Feiring av Nikea-jubileet

I år markerer kyrkjer over heile verda at det er 1700 år sidan Kyrkjemøtet i Nikea. I år faller feiring av Kristi oppstandelse på same dag i alle dei store kyrkjene, den 20. april.

Foto: Torstein Kiserud / Den norske kirke

Jubileet for Kyrkjemøtet i Nikea gir vår kyrkje eit høve til å styrke våre økumeniske relasjonar og å vise fram mangfaldet og rikdommen i den kristne tru og tradisjon.

Så, eit tilbakeblikk. I år 325 møttest kyrkjeleiarar frå heile den kristne verda for mellom anna å skape semje om ein felles truvedkjenning. 

Deira vedtak, den Nikenske truvedkjenninga, er framleis del av våre liturgiar. På 4-500-talet veks det, i dei vestlege kyrkjer fram eit tillegg i vedkjenninga sitt tredje ledd. Tillegget sa at Den heilage ande går ut frå Faderen OG Sonen. Striden om dette tillegget, den såkalla filioque-striden, var sterkt medverkande til det store skismaet i 1054 mellom det som skulle bli dei ortodokse kyrkjene og Den romersk katolske kyrkja. Denne usemja er i ferd med å leggja seg og i 1987 opna vårt kyrkjemøte (KM-sak 13/87) for at begge utgåver av Den nikenske truvedkjenninga kan nyttast.

Ei anna sak på Kyrkjemøtet i Nikea, var ønsket om å finne ei felles tid for påskefeiringa. Det vart semje om dette, men utviklinga av forskjellige kalendrar (hhv den julianske og gregorianske) i aust- og vest-kyrkjene skapte ulik praksis også her. Den norske kyrkja held seg til avgjerda fra år 325: at påskedag skal feirast første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøgn (21.mars).

Bispemøtet vil oppfordre kyrkjelydane til

  • å invitere ortodokse trussysken til felles påskefeiring
  • å ta i bruk Den nikenske truvedkjenninga frå og med påskedag og ut året. Den apostoliske truvedkjenninga skal likevel nyttast ved dåp. 
  • å delta i økumeniske gudstenester og andre arrangement i pinsa. 
  • å vurdere å markere Nikeajubileum treeiningsøndag (15.06) eller i løpet av hausten.

 

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Emil Tan Engeset

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"