Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Viktige meldingar om førehandsstemming

Førehandsstemminga tok til 10. august. Her er nokre viktige meldingar til dei som organiserer valet lokalt.

Manntal og korleis søke opp personar

Hugs at ved utlegging av manntal til offentleg ettersyn (jf. kirkevalgreglene § 2-11) skal personar berre få sjå informasjonen om seg sjølv (eller den ein har fullmakt frå). Utskrifter av manntalet skal IKKJE ligge opent tilgjengeleg. Dette er sensitive personopplysningar.

Avkryssingsmanntal til bruk på valdagen skal skrivast ut så nært opp til valdagen som mogleg. Helst fredag 6. eller laurdag 7. september. Det vil skje rettingar og oppdateringar i manntalet heilt fram til dette. Det skal ikkje kryssast i manntalet under førehandsstemminga.

Når det kjem veljarar som er usikre på kva sokn dei tilhøyrer bør ein søke dei opp i valmanntalet, ikkje i medlemsregisteret. Ein finn manntalssøk ved å klikke på "Kirkevalg" og så "Valgmanntall". Det er ikkje alltid samsvar mellom soknet registrert i medlemsregisteret og soknet registrert i valmanntalet. Grunnar til dette er mellom anna grenseendringar som skjer 1.1.2020, men som skal gjelde ved valet, og at folk kan ha flytta etter skjæringsdatoen 30. juni (dei skal då stemme der dei budde før).

Hugs å lime igjen omslagskonvoluttane

Når ein tar imot førehandsstemmer er det viktig at omslagskonvolutten blir limt igjen. Dersom det ikkje blir gjort skal stemmegivinga bli forkasta når valstyret går gjennom og handsamar stemmegivingane.

Informasjon om tid og stad

Tid og stad for førehandsstemming og valting er no publisert på kyrkjevalet.no. Det er ikkje alle sokn som har lagt inn informasjon om førehandsstemming i valmodulen. Alle tidspunkt for førehandsstemming skal registrerast i valmodulen så veljarane kan kan finne informasjon om dette. Sjekk om noko manglar for ditt sokn ved å søke opp soknet på denne sida: https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/slik-styres-kirken/kirkevalget/valglister-og-kandidater-til-kirkevalget/. I valmodulen kan ein etterregistrere tidspunkt for førehandsstemming. Dette vil dukke opp på kyrkjevalet.no innan 24 timar.

Hugs at tid og stad for førehandsstemming og valting også skal kunngjerast lokalt innan 10. august.

Stemmesetlar

Alle fellesråd skal no ha fått tilsendt stemmesetlar til val av leke til bispedømeråd og Kyrkjemøtet. Det er viktig å sjekke at de har fått stemmesetlar for alle lister som stiller i bispedømet (to eller tre lister) og i tillegg blanke stemmesetlar. Ta kontakt med Margit Aas Onstein, mo244@kirken.no dersom noko manglar.

Stemmesetlar til val av sokneråd trykker de opp lokalt. Det skal trykkast setlar både for lista(listene) som stiller til val og blanke stemmesetlar.

Meir om stemmesetlar.

Rettleiing

Les om førehandsstemming i rettleiing 7.2.1, 7.7.3 og 7.7.4 (https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/slik-styres-kirken/kirkevalget/for-medarbeidere/veiledninger/) og sjå film som viser korleis ein går fram ved førehandsstemminga her: https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/slik-styres-kirken/kirkevalget/for-medarbeidere/opplaring/

Plakatar og materiell

Plakatar til vallokale kan lastast ned her: https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/slik-styres-kirken/kirkevalget/for-medarbeidere/innredning%20og%20plakater%20til%20valglokalet/

Liste over mottekne førehandsstemmer

Hugs å føre liste over mottekne førehandsstemmer! Det er utarbeida to skjema for dette som ligg på skjemasida: Skjema 7.7.3 Liste over mottatte forhåndsstemmer - eget sokn og Skjema 7.7.4 Liste over mottatte forhåndsstemmer - videresending til andre sokn.

Kontaktinformasjon for Kirkerådet

Postboks 799 Sentrum, 0106 Oslo
Tlf.: 23 08 12 00
E-post: post.kirkeradet@kirken.no
Web: kirkevalget.no

Kontakt seniorrådgiver Anders Backer-Grøndahl Eide
E-post: ae346@kirken.no
Tlf 23 08 12 57 / 40 40 44 28

Kontakt rådgiver kirkevalg
Margit Aas Onstein
E-post: mo244@kirken.no
Tlf 23 08 12 00 (sentralbordet)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"