Liturgiar på ukrainsk

Liturgien for hovudgudstenesta er no omsett til ukrainsk. – Med denne omsetjinga kan ukrainske flyktningar forstå orda i gudstenesta, seier preses Olav Fykse Tveit. I tillegg er liturgi for dåp, vigsel, gravferd og hovudgudstenesta omsett til engelsk, spansk og tysk.

Kyrkja sine liturgiar er tilgjengeleg på fleire språk. Foto: Jarle Hagen / Den norske kyrkja

Fleire stader i landet har det kome flyktningar frå krigen i Ukraina. Mange av dei ankomne flyktningane er kristne ukrainarar som ynskjer å kome inn i kyrkja og nokon av dei vil delta på gudstenester.

– Vi har no omsett kyrkja sin liturgi til ukrainsk, seier Olav Fykse Tveit som er preses i Den norske kyrkja. 

– Med denne omsetjinga kan ukrainske flyktningar forstå orda i gudstenesta. Kyrkja er alltid open for alle, men dette er viktig å ha når ukrainske flyktningar skal busetjast i Noreg. 

Liturgien er tilgjengeleg på ressursbanken.no/liturgi. I ressursbanken finst fleire ressursar om kyrkja i møte med flyktningane frå Ukraina.

Omsetjing til engelsk, spansk og tysk

Den norske kyrkja har tilgjengeleggjort liturgiar til bruk i gudstenestelivet sidan 1990-talet. I 2021 starta oppdatering av liturgiar, i tråd med dei siste endringane i hovudgudstenesta frå 2020. 

Dei aller fleste liturgiane (utanom hovudgudstenesta) vart omsett til engelsk, tysk og spansk i 2011-2018. Det er no gjort ein heilskapleg gjennomgang, slik at liturgiomsetjingane kan framstå som dynamiske (idiomatiske) liturgitekstar. Det pågår også eit arbeid med å tilretteleggje ein engelskspråkleg versjon tonesett til Allmenn serie 1-musikken. Dette vil vere klart i løpet av året. 

Omsetjing til praktisk bruk

Alle tekstar er gjennomgått med tanke på bruk som praktiske gudstenestefeiringstekstar i liturgiske kontektar. Økumeniske formuleringar kan nyttast der dei er i tråd med kyrkja sin teologi. 

Tidlegare omsetjingar har hatt ulike formål. Nokre er både konkordante og idiomatiske – medan andre i hovudsak har vore konkordante. Dei er difor lite eigna til praktisk bruk. Desse kan berre nyttast som rettleiande omsetjingar for framandspråklege gudstenestedeltakarar. 

Dynamiske (idiomatiske) omsetjingar gjengjev meiningsinnhaldet i ei språkdrakt som høver seg til bruk i liturgien. Omsetjingane nyttar eit språkleg stilleie som gjev gjenkjenning til kyrkja sin liturgi i dei aktuelle språkområde, fortrinnsvis frå lutherske kontekstar. Gjeldande og oppdaterte bibelomsetjingar har vorte nytta, og økumeniske førebilete i "Common Worship" (Church of England), "Worship" (Evangelical Lutheran Church in America),  samt EKD sine ulike liturgiar har vore naturlege førebilete og kjelder for fellesbøner (Fadervår, truvedkjenninga og andre ordinarietekstar).

Omsetjingsarbeidet gjekk frå juni 2021 og vart ferdigstilt i desember 2021. Omsetjinga av den ukrainske hovudgudstenesteliturgien vart ferdig i april 2022. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"