VID vitenskapelege høgskule tek over Kyrkjeleg utdanningssenter i nord

- Komitéen er nøgd med at ein no ser ut til å ha funne ei organisasjonsform som er berekraftig for framtida. Komitéen føreset at Kyrkjemøtet yter tilfredsstillande økonomiske bidrag, så rammevilkåra er slik at både studie- og fagtilbodet vert sikra.

Dette er ein av kommentarane frå den kyrkjemøtekomiteen som før helga handsama saka om framtidig organisering av Kirkelig utdanningsenter i nord (KUN).

Frå 1. januar 2017 blei Kyrkjeleg utdanningssenter i Nord flytta frå Det praktisk-teologiske seminaret ved Universitetet i Oslo til Den norske kyrkja. Omtrent samstundes blei det klart at KUN ikkje kunne halde fram som eit frittståande fagsenter underlagt Den norske kyrkja.

Difor gjekk Kyrkjerådet i fjor ut med eit tilbod til aktuelle institusjonar om å overta KUN ved ei verksemdsoverdraging. Kyrkjemøtet 2018 har no samla seg om at Kirkelig utdanningssenter nord blir lagt inn under VID vitenskapelige høgskole. Det blir inngått ein avtale med denne institusjonen som går ut på at VID overtek KUN gjennom ei verksemdsoverdraging.

Studietilbodet skal framleis ha utgangspunkt i ein lokalitet i Tromsø og skal vidareføre fokus på nordnorsk kontekst og på samiske og kvenske perspektiv. Fagmiljøet i Tromsø skal ikkje reduserast. Kyrkjemøtet forutset òg at studietilbodet skal utformast på ein måte som gjer det mogleg å ta utdanninga på deltid.

Kyrkjeleg utdanningssenter i Nord (KUN) blei starta i 1998.