«Jesus er både ein port og ein gjetar»

Preike i Nidarosdomen i Trondheim, ved biskop i Oslo, Kari Veiteberg.

Preiketekst: Joh 10,1-10:

«Sannelig, sannelig, jeg sier dere: Den som ikke går inn til saueflokken gjennom porten, men klatrer over et annet sted, han er en tyv og en røver.  2 Men den som kommer inn gjennom porten, er gjeter for sauene. 3 Portvokteren åpner for ham, og sauene hører stemmen hans. Han kaller sine egne sauer ved navn og fører dem ut.  4 Og når han har fått ut alle sine, går han foran dem, og sauene følger ham, for de kjenner stemmen hans.  5 Men en fremmed følger de ikke. De flykter fra ham fordi de ikke kjenner den fremmedes stemme.»  6 Denne lignelsen fortalte Jesus, men de skjønte ikke hva han mente.
7 Da sa Jesus: «Sannelig, sannelig, jeg sier dere: Jeg er porten inn til sauene. 8 Alle de som er kommet før meg, er tyver og røvere, men sauene har ikke hørt på dem.  9 Jeg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finne beite. 10 Tyven kommer bare for å stjele, drepe og ødelegge. Jeg er kommet for at dere skal ha liv og overflod.»

– Det er stas å få vere gjestepreikar i Trondheim med kyrkjelyden her. Eg blei ordinert til prest i Nidarosdomen palmesundag 1992. No er eg her, i 2018, som ei av dei 116 delegatane i kyrkja sitt øvste organ, Kyrkjemøte. Mange av oss er her no. Vi er samla til gudsteneste som er sjølve hjarte i kyrkjas liv. Og no har vi nett høyrt Jesus fortelje om ein gjetar og sauene.

Dersom det var ein film kunne vi sjå for oss eit inngjerda område der sauene søv trygt, mens skumle skuggar prøver å klatre over frå utsida. Då morgonen kjem, dukkar gjetaren opp, portvaktaren kjenner han igjen og opnar døra, Sauene kjenner han også igjen på stemma og på det han seier, han kan namna til alle og dei følgjer han ut i frisk luft og til gode plassar for mat og drikke.

Det er ei kvardagshistorie frå gamle dagar, frå den gangen det var gjetarar, det som før også vart kalla hyrdar. Men skjønar de kva dette betyr?

Det gjorde ikkje dei som høyrte på: Jesus snakkar og disiplane skjønar ikkje Og så seier Jesus: «Eg er gjetaren». og i det vi las no: «Eg er porten.»

Når vi møter akkurat den formuleringa i Johannes-evangeliet, då veit vi at vi bør stanse litt, i ærbødigheit, om vi ikkje tar av oss skoa slik Moses gjorde då Gud openberra namnet sitt: eg er, så er det sånn at når Jesus seier «eg er», held han fram med å openberre kven Gud, skaparen av alt liv er, på same tid som han seier noko om seg sjølv: Eg er vegen, sanninga og livet.

Og altså i dag, her i Nidarosdomen og på Kyrkjemøtets nest siste dag: Eg er porten, og eg er den gode gjetaren. Det krev sjølvsagt fleksibilitet og openheit for å ta inn over seg at Jesus både er ein port og ein gjetar, men her har eg full tillit til dykk! Begge desse bilda som Jesus brukar om seg sjølv, handlar om tryggheit og friheit.

No i påsketida har vi ved fleire høve høyrt kva Jesus sa etter at han stod opp frå ei døde. Han helste og sa, gjentok og gjentok, ord til disiplane som også er ord til oss: Vær ikkje redde! Frykt ikkje!

I dag høyrer vi at å høyre og gjenkjenne stemma skapar tryggheit. Det veit eg, og sannsynleg vis du og, av eiga erfaring: Om det er far eller mor eller ein annan som vi veit har omsorg for oss og er glad i oss, er det ikkje eit spørsmål om stemma er pen og at det som er sagt er velformulert.

Å kjenne igjen, gir tryggheit.

Kanskje er det som blir sagt fullt av gjentak. Det gjer absolutt ingen ting!

Tvert om, å gjenta det gode er nødvendig, gang på gang, sånn at vi kan ta det inn over oss, orda kan feste seg slik at vi ein dag kan oppdaga at orda opnar seg og blir ei sanning om oss sjølve.

For det merkelege er jo at dei aller fleste av oss går rundt med ein indre opptakar som tar opp og forsterkar ofte alt som blir sagt til oss og om oss og som kanskje kan være kritisk.  Sånne selektive opptak som går på repeat i vårt indre ekkokammer, kan etter kort tid framstå som ein indre stemme som seier «du er ikkje bra / pen nok / klok nok /».

Er det det som er sanninga om våre liv?

Den indre , same opptakaren kan derimot være heilt upåliteleg når det gjeld å registrere det som er vakkert og godt, ros og oppmuntring og uttrykk for kjærleik. Det er derfor vi treng at det gode må bli gjentatt, og at vi får bokstavert det, sånn Jesus gjer med disiplane.

