Preses: – Slå ring om pride

Heile samfunnet må delta i å skape trygge rom, der alle kan vere seg sjølv. Kyrkja har eit spesielt ansvar, skriv preses Olav Fykse Tveit i ein kronikk på NRK.no i dag.

Foto: Den norske kyrkja

Olav Fykse Tveit er preses, ledende biskop, i Den norske kyrkja. Under Oslo Pride skriv han i en kronikk på NRK.no om årets pride-markeringar og kvifor han sjølv skal gå i årets pride-parade.

Les heile kronikken på NRK Ytring her.

Ei tid for å samlast og ta vare på kvarandre

 Årets pride-markeringar er ei tid for å samlast, ei tid for å ta vare på kvarandre. Vi feirar og gler oss over mangfaldet.

Preses fortsett: Det er eit spesielt alvor over markeringane i år, eitt år etter terroren i Oslo som var retta spesielt mot menneske med LHBTQ+-identitet. Det er også ei sterk bølgje av polarisering og motvilje mot skeive i ulike deler av verda, i aust og vest, i sør og nord.

Uviljen mot skeive blir brukt som motivasjon for vald, forklarar han. Uviljen finst i nye lover som ekskluderer, diskriminerer og kriminaliserer skeive.

Skal gå i paraden

Med dette som bakteppe skriv preses at det er særleg grunn til å håpe at mange vil delta på årets markering.

Preses Olav Fykse Tveit skal sjølv gå i paraden i Oslo 1. juli.

 Det er særleg for å uttrykkje solidaritet med alle som har kjent seg utrygge etter hendingane 25. juni i fjor. Det som då skjedde, skaka oss alle, og vi har vorte endå meir skjelvne når vi har høyrt kor mykje meir gale det kunne gått.

Preses skriv i kronikken at han også vil gå i paraden for å uttrykkje erkjennelsen av at han og kyrkja som han leier, har påført skeive sår og skam.

Kan ikkje ta for gitt å vere velkomen til å delta i pride

 Vi ser at vår kristne religion framleis vert misbrukt til å legitimere diskriminering og ekskludering. Religiøse motiv av ulike slag vert brukt for å fremme vald mot skeive.

Han understrekar at ein ikkje kan ta for gitt at kyrkja sine representanter er velkommen til å delta i pride.

 At vi likevel blir ønskt velkomen til å delta, er eit tydeleg teikn på romslegheit, og på styrke og mot frå deira side. Dei viser også korleis ein kan skape trygge rom, der alle er inkludert og respektert.

 

Les heile kronikken på NRK Ytring her.

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Emil Tan Engeset

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"