Nytt orgel i Akershus slottskyrkje

Akershus slottskyrkje er eit vakkert og gamalt kyrkjerom i Oslo. Sundag fekk det eit nytt orgel! Det høvde godt å feire på haustens påskedag.

Sjef Forsvarsstab Generalløytnant Ingrid Gjerde, preses Olav Fykse Tveit, slottskirkens kantor Lars Notto Birkeland, prest i slottskirken major Trygve Tyreid, sjef Forsvarets tros- og livsynskorps Brigader Knut Espen Høidal, biskop Kari Veiteberg, kommandant Akershus festning/sjef Forsvarets Fellestjenester brigader Gyda Ellefsplass Olssen

Saman med folket som var samla ved båra i Nain (Lukas 7), kunne vi stemme i ein takk til Gud som livets kjelde. Musikken er eit ekte og genuint uttrykk for livets kjensler og lengsler. Om våren kan vi synge «nytt liv av daude gror». Om hausten og ofte elles høver Svein Ellingssens ord: «Kristus du lever og står ved vår side, her hvor vi rammes av jordlivets slag».

Her er preses preike.

Preike på gudsteneste i Akershus slottskyrkje 15. september 2024
i samband med innviing av nytt orgel

Evangelietekst: Luk 7,11-17

 

FOR LIVETS SKULD

Til lukke med dagen!
Vi feirar gudsteneste denne sundagen for livets skuld. Vi feirar i trass mot alle dødskrefter som rår i denne verda og som bryt ned det vi har saman.
Vi feirar med musikk som er eit uttrykk for livets krefter. Om det er i kvardag eller fest, eller når den skal lyde i dødens nærvær, knyter musikken oss sammen i livets mange kjensler. Men den kan også uttrykkje livets håp, og leieoss til livets kjelde.


Difor er det godt og rett å innvie og feire eit nytt og flott orgel på ein sundag som gjerne vert kalla «haustens påskedag». For oss på den nordlege halvkule kjem påska alltid om våren, men for dei som er sør for ekvator, er det alltid seinhaustes. No har også vi ein dag til å kjenne på samanhengen mellom påska og hausten. Det er godt å synge ved påsketider ein song om våren: «Nytt liv av daude gror.» I møte med haustens realitet har vi sunge: «Døden må vike for Gudsrikets krefter. Kristus, du lever og står ved vår side her hvor vi rammes av jordlivets slag.»


--


Det var verkeleg eitt av dei verste av jordlivets slag som hadde ramma denne enka i Nain. Ho går der som ei av dei mange enker. Utan NAV og andre gode ordningar var det ikkje berre sorg over sin einaste son ho bar på, men endå meir ei framtid utan håp om at nokon skulle skaffe henne noko å leve av.


Det er eit drama skildra med få strekar og ord. Jesus formidlar tre budskap, eitt i handling, to med ord. Han går bort til båra, han legg handa på båra. Han står ved enkas side. Han står ved den døde si side.
To bodskap vert formulerte: Til henne først: Gråt ikkje! Til sonen: Stå opp!


Forteljinga går nesten over i ei gudsteneste: Folket vart fylt av ærefrykt og lova Gud, heiter det. «Gud har gjesta sitt folk», sa dei. Dette er orda frå Sakarjas lovsong som er gjengitt i fødselsforteljingane om døyparen Johannes og Jesus i starten av Lukas-evangeliet. Sakarjas lovsong er ein del av dei faste morgonbøner gjennom kyrkjas historie. «Lyset frå det høge skal gjesta oss som ein soloppgang og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge og styra våre føter inn på fredens veg.» (Luk 1, 68.78-79) Kan det seiast vakrare? Slik vert alle generasjonar sidan innlemma i denne forteljinga frå Nain.


Gudsnærveret er noko dei ser og kjenner. Som ein ny soloppgang midt i djupaste mørke. Som ein vårdag midt på hausten.
For slik er det når Gud gjestar sitt folk. Slik er det når Herren, som Lukas kallar Jesus her, når «Herren såg enkja, fekk han inderleg medkjensle med henne, og sa: Gråt ikkje!»


--


Kva handlar vår Gudstru om? Kva handlar vår tru på Jesus som Herren, som Gud, om?
Tru er ein reaksjon på det utrulege. Det som eigenleg ikkje kan skje, men som skjer likevel. Og det er mange i vår tid som har god grunn til å tru og håpe at det utrulege skal skje, at det skal bli ein retferdig fred i verda.


For dei som opplevde dette, var det nok ikkje ein del av deira forventning – eller tru – om ein vil.
Det var ikkje slik for henne som går der med dei tyngste steg eit menneske kan ta, dei ein tar når ein må følge sitt eige barn til ei grav.
Det var ikkje slik for dei som ber båra, i sitt samfunnsoppdrag, om vi skal bruke eit ord frå vår tid, ja, for nokon måtte jo gjere det.
Det var ikkje slik for folket som følgjer henne og båra i sorgas solidaritet. Dei lever saman i liv og i død. Dei er alle ramma, slik det er når dødens krefter rammar eit fellesskap, enten det er i fredstid eller krigstid.


Heller ikkje for disiplane som følgte Jesus var dette det dei hadde forventa eller trudd.
Truas respons var ei undring, dei vart alle fylt av ærefrykt.
Det som vart tydeleg for dei då og for resten av livet er at Gud bryr seg om oss, at Gud står ved vår side også i møtet med døden. Ja, nettopp då.


