Preses på sørsamisk helsekonferanse: - Kyrkja har mykje å bidra med

Preses Olav Fykse Tveit deltok før helga på sørsamisk helsekonferanse i Stjørdal kommune. Konferansen tok mellom anna opp dei helsemessige konsekvensane av Fosen-saken og rapporten til Sannings- og forsoningskommisjonen. Han meiner Den norske kyrkja har mykje å bidra med.

Preses på sørsamisk helsekonferanse: - Kyrkja har mykje å bidra med

-       Det er overveldande og det er trist å høyre at det er så masse samehets, som er trigga av rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen. Det er også viktig med kunnskap og at me får høyre om kor dramatisk dette er .

Han meiner at Den norske kyrkja har eit ansvar for å ta opp dette i forkynninga.

- Me må ta opp dette når me forkynner. Dette ligg i kjerna av kva det vil seie å vere kristen. Her er eit problem me som kyrkje og kristne må gjere noko med. Eg håpar me kan jobbe saman med fagmiljø, som me møter på denne konferansen, for å få gjort noko med dette, utdjupar han.

Prosessar

Konferansen gjekk over to dagar i Stjørdal kommune. Den første dagen var temaet «Inngrep, rettigheter og folkehelse – Hvordan påvirker pågående prosesser samers helse?», og den andre dagen «Helsetjenester til samisk befolkning».  Preses deltok torsdag på ein sofasamtale med temaet «Arealkonflikter og rettsprosesser i forhold til sannhet, forsoning, konsekvenser og forventninger». Han samtala med leiar av NSR Ungdom og leiar for fosen-aksjonistane, Elle Nystad, stortingspolitikar Hilde Danielsen og sametingsråd Maja Kristine Jåma.

Preses Olav Fykse Tveit, Ungdomsleiar i NSR og leiar for Fosen-aksjonane Elle Nystad og sametingsråd Maja Kristine Jåma.

Preses har tidlegare i år besøkt lulesamisk område og skal før jul mellom anna til Karasjok for å besøke sametinget og nordsamisk område. Fredag avslutta han konferansen med å snakke om sanning, forsoning og korleis kyrkja kan bidra. Han fekk mellom anna spørsmål om korleis Den norske kyrkja kan bidra til forsoning mellom storsamfunnet og samane.

Les meir: Sanning og forsoning: - Den norske kyrkja skal vere ein pådrivar for endring

Les meir: Sannings og forsoning: Preses reiste til Hamarøy for å lytte og lære

-        Både samane og kvenane er ein del av Den norske kyrkja, og me er ein del av storsamfunnet, fordi me er dei me er. Kyrkja har eit ansvar for å sjå dette frå andre sider. Dersom me gjer det i våre samanhengar, kan det bidra til at andre også gjer det. Leiar av Sannings- og forsoningskommisjonen Dagfinn Høybråten sa at kyrkja ikkje måtte undervurdere sine moglegheiter til å påverke, då han la fram rapporten.

Forsoning i kvardagen

Preses meiner det handlar om kva me, som kyrkje, gjer i kvardagen.

-        Det handlar om kva me gjer som nasjonal kyrkje. Me må vise at me høyrer og vil gjere noko. I tillegg handlar det om kva me gjer i kvardagen- gjennom kyrkjelege handlingar og seremoniar. Når det gjeld gravferd er det mange som no dør, som har avsagt sin samiske identitet. I desse samanhengane er det viktig at me er der og kan snakke om det. Mange prestar og diakonar opplev dette. Arbeidet deira blir ikkje skriven om, men mange diakonar gjer ein veldig viktig jobb.

Han viste også til at dei samiske språka blir brukt i gudstenester og i kyrkjelege handlingar i samiske område.

Erkjenne og unnskylde

Rapporten frå Sannings-og forsoningskommisjonen har denne hausten vorte handsama av Kyrkjerådet, Samisk kyrkjeråd, Mellomkyrkjeleg Råd, Ungdommens kyrkjemøte og Bispemøtet. Dei har alle gitt innspel til saken som skal opp i Kyrkjemøtet våren 2024.  Han utdjupar at den norske kyrkja no er i gang med å erkjenne og skjønne kva som har skjedd.

-        Det er viktig at det er ei felles erkjenning i heile Kyrkjemøtet. Dette må kyrkjemøtet jobbe med. Ei unnskyldning kan ikkje berre seiast. Kyrkja må forstå at dette handlar om sår og djupe krenkingar mot eit urfolk. Ho må knyttast til handlingsplanar. Det skal ikkje berre vere litt jobbing, temaet skal jobbast med. Samstundes kan det ikkje gå for lang tid, me må vise at me ønskjer å gjer dette.

Han viser også til at kyrkja har eit språk for denne prosessen.

-        Me har eit språk for dette. Det å erkjenne synd og skape noko nytt. Gud tilgir og me skal tilgi kvarandre. Kvar gong me ber Fader vår viser me at dette heng saman.

Les meir: Preses tale ved opninga til Stortinget

Preses seier også at det er positivt med forventningar til kyrkja.

-        Det er bra at folk set ord på forventningane til kyrkja. Det hjelper oss til å forstå kva som trengst frå kyrkja.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Emil Tan Engeset

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"