Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Difor stemmer Bård Vegar

- Den beste måten å påverke Kyrkjemøte på, er å delta i valet, seier kyrkjeval-ambassadør og SV-nestleiar Bård Vegar Solhjell.

- Kva betyr kyrkja for deg?
- Eg er medlem av Den norske kyrkja fordi eg kjenner meg kulturelt knytta til kyrkja, ho har vore ein del av livet mitt, eg er døypt og konfirmert og vigd der. Så kyrkja er ein viktig arena for ritualer og ting som har betydd mykje for meg. Mitt forhold til tru er personleg, og eg er oppteken av ikkje å blande det med mi rolle som politikar.

- Kvifor skal du stemme ved Kyrkjevalet 2015?
- Eg pleier å stemme ved kyrkjevalet. Eg er oppteken av at Den norske kyrkja skal vere ei folkekyrkje med brei deltaking, og då er det viktig å delta sjølv i valet. Eg vil også oppfordre andre til å stemme, og fordi eg tykkjer kyrkja skal vere ein stad for oss medlemmane, meiner eg det er viktig at vi er med og påverkar utviklinga gjennom val.

- Kva sak meiner du er viktigast i kyrkjevalet?
- I dette valet meiner eg den viktigaste saka er å opne for likekjønna ekteskap i kyrkja. Det har skjedd ei stor endring i samfunnet og blant oss i dette spørsmålet, og det blir ikkje reflektert i Kyrkjemøtet. Dette er først og fremst mi meining, men eg trur dei fleste i Den norske kyrkja meiner det same. Og den beste måten å påverke Kyrkjemøtet på, er å delta i valet.

Kontaktinformasjon for Kirkerådet

Postboks 799 Sentrum, 0106 Oslo
Tlf.: 23 08 12 00
E-post: post.kirkeradet@kirken.no
Web: kirkevalget.no

Kontakt seniorrådgiver Anders Backer-Grøndahl Eide
E-post: ae346@kirken.no
Tlf 23 08 12 57 / 40 40 44 28

Kontakt rådgiver kirkevalg
Margit Aas Onstein
E-post: mo244@kirken.no
Tlf 23 08 12 00 (sentralbordet)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"