Tid for solidaritet

Preses Olav Fykse Tveit åtvarar mot polarisering her heime i møte med president Putins krigføring i Ukraina.

– Når den russiske presidenten prøver å gjere krigen også til ei energikrise i heile Europa, ser vi no korleis det angår oss som folk og nasjon nokså direkte på mange vis. Då er det tid for solidaritet, i landet vårt og med Europa, sa preses Olav Fykse Tveit under opninga av Kyrkjemøtet onsdag.

Heile talen kan lesast her.

Preses oppmoda om samhald, på trass av at kyrkja ikkje har enkle svar på korleis dette skal løysast.

– No er det heilt nødvendig å stå saman for å verne dei som er mest sårbare både her og i andre land. Vi kan alle tape dersom vi lar denne krisa føre til djup splitting, til sosial og politisk uro. Meir enn nokon gong treng vi å vise kvarandre tillit og vilje til å dele byrdene så rettferdig som råd. Det vil kosta noko for oss alle, i våre hushald og i andre samanhengar, også med tanke på den kyrkjelege aktiviteten.

Preses peikte også på kallet vårt til å vere «pilegrimar for rettferd og fred», i tråd med programmet til Kyrkjenes Verdsråd.

– I tillegg til å stå for verdiane våre må vi også prøve å finne andre vegar vidare mot fred og rettferd gjennom dialog og kontakt. Vi skal halde fram med å leve saman i denne delen av verda etter denne krisa, også med det russiske folket som no er splitta og knebla under denne krigen.

Heile talen kan lesast her.

Les heile talen "Kjærlighetens veier" her

Må sjekkes mot fremføring.

Ordstyrar, gode kyrkjemøtedeltakar!

Vyrde statsråd, kjære gjester!

Vi er igjen samla her for å vedta meir om vegen vidare framover for kyrkja vår, noko vi elles gjer kvart år Kyrkjemøtet er samla. Men i år er vegkrysset noko større enn elles. Til spørsmålet om organisering av kyrkja, vil eg i dette innlegget berre minne oss om at vi er her for å gjere vedtak slik at kyrkja skal gå vidare, og at vi kan gå vidare saman.

Nett no vil eg peike på det vidare landskapet dette vegkrysset er i.

Så, først av alt velkomne igjen til Nidaros. Her på hotellet er vi vel så nær ved osen, utløpet av Nidelva, som vi kan kome. Dette året har det igjen vore mange pilgrimar som har funne vegen til Nidaros som mål for ei kort eller lang vandring. Mange av dei kjem for å finne sin veg vidare i livet.

Her vert dei møtt i ei kyrkje som har vore her i tusen år, i fleire tydingar av ordet «kyrkje». Nidarosdomen er eit teikn på at Den norske kyrkja har fått noko å gi frå Gud til alle som kjem, og at det er rom for dei mange. Den er ein manifestasjon av at kyrkja høyrer heime i vår nasjon og vårt folk. Framfor dei komande tusenårsmarkeringar skal vi vere både audmjuke og modige, vel vitande om at no er det vi som er betrudd ansvaret for å leie Den norske kyrkja framover akkurat i denne tida – og ta nye initiativ for komande tiår og generasjonar. Vestfrontens mange statuer minner oss om at vi står i ein stor samanheng av andre som har hatt slike oppdrag i kyrkjas historie, lokalt, nasjonalt og globalt.

Her i Trondheim er det fleire statuer som kan tale til oss ved opninga av dette møtet. Ei av dei ser de om de går kveldstur til Ila-kyrkja. Då møter de på An-Margritt, romanfiguren Johan Falkberget skapte i firebindsverket «Nattens brød».  Der skildra han denne sterke kvinna og hennar strabasiøse liv for nokre hundreår sidan på Røros – og litt her i Trondheim. Ho har mykje å seie oss om kvinner som førebilete, og om det myndige menneske, og vi kunne i vår samanheng seie: det myndige lekfolks ansvar.

Men det er også noko meir som har fått meg til å tenkje på desse bøkene, som har gjort inntrykk på meg, kanskje forma meg og mi tru, sidan eg las dei for 45 år sidan. Det er tittelen på den siste av dei fire bøkene: «Kjærlighetens veier».

