe. Eg prøvde å ringe henne opp igjen, tenkte at vi blei avbrotne av dårleg forhold. Men summetonen bare dunka, som ferske hjartelydar.

*

Noen dagar seinare kom eg rett til telefonsvar, og dagar etter det igjen kom eg til ei stemme som sa at nummeret ikkje lenger var i bruk. Eg sende mail, men fekk aldri svar. Eg sende brev, men breva kom i retur. Adresse ukjent. 

*

Noen gonger så sler det meg at du kanskje aldri blei fødd. At noe skjedde under svangerskapet. Mora di var jo på ein slags flukt. Kva ho flykta frå, veit eg ikkje. Av og til tenker eg at ho flykta frå meg. Og med all denne reisinga kunne det jo ha skjedd noe med deg. Kanskje har eg gått alle desse åra og sakna noe som ikkje finnes. Men eg har jo eit bevis. Dette eine biletet av deg. Eller, kanskje det ikkje er biletet av deg. Kanskje mor di hadde ein annan unge på fanget. Kanskje gjorde ho det for å lure meg. Ikkje veit eg. Når ein saknar, er det så lett å få rare tankar.

*

I dag køyrde eg på ein hjort. Det var snø og glatt. Eg hadde vore ute og hogd juletre. Eg hadde ikkje sjans til å bremse. Dyrehodet brasa gjennom frontruta, hjortehorna skrapa opp dashbordet og deler av passasjersetet. Eg blei nesten spidda. Hjorten stod rett bak den siste svingen før eg kom til brua. Den stod der og frontlysa frå bilen skein i auga til hjorten. Den stirra på meg i det vesle sekundet før bilen traff den. Knust glas over alt. Hodet som trengte seg igjennom, auga som stirra på meg. Om hjorten hadde stått litt lenger til venstre, eller om eg hadde dreid bilen litt mindre, så ville horna ha truffet meg, spidda meg. Og kva om du hadde budd hos meg? Kva om du hadde site ved sidan av meg i passasjersetet? Akkurat då var eg glad for at eg aldri har møtt deg.

*

Eg blei sendt på legevakten. Legen lyste meg i auga, lytta til hjartet. Ho ba meg hoste. Om eg hadde smerter? Nei, svara eg. Ingenting. Om eg ville snakke med noen? Nei, sa eg. Ingen. Eg blei køyrd heim av ein drosje. Då eg kom inn i leiligheita, sette eg meg rett ned i sofaen. Eg såg på mobilen, fleire tapte anrop frå mor, ho som er farmora di. Eg klarte ikkje å ringe tilbake til henne, visste at ho kom til å klage på at eg hadde for gamal bil eller at eg ikkje var oppvakt nok når eg køyrde. Eg bytta til treningsklede og jogga meg ein tur. Det var nesten midnatt. Eg sveitta meg gjennom mørket og fekk ut alt av stress og vonde tankar. Då eg kom heim igjen, hadde farmora di ringt fleire gonger. Eg tenkte at det var best å ringe tilbake. Ho gråt når ho høyrde stemma mi. Eg slapp å snakke så mye, ho sa at ho var glad for at det hadde gått så bra. Eg fekk dårleg samvit då, eg må innrømme det. Etterpå dusja eg, før eg åt pizzarester. Eg vurderte å droppe jobben neste dag, ringe til rektor og sei at eg var sjuk. Men ville det vere betre å ligge heime og deppe? Eg blei liggande og tenke på bilen. Såg for meg knust glas over alt. Hjorten som låg livlaus på panseret. Blodet som pipla ned på asfalten. Knaselyden då dei drog hjortehodet ut av frontruta. Dei slengde dyrekroppen opp på ein tilhenger. Kranbilen som dro den gamle, knuste bilen min bort. Eg hugsa då eg kjøpte den. Ein sliten, grå Toyota. Mora di var med. På veg heim frå bilforretningen sat ho i passasjersetet og sang. Ho sa at ho endeleg følte seg vaksen. At ho og eg endeleg var eit ordentleg par. Du og eg, Kristian, sa ho. Då vi parkerte utanfor leiligheita vi leigde på den tida, snudde ho seg og såg på baksetene. Og der skal barnesetet vere, sa ho. Og bak der, er det plass til barnevogna. Ho såg på meg og lo. Du blei nervøs nå, sa ho. Eg nikka. Men inst inne kjende eg at eg håpa det skulle bli akkurat slik.

*

Kor kan du vere? Kor som helst i verda. Mor di finst ikkje i noen registre i Norge. Eg har leita i 14 år etter deg og finn framleis nesten inga spor. Ein gong var du ei sædcelle frå meg som bora seg inn i eggcella hjå mor di. Etter det har vi ikkje hatt noe med kvarandre å gjere. Men du er halvparten meg. Og sorga etter deg er heile meg.

*

I naboleiligheita bur det ei jente på din alder. Maria, heiter ho. Håret er mørkt og blankt. Kanskje hadde dere gått saman til skulen. Kanskje hadde dere blitt kjærastar. Kanskje hadde dere slått opp med kvarandre. Kanskje måtte eg trøste deg. Kanskje hadde du låst deg inne på rommet ditt. Eg hadde stått utanfor, banka på, spurt om du ville snakke med meg. Og etter ei lita stund ville eg høyrt ein klikkelyd og opna døra forsiktig. Der ville du ha lege med ansiktet ned i senga, eg ville gått bort til deg, sett meg på sengekanten, stroke handa mi over bakhodet ditt og spurt om det er noe eg kunne gjere for deg. Og du ville bare ha grått. Kroppen din ville ha rista, og innimellom ville du ha forsøkt å sei noe, noe som drukna i gråten, og etterkvart ville du reist deg opp og halde rundt meg, og eg ville sagt at det er slik livet er, det er slikt som skjer og det vil skje igjen. For eg veit korleis det er, eg veit korleis det er å falle. Og framleis veit eg ikkje korleis det er å reise seg igjen.

*

Å, eg skulle så gjerne ha vore sint på deg. Kjefta på deg. Krangla med deg. Sagt ting til deg som eg hadde angra på med éin gong. Rista oppgitt på hodet over deg. Alt dette skulle eg ha gjort. Om du kom til meg.

*

Om eg bare hadde hatt fødselsdatoen din, så kunne eg feira dagen din. Eg kunne ha bakt gulrotkake og sunge bursdagssongen. Eg ville følt meg litt nærare deg då. Det hadde vore nok for meg. Men i dag er det julaftan. Eg dreg snart heim til farmora di. Eg har som vanleg med meg to gåver. Ei til henne. Og ei til deg.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"