Ditt avtrykk på jord

Stein Ødegård har skrevet salmen "Ditt avtrykk på jord" som er tonesatt av Henning Sommerro.

Etter å ha deltatt på kurset "Teologi for en truet jord", fikk Stein Ødegård, inspirasjon til å skrive en salme til tematikken. Henning Sommerro ville gjerne sette melodi til salmen.

Klikk på lenken nederst på siden for å se og høre et opptak av salmen. 

 

 Ditt avtrykk på jord
- salme for ei truga jord -

Tekst: Stein Ødegård 2021
Musikk: Henning Sommerro 2021

 

Det stig ein takk frå ditt avtrykk på jord,
eit mangfald av artar, eit mylder av frø,
eit svimlande samspel for avkom og brød.
Alt liv vove saman, alt summar i kor,
det skapte som vitnar at du, Gud er stor.

Det kling eit kall til ditt avtrykk på jord.
Som skapt i ditt bilde er ansvaret gitt,
å spegla din kjærleik til alt som er ditt,
å vakta og verna om alt det som gror,
å vita og vitna at du, Gud er stor.

Det blør ei sorg av vårt avtrykk på jord.
Vi trør overalt, og vi trampar så hardt,
og trugar ditt mangfald i art etter art.
Ho sveittar i feber, vår livsform si mor.
Vårt ego er grådig. Kor endar vårt spor?

Det skin eit lys frå ditt ansikt på jord.
Du elska til døden og gjorde det kjent
at aldri ein sårbar skal stillast på vent.
Å Jesus, la lyset ditt prega vårt spor,
så kloden får kjenna: Din nåde er stor.

Det krev eit mot til nytt avtrykk på jord
om flora og fauna og folk trygt kan bu.
Det hastar, det kostar, det nyttar å snu!
Gud, gje oss å velja eit berekraftspor,
meir himmel på jord og meir handling enn ord.

Det syng eit håp som ditt avtrykk på jord,
om rettferd og framtid og draumar som dreg.
Din kjærleik er evig, Guds rike på veg.
All skapning som sukkar, får fest ved ditt bord.
Ein lengsel som lovsyng at du, Gud er stor.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Jorunn Strand Askeland (konst.)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"