10

ELIAS NIKOLAI ØYEHAUG OPSVIK

Stilling: Student Alder: 19 6150 ØRSTA Kandidat ved Bispedømerådsvalet i MØRE BISPEDØME på Lista til nominasjonskomiteen

Satsingsområde

  • Ungdom i kirken
  • Gudstjenesteliv
  • God og riktig inkludering av funksjonshemma i kirka
  • En åpen og inkluderende kirke
  • Økumenisk samarbeid

Spørsmål og svar

1. Om det kyrkjelege arbeidet. Kva er ‘hjartesakene’ i ditt kyrkelege engasjement? Visjonsdokumentet for Den norske kyrkja i Møre inviterer til engasjement gjennom gudstenesteliv, kyrkjemusikk og kultur, misjon, diakoni, undervisning. Prioriter tre av desse arbeidsområda og grunngjev kort kvifor: Gudstenesteliv, Kyrkjemusikk og kultur, Misjon, Diakoni, Undervisning. Alle desse sakene er viktige for meg, særleg når dei gjeld born og ungdom. Min aktivitet i kyrkja har handla mest om å ta del i å vere leiar i born og ungdoms miljø. Og eg tenker at kyrkja har ein stor mogligheit og eit ansvar for å skape arenaer for bor og unge. Der dei kan få utvikle seg på ein positiv måte, I trygge miljø med trygge leiarar, der det skjer trygg, men og open, formidling av trua. For å få dette til er alle dei nemnde sakane viktige 
2. Om kyrkja sitt samfunnsmessige engasjement. Bør kyrkja vere tilbakehalden eller offensiv i allmenne samfunnsspørsmål og aktuelle politiske tema? Gi eksempel på aktuelle område som kyrkja bør ha ei meining om.: Eg meiner at det er viktig at kyrkja er offensiv og utaler seg når det gjeld nemnde spørsmål og tema. Då kyrkja bygger seg sjølv på verdiar som medfører eit samfunnsansvar, er kyrkja ein viktig stemme i samfunnsdebbatten. Samtdig synest eg det er viktig at kyrkja ikkje ser på seg sjølv som ein representant av ei politisk retning, då kyrkja består av medlem med mange ulike meiningar og skal representere dette mangfoldet. Døme på viktige område eg meiner kyrkja burde engasjere seg i er: Klima, sosiale ulikskapar og krigshandlingar 
3. Om vigsel for likekjønna par Bør Kyrkjemøtet utarbeide ein eigen vigselsliturgi for likekjønna par? Grunngjev kort svaret ditt.: Om ein ikkje ser på det som ein moglegheit å viglse likekjønna par gjennom den vigselliturgien som finnast, meinar eg ein burde utarbeide ein eigen vigseliturgi for likekjønna par. Kyrkja må vere open og inkluderande for alle. Det å ikkje opne for at likekjønna kan vigslast i kyrkja, vil resultere i at mange kjenner at dei ikkje er velkomne i kyrkja. Ein særleg stor konsekvens av dette er at ungdom som er usikker på sin seksualitet kan føle forplikta til å vere hetrofile, og skjule sin seksualitet. Eller finner ut at dei er homofile og ikkje føler at kyrkja er der for dei. Eg ser ikkje noko godt etisk eller bibelsk grunnlag imot å la likekjønna gifte seg i kyrkja. 
4. Om framtidig organisering av kyrkja Tilhøvet mellom staten og kyrkja er under endring. Kva for tiltak og utfordringar ser du som følgje av dette? Aktuelle tema kan vere: 
• Endra soknestruktur – bør ein satse på store, robuste sokn eller nærleik? 
• Personalpolitikk 
• Einskapen i kyrkja 
• Lokal påverknad ved tilsettingar: 
Dette er noko eg treng å tenke meir på og lære meir om.
5. Eit ope spørsmål Er det nokre område som du meiner Møre bispedøme / Kyrkjemøtet bør prioritere i komande valperiode? Nemn nokre område og grunngjev kort kvifor.: Bispbedømmet bør alltid prioritere ungdom i kyrkja, då born og unge er framtida til kyrkja. Det er og viktig å fremmje eit godt økumenisk samarbeid, for eit større og betre felleskap.

Arbeidserfaring / utdanning

2011 - 2012
Støttekontakt

2012 - 2015
Student, Volda VGS

2014 - 2014
Miljøarbeidar

Kyrkjelege verv

2012 - 2014
Leder, Ungdomsrådet i Møre bispedømme

2013 - 2015
Leder, Målungdomen Søre Sunnmøre

2014 - 2015
Medlem, elevrådet


Andre kandidatar på same liste

1
ANN KRISTIN SØRVIK Stilling: Ordførar Alder: 58 6530 AVERØY
2
RAGNA SYNNØVE DAHL GRØNNEVET Stilling: Pensjonist Alder: 68 6006 ÅLESUND
3
FRODE RABBEVÅG Stilling: Dagleg leiar Alder: 56 6414 MOLDE
4
GEIR GRAV Stilling: Rektor Alder: 60 6320 ISFJORDEN
5
OLE MARTIN GREVSTAD Stilling: Personalsjef Alder: 45 6065 ULSTEINVIK
6
BERIT MOAN MØKKELGÅRD Stilling: Sjukepleiar Alder: 39 6658 RINDALSSKOGEN
7
ANETTE FREDLY Stilling: Student Alder: 22 6224 HUNDEIDVIK
8
SVEIN HARTVIG PETTERSSON Stilling: Rådgjevar Alder: 49 6411 MOLDE
9
RIKKE ELISABEETH GREVSTAD KOPPERSTAD Stilling: Lærar Alder: 55 6091 FOSNAVÅG
11
OLAV TERJE FLATAKER Stilling: Dagleg leiar Alder: 62 6421 MOLDE
12
CHRISTINA MARGARETE DUWE Stilling: Overlege Alder: 52 6019 ÅLESUND
13
HANS GUNNAR MØLLER Stilling: Electr. technician Alder: 37 6017 ÅLESUND
14
SYNNØVE DAGNY STENVÅGNES BERSÅS Stilling: Pensjonist Alder: 67 6300 ÅNDALSNES
15
IVAR HUSBY Stilling: Pensjonist Alder: 70 6694 FOLDFJORDEN
16
SOLVEIG MARGRETE LINGE STAKKESTAD Stilling: Pensjonist Alder: 71 6210 VALLDAL
17
EIVIND PETER NORDSTRAND Stilling: Student Alder: 22 6050 VALDERØYA
18
ANN MAGRITT HARSTAD Stilling: Lærar Alder: 59 6631 BATNFJORDSØRA