Luke 9: Ingrid Storholmen

"Første natta han lever, må han flyktast med. Takast til eit anna land fordi det er farleg. Ikkje vente, då vil han døy, og det kan ikkje skje." Les juleteksten til Ingrid Storholmen her.

Ingrid Storholmen. Foto: Akam1K3

Ingrid Storholmen f. 1976 debuterte med kritikarroste «Krypskyttarloven» i 2001. For prosaboken «Tjernobylfortellinger» i 2009 vart ho nominert til både Brageprisen og Kritikerprisen. Ho er også nominert til den prestisjetunge IMPAC Dublin Literary Award 2015 for den engelske omsetjinga. Storholmen har fått både Bokhandlernes forfatterstipend, Sultprisen og Tanums kvinnestipend. 

 

Av Ingrid Storholmen

 

Dei små sparka, starten på det store! Ein liten dans i magen. Då finst du, du finst! Kom, kom fort.

Når eg roar meg blir barnet uroleg i magen. Då kjenner eg sparka, først ein sommarfuglveng, ei boble på vatnet som brest, så sterkare, ikkje i tvil lengre, det er barnet, det er barnet som rører på seg, i meg. Inne i meg bur eit barn, det er i live, det ønskjer kontakt, det kviler. Så rykker det til. Let meg kjenne seg.

Let meg kjenne små støyt av liv. Og det går ikkje å la vere å smile. Byrg. Byrgare enn nokon gong.

Moderlivet. Barnet skal fortsette å redde meg. Kven trur på meg om eg seier det som det var. Den vesle sparkar, vil setje mot i meg. Trøstar med uroa si. Ikkje omvendt. Alltid uro over underet. Natt-tankar, natt-tårar, nattsølv og sovevind. Roar seg, roar meg.

Når kjem det evige inn i barnet? Barnet har med seg det evige, er i slekt med det, kjem frå det.

Frå sommarfugl til store spark. Skapt ved å skapas i meg. Vere ei krukke med dyrebart innhald. I meg veks livet fram, vekst til det vil ut og leva sjølv. Vere livsens behaldar. Eit liv ligg i vatn der inne, skvulpar. Urhavet, utspringet. Klukkinga av vatnet voggar barnet. Livet likar seg, leiker, let seg vogge, berre duve frå side til side, ei duving der alt byrjar. Eg drikk av livet, får vere ein boge, ei bru mellom jord og himmel. Det har starta no, så veit du det, du er i gang, med det som er deg, den vesle guten er ein Gud.

*

Så langt er barnet, heilt utstrekt, var det plass til deg inne i meg, så rart, uverkeleg, for no skal du aldri meir inn i mørket og varmen, du er her, på utsida. Så stor ein skilnad, frå innsida finst ikkje utsida. Visste han når han låg der inne at han var ein lysberar, ein berar av lyset som eg fekk bera? Ana han lyset sitt, lyset rundt seg, i magen, i mørket. For magen stråla av lys. No er lyset på utsida, der skal det verke for alltid. Jesus, i namnet ditt ligg luft og pust, ligg kyss.

Frå magen strøyma det lys. Salva av barnet ved fødsla. Fødselsfeittet salva meg. Du barn av Gud. Eg ber Gud i famna. Som engelen sa det. Dette barnet gir eg Gud. Du skal få dette barnet, eg fekk barnet i gåve, og gjev det tilbake.

*

Kom no! Josef løfta hendene, gjorde seg klar til å ta i mot den vesle. Må reise med ein gong. Draumen var klar, det hastar. Ikkje vente, døden ventar, om du kjem no, rekk vi det. Kom, ikkje nøl, vi må gjere dette.

Første natta han lever, må han flyktast med. Takast til eit anna land fordi det er farleg. Ikkje vente, då vil han døy, og det kan ikkje skje. Dei små hendene fektar i lufta, freistar seie meg noko. Skund deg, høyrer alt hovane, dei kjem for å ta oss, no, i denne natt, fødselsnatta er fluktnatta, det gjer vondt, ennå kjem det blod, dryp og dryp, det skal eg ikkje kjenne på, ikkje når det hastar. Eit rop i natta, eit rop inne i meg, det hastar. Gå vidare, gå vidare, fare er etter dykk, fare rid på ein raud hest. Fare har aldri vore større. For no gjeld det den vesle. 

Vi blei drivne på flukt. Måtte rømme for å berge barnet, gjere alt for å berge barnet. Vil gjere alt. Eg gjev mitt liv for han, for denne vesle. Ikkje vite kva som kjem, berre gå, bere. Bringa opnar seg, blir stor som eit tak. Å gå, sette foten framfor seg , gå vidare, orke litt til, må det, må det, må det, går på den rytmen, må gå, må gå, må gå, må gå, må gå. Lengre og lengre steg: må gå, må gå, og du går, gjennom generasjonane, gjennom  historia, du ber barnet ditt, ditt einaste barn, ditt eige barn, det barnet som eig seg sjølv om du maktar denne turen, dette kravet om å gå, for det er langt, så uendeleg langt. Uendeleg som i umogeleg. Men eg må, for barnet skuld, må eg gå.

*

Å vere Maria, ei mor, vite kor viktige barnet er, vite kor rett det er å flykte, at vi må, må er å vite, er å gjere det ein maktar. For barnet skal ikkje døy! Du vil verne det med alt i deg, du har varma det, bore det under hjarte, vore teken i bruk av livet for å bere fram liv. Livet vil vidare, livet vil leve. Å få livsens krone. Slik var det da barnet kom. Ei kroning. Du kan bere det til verdas ende, blir ikkje sliten. Så liten er liten. Ein munn som øver seg på språk. I suttinga ligg orda og ventar, dei sterke orda, orda som vil utfrie folk. Barnet er ei stor hending. Del av det store, er det store, er alt lyset du slepp inn og som verkar på deg, all di tid, som har starta, di tid.

På veg til det nye landet, over grensa, langs den lange elva, høyer vi folk er vi stille, ikkje enno, enno må ingen sjå, ingen høyre. Enno er fare, enno er utrygt. Enno bivrar eg når barnet ser på meg, så nytt det blikket er, så gamalt, har det vore her før? Blikket er fullt av ro og store hendingar. Skakar meg. Eg takkar. Bed og takkar. Han kom ikkje frå meg, ikkje for meg, han kom for noko meir. For du er ein utvald. Ein som ber merket, merket av noko stort i deg. Ein lysberar, slik eg var da eg bar deg under hjartet mitt, dei fine månadene då vi var eitt.

Må drikke, men kan ikkje la seg kjenne med det, ikkje enno, men barnet drikk, kunne det da det kom, visste av seg sjølv. Mjølka finn sin veg, dryp og sildrar, inn i ein liten open munn.

Det er mørkt der vi går, men Josef plukkar stjerner til oss. Små bitar av lys bind oss saman med tida. Vi tre er lenkje i lenkje i lag. Kappløpet for livet, vinn ein ved å bere barnet, barnet som er innanfrå lysande.

 

 

Uttrykka «livsens krone» og «teken i bruk av livet» har eg låna av Tarjei Vesaas.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"