Sanning og forsoning: Preses reiste til Hamarøy for å lytte og lære

– Heile Noreg har tapt, sa Dagfinn Høybråten. "Her seier vi at alle er ramma. Alt er tapt." Orda møter preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, då han besøker Hamarøy kommune og møter den samiske befolkninga i lulesamisk område nokre dagar etter Sannings-og forsoningskommisjonen la fram sin rapport. Han er her for å lytte og lære.

Preses Olav Fykse Tveit talar til kyrkjelyden i Drag kyrkje. Alle foto: Thomas Berbom, Tone Gullaksen

– Heile samfunnet er råka av fornorskinga, uttalar Anne Kristin Gurák, same i lulesamisk område og medlem av Sannings-og forsoningskommisjonen. 

Preses Olav Fykse Tveit lyttar til orda hennar etter å ha sett dokumentarfilmen «samiske fortellinger» ved Árran. 

Brutalt ærleg

Det er søndagskveld ved «Árran»- det samiske senteret i Hamarøy kommune, som ligg i lulesamisk område. Ordet betyr eldstad. Filmvisinga av dokumentaren «samiske fortellinger» er nettopp ferdig. Dokumentaren fortel historien til fleire i den samiske befolkninga i Hamarøy.

– Dette var brutalt ærleg. Denne historia fortel meir enn noko anna kva denne rapporten handlar om, seier Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit.

Preses er på tur i Hamarøy kommune med fleire andre frå Kyrkjerådet, Samisk kyrkjeråd og Sør-Hålogaland bispedøme. Dei neste dagane skal han få møte lokalsamfunnet for å lytte, lære og forstå meir.

Preses Olav Fykse Tveit og fungerande biskop i Sør-Hålogaland, Svein Valle. 

Rapport

Berre fire dagar tidlegare la Sannings- og forsoningskommisjonen fram sin rapport på Stortinget. Ein rapport som skildra all uretten og overgrepa samane, kvenene, norskfinnane og skogfinnane i Noreg har vorte utsett for gjennom fornorskingspolitikken.

– Me er glad for at de valte å ta turen hit akkurat no, like etter at rapporten kom ut, seier ordførar i Hamarøy, Britt Kristoffersen Løksa.

Preses med følgje blir ønska velkomen av ordføraren, soknerådsleiar og prest i lulesamisk område, Rolf Steffensen, dagen etter i Drag kyrkje. Han fortel om prosjektarbeidet dei har om samisk kyrkeliv og introduserer tidlegare medvandrar i sørsamisk kyrkjeliv, Andrine Øvervoll Eivik.

– Kyrkja blir ikkje oppfatta som eit trygt rom for alle i området. Her har den samiske befolkninga opplevingar av urett og ikkje alle  føler seg heime i dette rommet. Nokon vil seie det er eit nøytralt rom. Det er det ikkje. Det kommuniserer eit sterkt og tydeleg brot med samisk livsforståing, og er utan utsikt til naturen. Det skapar avstand, held Steffensen fram.

Lulesamisk kyrkjeliv

Den samiske kulturen og forholdet til naturen har ikkje vore velkomen kyrkja, men det har endra seg litt etter litt. Dei har mellom anna fått hjelpa av ein samisk handverkar for å få idear til å gjere kyrkjerommet meir inkluderande. Steffensen spør om Andrine Øvervoll Eivik kan tenke seg å spele på ei samiske tromme medan ho joikar til forsamlinga. 

– Det er utfordrande, fordi bruken har vorte demonisert. Mange kjenner på ein ambivalens og uro, på grunn av det kyrkja har forkynna, fortel Steffensen.

Joiken og tromma fyller rommet. Etterpå seier ho at dette var viktig.

– Det var viktig at dette skjer i kyrkja, og ikkje berre i kyrkjegamma me skal besøke etterpå.

På grunn av den utryggleiken mange samar i lulesamisk område kjenner på tok ekteparet Anna og Ingar Kuoljok initiativ til å bygge ei kyrkjegamme på Drag. Men før turen går vidare takkar preses Olav for mottakinga og opplevinga.

– Takk for at vi får kome hit og møte dykk. Det gjer eit sterkt inntrykk å vere her og bli møtt med joik og trommer. Dette rommet er tilsynelatande i orden, men det er ikkje det for alle. Det viktigaste me kan fylle dette rommet med er menneske med gode verdiar og haldningar.

Kyrkjegamma på Drag

– Denne kyrkjegamma er bygd nettopp på grunn av kyrkjerommet de no har besøkt. Me fekk ideen i 2006/2007. Den blir brukt mykje av mange. Gamma står open heile tida og er også ein stad for refleksjon, fortel Ingar Kuoljok.

Kyrkjegamma er rund i formen og benkane står mot kvarandre med utsikt til naturen gjennom vindauget bak alterbordet, som er eitt av to heilag stadar i gamma. Den andre er árran-eldstaden. Gamma er også bygd med tradisjonelle materialer.

– Dette rommet snakkar til deg. Det gir gode moglegheiter for samtale og refleksjon, seier Andrine Øvervoll Eivik.

Ingar Kuoljok fortel om eldstaden i kyrkjegamma på Drag.

Musken

Fornorskinga i Hamarøy kommune har ikkje skjedd berre i kyrkja. I det lille lokalsamfunnet Musken, ein halv times båttur frå Drag, ligg den tidlegare internatskulen, som samiske barn vart sendt til, som eit ledd i fornorskingspolitikken. Mareno Mikkelsen var ein av dei som møtte preses for å fortelje om opplevingane han hadde på internatskulen

– Vi fekk ikkje snakke samisk inne, men vi gjorde det ute på skuleplassen. Dersom det vart oppdaga måtte vi stå i skammekroken, ofte på ein fot og med hendene for augene. Utanfor skuletida fekk vi utfolde oss. Det at vi vart straffa for å vere oss sjølv, er vanskeleg å takle den dag i dag. 

Ved internatskulen i Musken var det 20 barn, som vart passa på av ei husmor, som snakka samisk.

– Fornorskingsprosessen såra mange. Det var ikkje så enkelt å kome hit som 7-åring med sengekleda under armen, held han fram når han viser preses kvar han sov.

Preses Olav Fykse Tveit og prest i lulesamisk område Rolf Steffensen.

Grenselosar

I dag er den tidlegare internatskulen det læstadianske forsamlingshuset i Musken. Frå forsamlingshuset går ferda vidare til den nedlagte skulen i bygda. Her fortel etterkomarar av dei samiske grenselosane i Tysfjord, som fekk om lag 3000 menneske over grensa til Sverige under andre verdskrigen, om korleis dette gjekk føre seg i det lille samfunnet seg og om skamma mange kjende på da grenselosane i staden for heider og anerkjenning blei brutalt og urettmessig råka av skuldingar om landssvik.

Etterpå legg preses Olav Fykse Tveit ned ein krans ved minnesmerket deira.

– Det er ei spesiell ære å være her i dag for å heidre dei samiske grenselosane, sa preses då han la ned kransen.

Konsert med Ronja

Etter middag var det konsert med Ronja -Katrin Larsen i Drag kyrkje. Ho fortalte gjennom musikken om sine opplevingar av tap og urett.

Árran

Turen enda der den byrja ved Árran lulesamiske senter og eit møte med leiinga og presentasjon av senteret før preses opna sommerutstillinga «Fragmenter av levde liv».

Dagen vart avslutta med debatten «Sannhet og forsoning- hva nå Hamarøy?», som samla lokale debattantar og vart leia av tidlegare sametingspresident, Svein Roald Nystø.

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Emil Tan Engeset

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"