Statue av biskop Rosemarie Köhn avduket

Den vakre statuen av biskop Rosemarie Köhn er nå på plass utenfor Hamar Domkirke. Her kan du lese preses Olav Fykse Tveits tale ved avdukingen.

Statue av biskop Rosemarie Köhn avduket

Den vakre statuen av biskop Rosemarie Köhn er nå på plass utenfor Hamar Domkirke. Den ble avduket på dagen 30 år etter hennes innsettelse som vår første kvinnelige biskop samme sted. Statuen er laget av billedhugger Merete Sejersted Bødtker. 

 

Preses Olav Fykse Tveit

Tale ved avdukinga av statuen av biskop Rosemarie Køhn

Hamar, 20.mai 2023

 

Kjære alle sammen,

Dette er ein merkedag for Hamar by, og for Hamar bispedømme. Men i dag får vi også eit nytt synleg merke i norsk kyrkjeliv og norsk kyrkjehistorie. Det er eit merke som stemmer oss til takk for den gåve Rosemarie Køhn var for Den norske kyrkja, og vi kan også seie det norske samfunnet. Ho brukte sine evner og sine krefter på å opne kyrkja for mange, for alle som vil høyre til der. Rosemarie Køhn var ein bibellærar og forkynnar som opna Den heilage skrifta for mange, slik at evangeliet vart forkynt klårt og reint og tatt imot som eit godt budskap til trøst og til å få nytt mot av.

Dette er eit monument som vil stå som eit verdig minne om den første kvinne som vart biskop i Den norske kyrkja, og den tredje i den verdsvide lutherske kyrkjefellesskapen. Ho vart også ein biskop som tok mykje av belastningen med å opne for at menneske med LHBTQ+ identitet skulle kjenne seg heime i kyrkja, og at dei som er kalte og kvalifiserte til det, også er velkomne til å gjere teneste i kyrkja. Ja, at kyrkja treng dei som ein del av fellesskapet og tenesta vår.

Det monumentale ved Rosemarie Køhn og hennar teneste, var ikkje noko som var hogge i stein, men at ho skapte draumar hos andre.

Eller som ho sa det sjølv: « «Bare en drøm», sier snusfornuften. Da har den glømt at drøm skaper virkelighet.» Ho står i ein samanheng med andre som har skapt ny røyndom gjennom sine draumar.

Gjennom vårt besøk, biskop Elizabeth Eaton frå den lutherske kyrkja i Amerika, ser vi korleis kyrkjene og deira leiarar kan og må følge baptistpastoren Martin Luther King jr sin draum om at menneskets verd og menneskerettar skal sette standardar for våre samfunn og fellesskap. «I have a dream»  er blitt eitt av dei sterkaste uttrykk til å skape noko nytt, ny røyndom. 

Eller som vår eigen diktar Olav H Hauge seier det: «Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at de må skje.»

Slik står dette minnet om Rosemarie Køhn i ei rekkje av monument – i ord og i stein – som vi kan høyre, sjå og ta på. På vegner av Den norske kyrkja – også spesielt frå Bispekollegiet, dei som gjer teneste og dei emeriterte -  takkar eg de som har gjort det mogeleg å feire dette i dag.

Dette monumentet er ein inspirasjon og ei utfordring til å drøyme og til å handle vidare, slik at også vi alle kan skape noko nytt, noko godt og noko ope og levande. Der vi er, som dei vi er, for alt og alle vi lever saman med.

Menneske til gagn og Gud til ære. 

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Emil Tan Engeset

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"