9

VEMUND ATLE ØIESTAD

Stilling: Tannlege Alder: 67 6795 BLAKSÆTER Kandidat ved Bispedømerådsvalet i BJØRGVIN BISPEDØME på Lista til nominasjonskomiteen

Satsingsområde

  • Gudstenesta som det viktigaste møtepunkt for kyrkjelyden
  • Trusopplæring med tilbod også for vaksne
  • Sokna som grunneining og fellesråda sin økonomi
  • Diakonalt arbeid
  • Sikre at alle kyrkjelydar, råd/styre skal ha ein nær prest

Spørsmål og svar

1.Eg stiller til val til bispedømerådet og Kyrkjemøtet fordi: Eg er oppteken av utviklinga i kyrkja. Med bakgrunn eg har både frå sokneråd og fellesråd i 18 år, har eg ein god del kunnskap og erfaring som vil vere viktig å ta med seg i dei utfordringar kyrkja står overfor dei næraste åra.

2.Den norske kyrkja sitt visjonsdokument (2015-2019) presenterer Den evangelisk-lutherske folkekyrkja som
• Vedkjennande
• Open
• Tenande
• Misjonerande
Korleis vil du arbeida for å verkeleggjera dette?
Kyrkja må bli ferdig med konfliktsaker og konsentrere seg om å skape eit betre samtaleklima. Vi må vektlegge det som eigentleg samlar oss: At Jesus er Guds Ord til menneska! Vi må respektere kvarandre og dra lasset saman på tross av ulike meiningar. Eg vil alltid arbeide for at ingen i kyrkja skal kjenne seg utanfor.
Eg syns innhaldet i Bergpreika er eit godt grunnlag å bygge dei nemnde visjonane på.

3.Kva meiner du om vigsel av likekjønna par i Den norske kyrkja?
Primært meiner eg at kyrkja kan seie frå seg vigselretten som er ei borgarleg handling der presten opptrer etter fullmakt frå staten. Men ettersom fleirtalet truleg vil behalde vigselretten, så vil eg støtte vigsel av likekjønna par i Den norske kyrkja.

4.Tilhøvet mellom staten og kyrkja er i endring. Kva framtidsutsikter ser du for rekruttering , organisering og arbeidsgjevaransvar i kyrkja?
Dei neste fire åra blir ei utfordrande tid for kyrkja. Prosessen med lausriving frå staten vil halde fram og kommunereforma skaper nye fellesrådsgrenser. Dette krev svar på mange nye spørsmål. Vi må få ei arbeidsgjevarlinje i kyrkja slik at alle som arbeider i lag har same arbeidsgjevar. Det er ei uheldig rolleblanding at biskopane som har tilsynsansvar for prestane også står på arbeidsgjevarsida. Derfor må også arbeidsgjevaransvaret for prestane flyttast til fellesråda. Rekruttering til mellom anna presteutdanning og kvalifisert trusopplæring blir ei viktig oppgåve både på lokalt og sentralt plan.

5.Korleis vil du leggja til rette for at kyrkja kan halda saman trass i saker med stor usemje?
Demokratiet i kyrkja må utviklast vidare og det er viktig å arbeide for å auke deltakinga ved alle kyrkjeval, både til lokale og sentrale verv. Alle tillitsvalde i kyrkja må uavhengig av syn i einskildsaker respektere kvarandre og vere med på å skape eit godt samarbeidsklima. Limet i kyrkja består ikkje av eit sett rette meiningar og læresetningar, men det er kjærleiken frå ein Gud som elskar sine fiendar som held oss saman i trua på Kristus.

Arbeidserfaring / utdanning

1965 - 1968
Firda Gymnas

1969 - 1974
Odontologistudiet Universitetet i Bergen

Kyrkjelege verv

Leiar Nordfjord Prostiråd

1994 - 2001
Nestleiar Stryn Kyrkjelge Fellesråd

1994 - 2011
Medlem Nordsida sokneråd

2002 - 2011
Leiar Stryn Kyrkjelege Fellesråd

Offentlege og andre verv

2014 - 2015
Varamedlem Etisk Råd Den norske tannlegeforening


Andre kandidatar på same liste

1
INGER HELENE THINGVOLD NORDEIDE Stilling: Sjølvst. næringsdr. Alder: 54 6810 FØRDE
2
NORA SÆTRE BAARTVEDT Stilling: Student Alder: 21 5709 VOSS
3
KARL JOHAN KIRKEBØ Stilling: Marknadsdirektør Alder: 65 5151 STRAUMSGREND
4
ANDREAS SKEIDSVOLL Stilling: Student Alder: 23 5282 LONEVÅG
5
BERIT NØST DALE Stilling: Høgskolelektor Alder: 63 5918 FREKHAUG
6
MARIUS ØKLAND Stilling: Adm. leiar Alder: 29 5420 RUBBESTADNESET
7
LIV RØNNINGEN ÅGOTNES Stilling: TSP Group Manager Alder: 48 5363 ÅGOTNES
8
IDA LINDØE Stilling: Lektor ungdomsskule Alder: 48 5614 ÅLVIK
10
PER HILLEREN Stilling: Bonde Alder: 56 6856 SOGNDAL
11
INGE WILHELM ØKLAND Stilling: Barne- og ungd.arb. Alder: 27 5035 BERGEN
12
HILDEGUNN KALVENES Stilling: Pensj. helsesøster Alder: 68 5392 STOREBØ
13
BJØRN SANDVIK SØLSNÆS Stilling: Student Alder: 20 6863 LEIKANGER
14
KJELLFRID TORUNN MÆLAND Stilling: Førsteamanuensis Alder: 64 5414 STORD
15
GUNN RAGNHILD VÅRDAL HELGESEN Stilling: Sjølvst. næringsdr. Alder: 59 6740 SELJE
16
KJELL JARLE AADLAND Stilling: Rådgjevar Alder: 66 5209 OS
17
JOSTEIN BILDØY Stilling: Dagleg leiar Alder: 49 6810 FØRDE
EGIL MORLAND Stilling: Førsteamanuensis Alder: 65 5360 KOLLTVEIT
MARTE MALTERUD SEIP Stilling: Pensjonert lege Alder: 69 5783 EIDFJORD