Mirakel som dette skjer ikkje kvar dag, heller ikkje for dei to i Nain. Også denne sonen og mor hans døydde ein dag og vart lagt i sine graver, sjølv om vi ikkje høyrer meir om dei.
Denne forteljinga set også våre liv og tankar og erfaringar inn i ein samanheng. Men det er ikkje ein samanheng som opphever livets gang frå dag til natt, frå vår til haust, frå livets start til livets kveld. Det er ein samanheng der Gud har gjesta oss også. I Jesus Kristus er Gud kome nær oss i alle slags dagar og slags tider. Det er påskebudskapet til oss alle.


Difor er ikkje den kristne trua først om det som skjer når vi dør eller etter det, sjølv om vi har mykje med livets slutt å gjere i vår kyrkjelege praksis og samfunnsoppdrag. Vi hegnar om kyrkjegardar, vi viser dei døde vår vørnad, og trøystar dei sørgjande gjennom våre ritualer. Vi forkynner det kristne håpet til alle.


Kristen tru og moral er heller ikkje ein dødskult, sjølv om det er ein dyd å vere solidarisk, å vere viljug til å stille opp for kvarandre, også når det måtte koste oss alt, endå til livet.
Difor er det heller ingen dødskult vi skal fremme i møte med dei store utfordringar som vår tid er fylt av, med behov for Forsvar og våpen for å forsvare og verne land og samfunn. Det er eit forsvar for livets skuld, for alt det som vi vil at livet skal fyllast med: Fellesskap, solidaritet, omsorg for kvarandre, å kunne dele glede og sorg.


I alt dette høyrer alt det heime som knytter oss sammen, som skaper stadig nye morgonar på så mange vis. Det skjer ikkje minst gjennom sang og musikk, og alt det som vi gjer for å gje livet meining. Det er eit fellesskap som eigenleg har djupare røter enn alle grenser og skyttargraver, eit fellesskap der alt liv er gitt av Gud og alle menneske er skapte i Guds bilete. Difor må også alt vi gjer og bruker av ressursar stå i livets teneste, også når vi skal avverge krigens gru og øydelegging.
Vår tru på Jesus Kristus er først og fremst ei tru på Gudsnærveret i våre liv. Som det heiter i Salme 36: «For hjå deg er livsens kjelde, i ditt lys ser vi lys.» Gud er livets kjelde, som er tilgjengeleg for oss menneske og alt som lever. Det er det vi ser i alt som spirer og gror om våren, det er det vi tek til oss når jorda har brakt si grøde og trea har bore frukt. Det er det som møter oss i andres omsorg og blikk av medkjensle. Det er det som kjem til uttrykk i bøner og i gudstenestas lovsong og takk. Det er det som har sitt heilt spesielle uttrykk i nattverdens sakrament, der vi feirar Kristi kjærleik, den «kjærleiken som er sterkare enn døden».


Det er denne kjelda vi som kyrkje skal gjere tilgjengeleg for alle menneske, uansett kva dei er, kva slags livsfase dei er i, eller kva livsoppgåve dei har. Det er ei nådens kjelde som alle kan ause av. Det er eit Gudsnærvær som vi skal gjere synleg gjennom kyrkjas teneste og nærvær, også i Forsvaret gjennom samtaler og bøner.
Eg er audmjuk med tanken på at eg har fått overdratt tilsyn med Den norske kyrkjas feltprestar i Forsvaret, eit nasjonalt ansvar overført av Bispemøtet frå Oslo biskop til Preses i kyrkja. Med tanke på det gir dagens budskap spesielt meining og retning for desse oppgåvene vi skal fylle sammen: Alt gjer vi for livets skuld.


--


Vi feirar gudsteneste her i denne historiske og ærverdige Akershus slottskyrkje. Den er Forsvarets hovudkyrkje, men også ei gravkyrkje for Kongehuset. Her vert vi minna om at Kristus står ved vår side som fellesskap, som folk og som familier, i glede og i sorg.


I dag er det ikkje minst gledas toner, livets lovsong som lyder i denne flotte kyrkja, ei av dei eldste i denne byen. I år feirar vi også tusen år med kristenretten, som slo fast at det skulle byggjast kyrkjer overalt i Noreg. Dei vart og er synlege teikn på at Gud gjestar også oss, kvar sundag, kvar dag – og kvar natt, om det så er. Det er hus der alle kunne og måtte vere under samme tak, uansett kven dei var, fattig og rik, kvinne og mann, herre og træl. Desse husa er av det gjevaste og vakraste vi har i vårt land. Dei er der og minner oss på at hjå Gud er vi alle velkomne, uansett kva slags bører vi ber på for oss sjølve eller andre, uansett kor mykje funksjonsevne vi har, kva språk eller kultur vi har, kva kjønn eller legning vi har. For det er Guds hus, og der får vi alle vere oss sjølve overfor vår skapar og frelsar – og overfor kvarandre.


-


Det er Jesus som skiftar toneart for gravfølgjet i Nain. Frå moll til dur. Frå klagesang til lovsong.
Begge deler høyre med i solidaritet med ei verd som lir, der dødskrefter får makt dei ikkje skal ha.
På denne sundagen høver det seg spesielt godt at vi vert med i lovsangen som steig opp frå folket i Nain, i takk til denne Gud som gjestar oss.


Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, vår Skapar, Frelsar og Livgjevar,
som var, er og vere skal, éin sann Gud frå æve og til æve.

Amen

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Emil Tan Engeset

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"