Starten på ei ny historie

Kristi himmelfart er eit vendepunkt i forteljinga om Jesus som Guds son. Lenge før kyrkja feira Jesu fødsel, har ein feira Jesus si ferd til himmelen.

Kristi himmelfartsdag, eller helgetorsdag som dagen også vert kalla, vert feira førti dagar etter påske. Forteljinga om Jesu himmelfart finn vi i bibelen i Markusevangeliet, Lukasevangeliet og Apostelgjerningane i Det nye testamentet. Det er kortfatta forteljingar som markerer avslutninga på perioda etter påskedag - ei periode der Jesus ved fleire høve viste seg for disiplane sine som den oppstadne. 

Kristi himmelfart er ein dag for å ta avskil, men dagen tek også med seg velsigning og visjon for disiplane sitt liv. Jesus seier: «Men de skal halda dykk i byen til de blir kledde med kraft frå det høge» (Lukasevangeliet kapittel 24, vers 49). Det gjev visjon for oss som lever vanlege liv i dag: Å vera i byen er å gjere daglege syslar og gjeremål. Det er ventetid, men med eit løfte om utrsusting og kraft. 

«Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen» (Lukasevangeliet kapittel 24, vers 51). 

Eit vendepunkt

Kristi himmelfart er eit vendepunkt i evangelieforteljinga om Jesus som Guds son. Lenge før kyrkja feira Jesu fødsel, har himmelfartsdagen vore markert. Dagen markerer avslutninga av Jesus sitt liv på jorda, men starten på historia om fellesskapet av truande, kyrkja si historie, starte. 

Helgetorsdag vart truleg innført på 300-talet, då enkelte kristne kyrkjer byrja å feire den som ein eigen fest. Dei første kjente døma på dette, har ein funne i ein liturgisk kalender frå starten av 300-talet. I Noreg er Kristi himmelfartsdag ein offentleg høgtidsdag. 

Himmelfartsdagen markerer avslutninga på historia om Jesu liv på jorda, og byrjinga på ei ny historie: Den heilage and som kjem på pinsedag og sameinar dei truande i kyrkja. 

Ein sentral plass i mysteriet i trua

Kristi himmelfartsdag er for mange ein ukjent og mysteriøs høgtidsdag. For dei første disiplane til Jesus var den svært viktig. I ein av dei eldste kristne tekstane vi kjenner, er dette omtala. Teksten er ein kortfatta urkristen vedkjenning - i poetisk form:

Og samstemt vedkjenner vi at mysteriet i vår gudstru er stort.
Han vart openberra i kjøt og blod,
rettferdiggjord i Anden,
sedd av englar,
forkynt mellom folkeslag,
trudd i verda,
oppteken i herlegdom.

Paulus' første brev til Timoteus, kapittel 3, vers 16.

Den første kyrkja gav Kristi himmelfart ein sentral plass i trua. Kristi himmelfart avsluttar ein viktig periode i disiplane sitt liv, tida med den den oppstadne Kristus etter påske. Gjennom førti avgjerande dagar fekk dei ei rotfesta tru, forma under rettleiing frå Mesteren. Dei fekk eit oppdrag: å vera vitne om det dei hadde sett og høyrt «i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda» (Apostelgjerningane kapittel 1, vers 8). 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"