Historia om An-Margritt er ei gjennomgåande skildring av menneskets evne til å leve gjennom og overvinne kriser. Det skjer i trass, og i kamp for rettferd – på andres og eigne vegner. Det handlar ikkje minst om vilje og evne til å halde fast i håpet, og leve deretter, om å finne sine oppgåver til beste for andre, og å halde ut.

Korleis kan vi, Den norske kyrkja, finne og gå «kjærleikens vegar» i ei krisetid? Vi har nettopp lært noko om det i ei lang og slitsam pandemikrise, ikkje minst at vi er kalt til å vere ei tenande folkekyrkje. Vi gjorde nye og viktige erfaringar på samarbeid, på omstilling og korleis vi kan arbeide på nye måtar. Det må vi ta med oss når vi no er gått inn i ei krigstid som kan verte ei alvorleg krisetid i Europa.

Vi må, som samfunn, og som kyrkje, delta i kampen for fred og rettferd, for demokrati og fridom, og vi må vere med på å betale kva det kostar. Det kan bli meir konkret og omfattande enn vi anar og ønskjer. Menneska i Ukraina betalar med liv og helse. Dei lever under eit overgrep på deira liv, tryggleik, deira framtid, deira fridom til å leve og til å elske. Vi må vere rause og uthaldande i vår støtte og solidaritet til det ukrainske folk, enten dei er i Ukraina eller kjem som flyktningar hit. Saman med andre kyrkjer i Norges Kristne Råd og Bibelselskapet, og internasjonale økumeniske organisasjonar, gir vi støtte til og ber for kyrkjene i Ukraina og deira rolle i å gi menneske håp og tru.

I år er det 75 år sidan Kirkens Nødhjelp vart starta.  Engasjementet i Urkaina er no det mest omfattande oppdraget. Det var også i Europa KN starta sitt arbeid. Kirkens Nødhjelp har vore og er kyrkjene i Noreg sine sterkaste vegryddarar i møte med verdas naud, for å finne kjærleikens og diakoniens uttrykk i kamp for rettferd, fred, og vern om menneskeverd og miljø. Det skal vi markere også på dette Kyrkjemøtet.

Den norske kyrkja støttar Ukrainas rettferdige kamp mot russisk okkupasjon og maktmisbruk i ein rå og brutal krig mot eit nabofolk. Den rammar alle, ikkje minst barn og eldre, når skular, sjukehus og anna infrastruktur vert øydelagd og mange liv går tapt. Saman med eit internasjonalt kyrkjeleg fellesskap tek vi sterk avstand frå alle forsøk på å rettferdiggjere ein slik krig, enten det kjem frå politiske eller kyrkjelege leiarar. Krigen strir mot alt det vi står for som kyrkje.  

Noreg må stå fast saman med andre land i å støtte dei som må forsvare seg mot eit slikt åtak, med midlar og ressursar som vi har til rådvelde i Noreg.

Når den russiske presidenten prøver å gjere dette også til ei energikrise i heile Europa, ser vi no korleis det angår oss som folk og nasjon nokså direkte på mange vis. Då er det tid for solidaritet, i vårt land og med Europa. No er det heilt nødvendig å stå saman, for å verne dei som vert mest sårbare både her og i andre land. Vi kan alle tape dersom vi lar denne krisa føre til djupe splittelsar, til sosial og politisk uro. Meir enn nokon gong treng vi å vise kvarandre tillit og vilje til å dele byrdene så rettferdig som råd. Det vil koste noko for oss alle, i våre hushald, og i andre samanhengar, også med tanke på våre kyrkjelege aktivitetar.

Kyrkja har ikkje enkle svar på korleis dette skal løysast, men vi er ein del av det sivilsamfunnet som må ta ansvar i denne situasjonen. Vi har ei spesiell utfordring i å vise at kjærleikens vegar er vårt budskap og vår måte å vere kyrkje på overfor den enkelte og for fellesskapet. Vi har eit kall til å vere «pilgrimar for rettferd og fred», som det heiter i Kirkenes Verdensråds program. I tillegg til å stå for våre verdiar, må vi også prøve å finne andre vegar vidare på veg mot fred og rettferd gjennom dialog og kontakt. Vi veit ikkje når det kan ha sin verknad. Vi skal leve saman i denne delen av verda også etter denne krisa, også med det russiske folk som no er splitta og knebla under denne krigen.

