Fleire tar sitt eige liv i Noreg: – Urovekkjande og vondt

– Eg ynskjer å uttrykkje mi medkjensle med alle som har mista nokon og til alle som har streva, og strevar, med sjølvmordstankar, seier preses Olav Fykse Tveit om tala.

Alle gode krefter treng å stå saman for å førebygge sjølvmord betre. Kyrkja vil bidra i dette, seier preses.

Talet på registrerte sjølvmord i fjor er det høgaste på over tretti år, melder Folkehelseinstituttet. I 2023 vart det registrert 693 sjølvmord. Det er 70 fleire enn året før.

Tala er vonde og urovekkjande, meiner preses i Bispemøtet i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit.

– Eg ynskjer å uttrykkje mi medkjensle med alle som har mista nokon og til alle som har streva, og strevar, med sjølvmordstankar, seier Olav Fykse Tveit.

Han peikar på at både samfunnet, kyrkja og enkeltmenneske har ansvar i møte med dei dystre tala.

– Vi må alle bidra til å skape eit raust og ope samfunn der livet opplevast meiningsfullt. Sjølvmordstala for 2023 viser at vi alt for ofte feilar.

Nullvisjonen minner oss om å ikkje gje opp

Regjeringa innførte i 2020 ein nullvisjon for førebygging av sjølvmord.

Preses meiner at visjonen minner oss om at vi ikkje må gje opp.

– Alltid og overalt må vi bidra til å skape håp, meistringskjensle og kjærleik. Når tala ikkje synk, gjev det ei påminning om at vi alle må vere med på å skape rom der alle opplever at livet er verdt å leve.

– Nullvisjonen som vart lagt fram i regjeringa sin handlingsplan for førebygging av sjølvmord i 2020, viser at dette er heile samfunnet sitt ansvar. Ni ministrar uttalte at det er vår plikt som samfunn å lære av det som skjer, og stadig strekkje oss etter å førebyggje sjølvmord betre. 

Kyrkja vil bidra

Mange departement har arbeidd fram ein handlingsplan for sjølvmordsførebygging. Dette minner oss om kor samansett og omfattande dette arbeidet er, påpeikar preses.

– I dette arbeidet ynskjer Den norske kyrkja å bidra, og i kyrkjelydar landet rundt blir det gjort eit stort arbeid – for å møte menneske som strevar, og for å ta vare på dei som har mista ein som var nær.

Guds omsorg er for alle, understrekar preses.

– Særleg i slike, spesielt vanskelege kriser. Vi har ingen å miste.

Han påpeikar også at alle kan kontakte kyrkja for ein prat, om sorg, sjølvmordstankar, tru og liv.

– Ta kontakt med kyrkja der du bur om du ynskjer ein samtale. Du kan også kontakte Kirkens SOS på tlf. 22 40 00 40 eller chatte med ein prest eller diakon på kyrkja.no/chat.

Trenger haldningsendring rundt sjølvmord

Samtidig peiker han på at både kyrkje og samfunn i aukande grad erkjenner behovet for å endre haldningar og redusere stigma knytt til sjølvmord.

– Storsamfunnet, mellom anna kyrkja, har ei vond historie som har bidratt til å stigmatisere sjølvmord, og gjort sorga for etterlatne endå verre enn den allereie var.

– Kyrkjelege praksisar og haldningar som for lengst er avskaffa, har ei verknadshistorie som også påverkar i dag.

For å setja lys på kyrkja sitt tilhøve til sjølvmord, har Bispemøtet sett ned ei arbeidsgruppe for å belyse dette området. Bispemøtet vil ta imot arbeidet til gruppa i løpet av neste år.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Emil Tan Engeset

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"