Eg trur at ein av dei viktige oppgåvene for kyrkja no er å følgje etter Jesus og gjenta kjærleikssord til menneska. Orda kan bli sagt eller sunge at nokon vi veit vil oss vel og at dei kan gjere oss trygge. Tryggheit i sin tur, opnar for friheit: «Vi fridom fekk å bu der, gå og koma,/ å seia ja til Gud og seia nei».

Ver ikkje redde/fred/frykt ikkje!

Vi snakka om det i den komiteen eg sit i på Kyrkjemøtet. Vi fekk ei utfordring om å skrive ei uttalelse på bakgrunn av alle dei menneska som no flyktar frå krig, forfølging, fattigdom og klimakatastrofar. «Vær gjestfrie», blei overskrifta i uttalesen frå Kyrkjemøtet. I komiteen vår snakka vi om framandfrykt , at mange i landet vårt redde. Med rette eller urette, mange er redde for det som verkar annleis, for framandfolk.

Vi som er på Kyrkjemøtet her i Trondheim no, vi held oss trygt inne på Scandic Nidelven hotell. No har vi søkt ly i Nidarosdomen. Jo, eg har registrert finværet og strålande sol dei siste dagane, men hovudet er fullt av sakspapir og vi er vel i det som kallast ei boble.

Eg la meg trygt i senga på hotellrommet natt til laurdag. Eg song litt inni meg den salmen som er så god å sovne inn til: «Bred dina vida vingar.»

Eg stod opp og i går på morgonen samla vi oss i plenumssalen igjen. Nokre minutt før eg gjekk fram som saksordførar for uttalelsen, fekk eg ein lapp i fanget. Der stod det:

"NB sei før du les opp forslaget til uttalesen, at det er utarbeidd før dei siste timars eskalering av den humanitære katastrofen i Syria."

Kva? Har det skjedd noko, medan eg sov?

Det er godt å sitte her, i vakre Nidarosdomen, omgitt av rikt utsmykka tjukke murar: Kanskje vi skulle bygge nokre lauvhyttar her og bli verande? Kyrkjemøtet søker kyrkjeasyl? Vere her med folk vi kjenner med same hudfarge og glede oss over at det går an å stenge verda ute.

At nett det er så alt for lett, om då ikkje nokon kjem og bryr oss ved å legge ein lapp i fanget. Om då ikkje nokon minner om at det skjer noko utafor dørene nett no. Det er umenneskelege tilstandar.

Evangeliet i dag i handlar ikkje om det å vere innafor gjerdet. Det handlar om porten. om at dører skal opna seg.

Eg vil minne om at før kyrkjeveggane vart massive, før kyrkjeromma fekk si faste form, var dørene inn og ut, noko av det viktigaste som var. Og det er dei stadig. Sjå etter når du går ut, kor forseggjort utgangen som også er inngangen er. Det er fordi det skal vere viktig å gå inn, men også for å minne om at det er nødvendig å gå ut. Det er dørene som er det viktige, så viktig at Jesus seier eg er porten. Dørene gjer at vi kan gå inn og gå ut, i fridom og i fred. Det krev sjølvsagt at kyrkjedørene er opne.

Å vere kyrkje er å vere radikalt open. «Denne låvedøropne kyrkja har ein bodskap som borrar djupt», sa leiaren i Kyrkjerådet no onsdag. Å vere kyrkje er å vere radikalt open, for menneskelivet i all si fylde og for å kunne dele Guds kjærleik med alle. Det opne nattverdbordet er kyrkjas identitet i eit nøtteskal. Då blir ikkje sprøsmålet: Kor langt kan du gå? Som om ein kan måle det i centimeter. Du skal gå i fridom og med fred, om dei andre seier ei mil, kan du gå to. «Til verdas ende», seier Jesus og legg på den måten lista høgt. Kyrkjas openheit er hennar eigenart. (Jfr. Gustav Wingren)

I går sendte Det lutherske verdsforbundet som vi i Den norske kyrkja er medlem av, ut ei bekymringsmelding. Nattas rakettåtak over Syria er ei farleg eskalering av konflikten i Syria., Vi blir oppmode til be om rettferd og fred og i dag, denne søndagen, er bønene våre retta mot Syria og Midtausten .

Eg spør: Om ikkje tida er mogen, i den situasjonen verda er i no med opprusting og angrep, om ikkje tida er mogen for å arbeide for ein ny fredsrørsle? Ei fredsrørsle som kan arbeide for at alle desse skinande, høgteknologiske våpna kan ruste opp på historias søppelhaug!

La oss prøve så godt som vi kan å gjenta Jesu ord, i ord og handlingar. Og i kyrkja dele brød og vin i fellesskap, og døype og å ønske kvarandre fred. Gjetaren følgjer deg og han seier til oss alle at han er porten: «Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.»

 

Amen