Kristi himmelfart – starten på noko nytt

Kristi himmelfart er eit vendepunkt i forteljinga om Jesus som Guds son. Dagen har blitt markert og feira lenge før kyrkja byrja å feira Jesu fødsel.

Kristi himmelfartsdag blir feira førti dagar etter påske. Forteljinga om Jesu himmelfart finn vi i bibelen i Markusevangeliet, Lukasevangeliet og Apostelgjerningane i Det nye testamentet.

Ei ny tid

Etter at Jesus hadde stått opp, viste han seg fleire gongar for disiplane. Forteljinga om Jesu himmelfart markerer overgangen til ei ny fase for dei som stod nær Jesus: Eit tilvære utan at Jesus var fysisk til stade. Ti dagar etter Kristi himmelfart kjem pinse som vi også kallar for kyrkjas fødselsdag. Her kan du lesa meir om pinse. Ei ny tid har kome, ei kristen kyrkje er i ferd med å bli etablert. 

Kristi himmelfart er ein dag for avskjed, men også ein dag som minner oss om at vi ikkje er aleine. Jesus lover at disiplane skal blir utrusta til det som ligg framom. Jesus forlet oss altså ikkje utan eit løfte om at han skal vera nær. «Eg sender over dykk det som far min har lova (...) Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen» (Lukasevangeliet kapittel 24, vers 49 og 51). 

Eit vendepunkt

Kristi himmelfart er altså eit vendepunkt i evangelieforteljinga om Jesus som Guds son. Dagen markerer avslutninga av Jesus sitt liv på jorda og starten på den kristne kyrkja. 

Helgetorsdag som Kristi himmelfart også blir kalla, vart truleg innført på 300-talet, då enkelte kristne kyrkjer byrja å feire den som ein eigen fest. Det kan vi lesa ut frå historiske kjelder. I Noreg er Kristi himmelfartsdag ein offentleg høgtidsdag. 

Ein viktig dag for den kristne kyrkja

Kristi himmelfartsdag er kanskje den minst kjende høgtidsdagen i kyrkja. For dei første disiplane til Jesus var den svært viktig. Apostelen Paulus skriv om dette i sitt første brev til Timoteus kapittel 3, vers 16. Teksten er forma som ei kort, kristen vedkjenning:

Og samstemt vedkjenner vi at mysteriet i vår gudstru er stort.
Han vart openberra i kjøt og blod,
rettferdiggjord i Anden,
sedd av englar,
forkynt mellom folkeslag,
trudd i verda,
oppteken i herlegdom.

Kristi himmelfarts dag har alltid vore ein viktig dag for kyrkja. Gjennom førti avgjerande dagar frå Jesu oppstode og til hans himmelfart fekk disiplane ei rotfesta tru. Dei fekk også eit oppdrag: Dei skulle vera vitne om det dei hadde sett og høyrt «i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda» (Apostelgjerningane kapittel 1, vers 8). 

Bli med på gudsteneste

Skjer i kyrkja (skjerikyrkja.no) kan du finna gudstenester og arrangement i samband med Kristi himmelfart. Du kan velje kommune og få opp arrangement i kommunen der du bur. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"