Vi er midt i adventstida og førebur oss til julefesten. For mange kyrkjeleg tilsette er dette ei hektisk tid med barnehagebesøk, skulegudstenester, konsertar, fellesmiddagar, besøk på institusjonar – i tillegg til vanlege oppgåver med gudstenester og gravferder. Jula er ei viktig høgtid for oss som folkekyrkje.
Vi veit at det betyr mykje for folk å kunne kome inn i kyrkja og på kyrkjegardane i høgtida. Det er ei tid for oss som kyrkje å nå ut med bodskapen om at Gud kom til oss som born på jorda. Eg er stolt over det kyrkja sine tilsette og frivillige gjer for lokalsamfunna.
Vi lever i ei uroleg tid. Når vi inviterer til fellesskap denne jula kan vi skape eit rom for håp og framtidstru. Vi er ikkje åleine. I jula feirar vi at Gud kom til oss og vart menneske på jorda. Vi er betrudd å formidle dette i våre kyrkjer, med musikk, i sang, i tale og i handling.
Signa julehøgtid!
Olav Fykse Tveit
Preses