4

ANDREAS SKEIDSVOLL

Stilling: Student Alder: 23 5282 LONEVÅG Kandidat ved Bispedømerådsvalet i BJØRGVIN BISPEDØME på Lista til nominasjonskomiteen

Satsingsområde

  • Ungdom i kyrkja
  • Danna ein tydelegare profil for kyrkja
  • Styrka fellesskapet i kyrkjelydane
  • Gjere kyrkja meir open og demokratisk
  • Byggje kyrkja med Bibelen som fundament

Spørsmål og svar

1.Eg stiller til val til bispedømerådet og Kyrkjemøtet fordi:
Kyrkja vår står ovanfor store utfordringar i tida framover, og eg ønskjer å bidra med tankar og idear om korleis ein kan løysa desse utfordringane. Eg ønskjer å være ei ung røst i bispedømmerådet og på Kyrkjemøtet, og eg håper at mi erfaring frå fleire kristne ungdoms- og studentmiljø kan vera med på å gi eit nytt perspektiv på sakene som vert tatt opp i desse organa.

2.Den norske kyrkja sitt visjonsdokument (2015-2019) presenterer Den evangelisk-lutherske folkekyrkja som
• Vedkjennande
• Open
• Tenande
• Misjonerande
Korleis vil du arbeida for å verkeleggjera dette?
Eg ønskjer å arbeide for at kyrkja skal få ein tydelegare profil, der vi i større grad uttrykkjer at Bibelen er den høgste autoriteten i spørsmål om korleis ein kristen livsførsel utarter seg. Samstundes ønskjer eg å arbeide for at vi skal bli sett på som ei varm og imøtekommande kyrkje som er open for alle. Eg kjem til å utfordre til dialog om korleis vi kan tenkje nytt om fellesskapet i kyrkja. Kva kan vi gjera med gudstenesta, kyrkjelokala og aktivitetstilbodet i kyrkjene for å auka fellesskapskjensla blant dei som går i kyrkja? Eg trur at vi, ved å styrka fellesskapet i kyrkja, lettare vil få høve til å tene kvarandre. Eit imøtekommande og tenande fellesskap vil også gjera det tydelegare at kyrkjegjengarar utøver trua si, som kan virka misjonerande for folk som møter det.

3.Kva meiner du om vigsel av likekjønna par i Den norske kyrkja?
Eg meiner at det er vanskeleg å argumentera for at ekteskap mellom likekjønna vert velsigna i Bibelen. Bibelen er eintydig i skildringa av ekteskapet; som ein livsvarig union mellom mann og kvinne. Etter at Felles ekteskapslov vart innført i 2009 så samsvarer ikkje lenger den allmenne definisjonen av ekteskapet med skildringa i Bibelen.

Etter innføringa av den nye kyrkjeordninga i 2013 er vi blitt meir sjølvstendige enn vi har vore tidlegare. I dag står vi friare til å innrette oss etter Bibelen i staden for føringar frå samfunnet. Etter mi meining bør kyrkja no ta eit standpunkt om å berre velsigna ekteskap som samsvarer med den bibelske definisjonen. Samstundes bør vi respektere at samfunnet nyttar omgrepet ekteskap som ein samfunnsinstitusjon med ein breiare definisjon, utanfor kyrkja.


4.Tilhøvet mellom staten og kyrkja er i endring. Kva framtidsutsikter ser du for rekruttering , organisering og arbeidsgjevaransvar i kyrkja?
Eg trur at vi som kyrkje bør streve etter å ha ein flatare struktur i framtida. Staten legg ikkje lenger føringar for korleis kyrkja skal organiserast, og eg trur at vi framover bør streve etter å gi alle medlemmane så mykje makt til å avgjere i saker som mogleg. Eg meiner difor at kvart sokn bør få retten til å tilsetje prestar sjølv, så lenge tilsetjinga skjer i tråd med føringar som vert vedtatt på Kyrkjemøtet. Eg meiner at det først og fremst folkevalde representantar som skal ha makt til å avgjere saker på Kyrkjemøtet, medan utvalde prestar og tilsette skal ha tale- og nominasjonsrett. Dette er for å sikre ein demokratisk struktur i kyrkja. Kyrkjemøtet skal sjå til at midlar som skal brukast for å tilsetje prestar vert formidla til alle sokn etter behov.

