Opningsgudsteneste i glede og forventning

– Same kva som skjer i livet vårt, er det ingen ting som kan skilje oss frå Kristi kjærleik, sa biskop i Tunsberg, Jan Otto Myrseth til deltakarane på Kyrkjemøtet si opningsgudsteneste i Nidarosdomen.

Kyrkjemøtet startar tradisjonen tru med ei gudsteneste i Nidarosdomen. Foto: Kyrkjerådet

Kyrkjemøtet blei opna med ei gudsteneste prega av sterke bodskap, kvile og vakker musikk. Med andre ord ei god opplading før ei veke med mykje intenst arbeid for medlemmane av møtet.

– Me skal no ta imot nådens midler. Som ei påminning om at me alle lever av det me får av Gud, vår Skapar. Me gjer det i glede og forventning! sa preses Helga Haugland Byfuglien i innleiinga til gudstenesta.

Dagens tekst var forteljinga frå Markusevangeliet om Jesus som lækjer ein gut med som har ein vond ånd.
– Eg trur, hjelp mi vantru, var Tunsberg-biskopen si tittel på preika. – Det kan vere nokså brutalt å bli konfrontert med si eiga maktesløyse, med si udugelegheit, sa han og fortalte om læresveinane som kom til kort når dei ville lækje guten sjølve. Men faren ropte til Jesus.
– Og bøna blir høyrt. Underet skjer.

– Fekk verdigheita si tilbake
– Skal vi forstå Jesu helbredelsar, er det virkninga av dei vi må studere. Vi må ikkje nøye oss med å bruke dei som illustrasjonar til teologiske tema eller forstå dei som peikarar til noko anna. Her dreiar det seg om eit liv og ein kropp som blir gjenoppretta! Denne mannen kom til seg sjølv og fekk den gudgitte verdigheita si tilbake.

Les heile preika her.

Musikken vart leia av domkantor i Nidaros domkyrkje, Petra Bjørkhaug, som saman med songar Randi Flåøien Lundemo og felespelar Øyvind Smidt let ulike folkemusikalske uttrykk prege gudstenesta. 

Fleire av bønene blei framført med teiknspråkpoesi av teiknspråkpoet Georg Bjerkli. Innhaldet vart uttrykksfullt, og bønene gjort synleg gjennom kroppsspråk som alle kunne skjøna. Brød og vin fekk vekse fram frå korn og druestokkar. Regn og sol, kroppsleg slit og signing frå himmelen blei poetisk pensla ut framføre ein heilt stille Nidarosdom og ein kyrkjelyd som strakte hals.

Til tonene frå "Heavy halling" av Øyvind Smith gjekk så prosesjonen av medverkande ut i sola og regnet i Trondheim denne dagen, fulgt av Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum og barne- og likestillingsminister Kjell Ingolf Ropstad.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"