Nasjonalt seminar for kyrkjeklokker

Praktisk informasjon

Fra:28.5.2018

Til:29.5.2018

Sted:Fagernes

Arrangør:Hamar bispedømme, Valdresmusea, Riksantikvaren, Valdres prosti, Norsk kulturfond m.fl.

Aurdal menighetsråd inviterer til det fyrste nasjonale seminaret for kyrkjeklokker i Aurdal og på Fagernes i Valdres. Under seminaret tek vi temperaturen på aktuelle problemstillingar i kyrkjeklokkemiljøet.

Seminaret blir ein kombinasjon av føredrag med innleigde føredragshaldarar og ei praktisk tilnærming gjennom prøving av kyrkjeklokker.

Målet med seminaret er å auke medvitet og den generelle kunnskapen om klokketradisjon og ringing hjå kyrkjeleg tilsette, fellesråd og sokneråd, i kommunane og på lærestadene ved universiteta, men òg hjå folk flest med interesse for kyrkjeklokker og kulturarv.

Per i dag er det ingen som tek eit nasjonalt ansvar for den manuelle klokkeringinga i landet, i motsetnad til i fleire andre land. Eit eige nasjonalt seminar for ringing representerer eit nytt og etterlengta tilskott i floraen av sikrings- og bevaringstiltak i kyrkja.

Sjå elles vedlagt program.