--

Alt dette skjer i eit år der klimaendringane har gjort større utslag og ført til svært dramatiske skader, også i vårt land og vår verdsdel. Klimakrisa er ikkje borte eller mindre fordi det er ei energikrise, tvert imot. Kyrkjas ansvar for å delta i arbeidet for bremse og å bøte på skader av klimaendringane er ikkje mindre nødvendig i år. Igjen er det spørsmål om korleis kan vi både gi mot og vilje til å ta vare på Guds skaparverk, vår heim, i solidaritet med alle som no er råka av klimakrisa - og dei som skal leve vidare her etter oss.

--

Historia om An-Margritt viser samanhengen mellom kampen for rettferda, for livet, for kjærleiken, og kyrkjas tru og nærver i menneskelivet.  Kyrkja var der, om enn ufullkomen, men like fullt til stades som eit ope rom og eit ord, ein salme, eit ljos og ein prest, og aller mest ein bodskap og eit løfte frå den Gud som er kome menneske nær. Bodskapen slo rot i kjærleiken mellom menneske. Det vart opna nye vegar mellom menneske.

--

Den historia minner også om kampen mot stigmatisering og ekskludering. Dette året har vi vorte utfordra til å finne nye og tydelegare uttrykk for at det kyrkja seier og gjer på kjærleikens vegar.

Det var nokon som prøvde å stenge kjærleikens vegar med våpen og kuler i Oslos gater i juni, kvelden før festivalen for å feire kjærleiken og retten til å vere seg sjølv. Angrepet var eit angrep på dei skeive mellom oss og deira liv, og deira tryggleik.

Kyrkja vår er inne i ein prosess med å erkjenne at vi også har svikta i så måte. Bispemøtet fant i februar at i år, 50 år etter avkriminaliseringa av sex mellom menn, var det også tid for å erkjenne at for dei av oss som er skeive er det mange sår og skader, også påført dei frå kyrkjas side.  Nokon av oss fekk høyre sterke forteljingar om det på symposiet kyrkjas LHBT-utval arrangerte i april. Det er eitt av mange tiltak som er kome gjennom godt arbeid og nye initiativ over lang tid, etter manges innsats, til dømes frå leiaren i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum.

Eg fekk invitasjon til å opne Pride Art-utstilinga som årets Stiklestad-utstillar, og fekk sjå korleis det er mogeleg å gå nye vegar for å uttrykke at ein kan vere seg sjølv og elske som den ein er. Det sterkaste uttrykket var kanskje då ein stor rosa trekant vart plassert og lyste opp akkurat der eit nazi-symbol var reist på Stiklestad i si tid under andre verdskrigen.

Det er mange steg å gå vidare for oss på kjærleikens vegar, også i denne samanhengen.

--

Når vi som kyrkjemøte er samla for å gjere viktige vedtak, har vi også ansvar for å byggje bruer mellom oss som er bærekraftige som kan tole at vi er usamde.

Noko av det som vi veit kan gjere slike bruer berekraftige, er at vi stadig og tydeleg anerkjenner kvarandre og innsatsen til alle som vil tene denne kyrkja, enten det er som tilsatt, som folkevald, som friviljug, som medlem, eller som politikarar, lokalt og nasjonalt, eller samarbeidspartnarar i andre organisasjonar.

Vi må sjå kvarandre og ære kvarandre, og vi må ha ein tydeleg profil på kva vår oppgåve som kyrkje er – enten det er lokalt, nasjonalt og globalt. Det er særdeles viktig når vi skal invitere og motivere nye til å gjere teneste i kyrkja vår. Vi treng mange, svært mange, som både kan og vil ta oppgåvene for kyrkja vidare.

--

Til slutt: Det er mange veldig konkrete «kirkeveier» i Noreg. Kyrkjene er markerte landemerke overalt. Nokon er svært gamle, og skal rustast opp. Nokon er nye. Det er tid for å gå kyrkjevegar saman og til å bruke kyrkjene til å feire gudstenester på gamle og nye måtar.

For, som det heiter i 2 Timoteus’ brev 1,7: «Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom.»

Godt kyrkjemøte!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"