9

KNUT NESSE STAVSETH

Stilling: Student Alder: 23 7633 FROSTA Kandidat ved Bispedømmerådsvalget i NIDAROS BISPEDØMME på Nominasjonskomiteens liste

Satsingsområder

  • Liturgien
  • Trusopplæringa
  • Kyrkjemusikken
  • Misjonen
  • Kyrkjeordninga

Spørsmål og svar

1
Jeg stiller til valg til bispedømmerådet og Kirkemøtet fordi:
Eg har arbeidd som vikarorganist i Den norske kyrkja i fleire år, og er veldig interessert i og engasjert i korleis kyrkja er organisert og blir drive.
Eg ønskjer at Den norske kyrkja skal vera ein åndeleg heim for truande i Noreg, derfor er det viktig at folk kjenner seg att slik at dei kan delta aktivt i gudstenestefeiringa. Dei må få kunnskap om den rike symbolikken som ligg i liturgien og kyrkjerommet. Ein bør også kunna kjenna seg att same kor i landet ein vel å gå til gudsteneste.
Eg vil arbeida for at forskjellige menneske i alle aldrar kan kjenna eigarskap til kyrkja og gudstenesta.
2
Den norske kirkes visjonsdokument «Mer himmel på jord» presenterer folkekirken som bekjennende, åpen, tjenende og misjonerende. Hvordan vil du arbeide for å virkeliggjøre dette?
Kyrkja må gje livsnær og relevant forkynning som viser korleis trua kan vera verksam i kvardagslivet. Kyrkjelydane må arbeida for at flest mogleg medlemmar får bruka nådegåvene sine til å gjera teneste i og for kyrkja.
Trusopplæringa må vera meiningsfull og engasjerande, og må ha som mål at born og ungdommar skal inkluderast i den gudstenestefeirande kyrkjelyden.
Kyrkja må halda fram med å gje støtte til misjon i utlandet, og ho må arbeida for å møta ufrelste menneske her i Noreg og invitera dei inn i eit kristent fellesskap.
3
Hva mener du om vigsel av og forbønn for likekjønnede par i Den norske kirke?
Eg meiner at kyrkja ikkje skal arrangera vigsler eller forbøn for likekjønna par. Menneske skal ikkje dømma folk for korleis dei vel å leva liva sine, men ein går for langt dersom kyrkja openlyst velsignar noko som Bibelen seier er synd.
Det er i alle tilfelle viktig at kyrkja viser tydeleg at alle menneske er like verdifulle og høgt elska uavhengig av kva dei har gjort eller korleis dei lever.
4
Endringene i forholdet mellom stat og kirke vil medføre en ny struktur og organisering av Den norske kirke (for eksempel finansiering, arbeidsgiveransvar m.m.). Hvilke muligheter og utfordringer ser du knyttet til dette?
Eg håpar at kyrkja kan få eit enklare og meir oversiktleg organisasjonskart, det bør til dømes bli berre ei arbeidsgjevarline for alle dei tilsette.
Kyrkja bør ikkje innføra medlemskontingent, ein bør heller prøva å engasjera fleire medlemmar til å gje tiend, men hovudfinansieringa bør dermed framleis koma frå statsbudsjettet.
Biskopane kan i framtida gjerne utnemnast av kyrkjerådet slik som no, men dei bør lytta godt til kva dei lokale kyrkjelydane meiner. Prestane kan utnemnast av bispedømmerådet med godkjenning frå det lokale soknerådet, sidan dei må vera retteleg kalla til den kyrkjelyden der dei skal gjera teneste.
5
Hvilke aktuelle samfunnsspørsmål bør bispedømmerådet og Kirkemøtet engasjere seg i?
Kyrkja bør uttala seg om aktuelle samfunnsspørsmål dersom ho ser at kristne verdiar blir utfordra og står på spel. Kyrkja skal arbeida for likeverd og rettferd i verda og vern om skaparverket, derfor bør ho uttala seg dersom noko av dette blir truga.
Det er viktig at kyrkja stiller opp for fattige og svake menneske som blir undertrykte, men samstundes bør ho vere forsiktig med å uttala seg om politiske spørsmål som ikkje direkte trugar kristne verdiar, slik at ho kan unngå å støyta frå seg medlemmar fordi dei har andre meiningar enn fleirtalet.

Arbeidserfaring / utdanning

1998 - 2008
Frosta skole

2008 - 2011
Ole Vig videregående skole - Musikk

2011 - 2012
Bibelskolen i Grimstad

2012 - 2016
NLA-Høgskolen Staffeldtsgate - Musikk, menighet og ledelse

Kirkelige verv

2010 - 2011
Ungdomstinget - Nidaros bispedømme

2013 - 2013
Ungdommens Kyrkjemøte

Offentlige og andre verv

2014 - 2015
Studentrådsmedlem - NLA - Høgskolen Staffeldtsgate

2014 - 2015
Styremedlem - Oslo Kristne Vaffelkor


Andre kandidater på samme liste

1
PER WINSNES Stilling: Seniorrådgiver Alder: 67 7020 TRONDHEIM
2
INGEBRIKT KVAM Stilling: Student Alder: 26 7392 RENNEBU
3
ANNE BERIT SKJERVE SÆTHER Stilling: Bonde Alder: 44 7125 VANVIKAN
4
JON ROAR BRUHOLT Stilling: Systemutvikler Alder: 44 7224 MELHUS
5
BIRGER MILIAN MYRAUNET Stilling: Selvst. næringsdriv. Alder: 66 7024 TRONDHEIM
6
KARIN ANNA ELISABET BERGSTRØM Stilling: Ungdomskontakt Alder: 61 7819 FOSSLANDSOSEN
7
JOSTEIN MARTIN LANDRØ Stilling: Pensjonist Alder: 72 7391 RENNEBU
8
HILDE HOV LAURITZEN Stilling: Konsulent Alder: 54 7014 TRONDHEIM
10
JOHN HALVOR BERG Stilling: Bonde Alder: 46 7670 INDERØY
11
ROLF TERJE PETTERSEN Stilling: Lærer Alder: 38 7624 EKNE
12
SISSEL MØRREAUNET Stilling: Høgskolelektor Alder: 60 7052 TRONDHEIM
13
ELINE BOLSTAD KUNZENDORF Stilling: Student Alder: 20 7562 HUNDHAMAREN
14
INGRID MESLO Stilling: Bonde Alder: 42 7392 RENNEBU
15
EGIL MAGNUS KJØLSØY Stilling: Pensjonist Alder: 68 7940 OTTERSØY
16
HANNA ASKJEMSHALTEN Stilling: Lærling Alder: 19 7100 RISSA
17
GRETE FOLDEN Stilling: Daglig leder Alder: 47 7730 BEITSTAD