5.Korleis vil du leggja til rette for at kyrkja kan halda saman trass i saker med stor usemje?
Vi i Den norske kyrkja har i dei siste åra brukt mykje tid og krefter på saker med stor usemje, og det er lite som tyder på at vi kjem til å bli heilt samde med det første. Eg trur det er viktig at vi lyfter blikket, og heller går saman i om saker som samlar oss. Korleis kan vi få folk, og spesielt ungdom, til å kjenna på eit sterkare eigarskap til kyrkja? Korleis kan vi i større grad ta vare på dei svakaste i samfunnet vårt, og korleis stiller vi oss til fattigdom, krig og klimaproblema som står framom oss? Korleis kan vi gjere kyrkja til ein stad der folk kjenner seg meir velkomne? Dette er alle utfordringar som eg trur vi kan stå saman for å møte. Eg trur vi tar eit stort steg i riktig retning om vi fokuserer på sakene som er til oppbygging i staden for dei som splitter oss.

Arbeidserfaring / utdanning

2008 - 2011
Framnes Kristne Vidaregåande Skule

2011 - 2012
Hedmarktoppen Folkehøgskule

2012 - 2013
Bildøy Bibelskole – T2

2012 - 2013
Kristent ungdomsarbeid i apologetisk perspektiv med praksis

2013 - 2015
UiB – Bachelorprogram i Nanoteknologi

Kyrkjelege verv

2012 - 2013
Eittåring i kyrkjesokna på Osterøy

2013 - 2015
Engasjement i Salem Ung

2013 - 2015
Medlem av Gjerstad Sokneråd

2013 - 2015
Styreverv og engasjement i Gospel Bergen

2013 - 2015
Styreverv og engasjement i Student-KRIK Bergen


Andre kandidatar på same liste

1
INGER HELENE THINGVOLD NORDEIDE Stilling: Sjølvst. næringsdr. Alder: 54 6810 FØRDE
2
NORA SÆTRE BAARTVEDT Stilling: Student Alder: 21 5709 VOSS
3
KARL JOHAN KIRKEBØ Stilling: Marknadsdirektør Alder: 65 5151 STRAUMSGREND
5
BERIT NØST DALE Stilling: Høgskolelektor Alder: 63 5918 FREKHAUG
6
MARIUS ØKLAND Stilling: Adm. leiar Alder: 29 5420 RUBBESTADNESET
7
LIV RØNNINGEN ÅGOTNES Stilling: TSP Group Manager Alder: 48 5363 ÅGOTNES
8
IDA LINDØE Stilling: Lektor ungdomsskule Alder: 48 5614 ÅLVIK
9
VEMUND ATLE ØIESTAD Stilling: Tannlege Alder: 67 6795 BLAKSÆTER
10
PER HILLEREN Stilling: Bonde Alder: 56 6856 SOGNDAL
11
INGE WILHELM ØKLAND Stilling: Barne- og ungd.arb. Alder: 27 5035 BERGEN
12
HILDEGUNN KALVENES Stilling: Pensj. helsesøster Alder: 68 5392 STOREBØ
13
BJØRN SANDVIK SØLSNÆS Stilling: Student Alder: 20 6863 LEIKANGER
14
KJELLFRID TORUNN MÆLAND Stilling: Førsteamanuensis Alder: 64 5414 STORD
15
GUNN RAGNHILD VÅRDAL HELGESEN Stilling: Sjølvst. næringsdr. Alder: 59 6740 SELJE
16
KJELL JARLE AADLAND Stilling: Rådgjevar Alder: 66 5209 OS
17
JOSTEIN BILDØY Stilling: Dagleg leiar Alder: 49 6810 FØRDE
EGIL MORLAND Stilling: Førsteamanuensis Alder: 65 5360 KOLLTVEIT
MARTE MALTERUD SEIP Stilling: Pensjonert lege Alder: 69 5783 EIDFJORD