Ragnhild Jepsen vert ny biskop i Bjørgvin

Kyrkjerådet har tilsett Ragnhild Jepsen som ny biskop i Bjørgvin bispedøme. Ho tek over etter Halvor Nordhaug. Den nye biskopen vert presentert i Bergen domkirke i morgon, fredag 10. februar kl. 11.00.

Ragnhild Jepsen vert ny biskop i Bjørgvin bispedøme. Foto: Den norske kyrkja.

– Eg er glad og takknemleg for utnemninga til biskop i Bjørgvin. Det er ei stor oppgåve som eg går til med glede og audmjukheit.

Det seier den nye Bjørgvin-biskopen, Ragnhild Jepsen. Ho kjem frå stillinga som domprost i Nidaros bispedøme.

– Som biskop i Bjørgvin vil eg invitere breitt til å finne språk som opnar oss til frimodig å vitne om tru og trusuttrykk.

Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum er nøgd med tilsetjinga:

– Det er historisk at Bjørgvin har fått sin første kvinne som biskop. Ragnhild Jepsen er ein framifrå liturg og erfaren leiar som vil vere med på å utvikle Bjørgvin bispedøme, seier Raaum.

– Jepsen er ein erfaren og samlande kyrkjeleiar med røynsle frå kulturliv og eit breitt samfunnsengasjement.

Den nye biskopen vert presentert i Bergen domkirke (Domkirkeplassen 1), fredag 10. februar kl. 11.00. Presentasjonen er open for alle som ynskjer å delta.

Du kan også følgje presentasjonen digitalt her.

På presentasjonen vil det vere innlegg frå kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum, preses Olav Fykse Tveit og bispedømerådsleiar Vemund Øiestad – og frå den nytilsette biskopen.

Jepsen vert vigsla til biskop i Bjørgvin søndag 16. april kl. 11.00 i Bergen domkirke, der H. M. Kongen deltek.

Det var tre kandidatar til biskop i Bjørgvin, etter den rådgjevande røystinga i haust:

  • Sokneprest Kjersti Gautestad Norheim
  • Domprost Ragnhild Jepsen
  • Sokneprest Sunniva Gylver

Åtte av Kyrkjerådet sine medlemmer stemte på Jepsen som dermed er tilsett som biskop. Seks av medlemene ynskte Sunniva Gylver og to ynskte Kjersti Gautestad Norheim som biskop.

For presse

Presentasjonen i Bergen domkirke vert strøyma direkte på kyrkja.no og du kan sjå den her.

For pressa er det sett av tid til individuelle intervju. Meld frå til ak547@kyrkja.no om du deltek fysisk eller digitalt, og om du ynskjer intervju.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Emil Tan Engeset

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"