1

THERESE KRISTIN BØRNES UTGÅRD

Stilling: Lege Alder: 36 6230 SYKKYLVEN Kandidat ved Bispedømerådsvalet i MØRE BISPEDØME på Åpen folkekirke

Satsingsområde

  • Ei åpen og ærleg folkekirke
  • Likekjønna vigselsliturgi
  • Styrke kirkedemokratiet
  • Øke tilrettelegging for funksjonshemma
  • Tale dei svakeste gruppene si sak

Spørsmål og svar

1. Om det kyrkjelege arbeidet. Kva er ‘hjartesakene’ i ditt kyrkelege engasjement? Visjonsdokumentet for Den norske kyrkja i Møre inviterer til engasjement gjennom gudstenesteliv, kyrkjemusikk og kultur, misjon, diakoni, undervisning. Prioriter tre av desse arbeidsområda og grunngjev kort kvifor: Gudstenesteliv, Diakoni, Undervisning.  Eg brenn for ei åpen og ærleg folkekirke. Kirka bør vere ein stad der alle kjenner seg velkomne slik dei er - og kan kome med sitt håp, si tru, sin tvil - og i glede og sorg. Mennesket bør kunne kome med heile seg, slik Gud ser og godtek oss som heile menneske. Dette inneber at Kirka bør vere tydlegare i å omfamne sårbare menneske, og grupper som tidlegare har vore utstøtte. Det betyr også at gudstjenestene og kirkelivet bør omfatte fleire aspekt ved livet – og spegle både undring, glede og sorg. Ein bør søke å tilrettelegge for alle aldersgrupper og livsfaser – slik at både born, ungdom, vaksne og eldre kjenner at dei har ein naturleg plass i Kirka. 
2. Om kyrkja sitt samfunnsmessige engasjement. Bør kyrkja vere tilbakehalden eller offensiv i allmenne samfunnsspørsmål og aktuelle politiske tema? Gi eksempel på aktuelle område som kyrkja bør ha ei meining om.: Den norske kirka har ein heilt spesiell plass i norsk tradisjon og i folk sine hjarte. Kirka har difor har ein unik moglegheit til å vere ein sentral premissleverandør i samfunnsdebatten. Kirka bør løfte og uttalte seg om viktige spørsmål i tida. Eg meiner at Kirka har eit ansvar for å vere ei motvekt til det perfeksjonistiske, kapitalistiske og individualistiske som ein støyter på i dagens samfunn. Kirka bør løfte Jesu' sine ideal og prøve å påverke – om enn ikkje å detaljstyre. Dette kan innebere at Kirka uttaler seg om asyl- og flyktningepolitikken, om tilbod til funksjonshemma og uansett alltid taler dei svakaste si sak.  
3. Om vigsel for likekjønna par. Bør Kyrkjemøtet utarbeide ein eigen vigselsliturgi for likekjønna par? Grunngjev kort svaret ditt.: Kirkemøtet bør utarbeide eigen vigselsliturgi for likekjønna par. Det er eit gode å kunne leve i eit forplikande samliv og ha samfunnets og Kirka si velsigning over det. Alle menneske må bli møtt med respekt for den dei er. Kirka bør ikkje lenger benytte seg av sin rett til å diskriminere menneske på grunn av legning eller samlivsform. Menneske i likekjønna samliv bør ha same rettane til å arbeide og gifte seg i Kirka som alle andre. Vi bør arbeide for at fleire får oppleve det gode fellesskap og det glade bodskapet i Kirka, og ikkje stenge dørene for nokon. Kirka bør følge Jesu' eksempel om at alle menneske er likeverdige.  
4. Om framtidig organisering av kyrkja. Tilhøvet mellom staten og kyrkja er under endring. Kva for tiltak og utfordringar ser du som følgje av dette? Aktuelle tema kan vere:
• Endra soknestruktur – bør ein satse på store, robuste sokn eller nærleik?
Kirka står foran mange forandringar og ikke minst gjeld dette forhaldet mellom stat og kirke. Kirka er svært viktig for mange, og det er difor essensielt at endringar skjer i forståing og respekt for dei som bruker og treng Kirka. Målet må uansett vere ei kirke der folket kjenner seg heime, også i framtida. Når det gjeld organiseringa av sokn og andre kirke-strukturar, vil det kanskje ikke vere èin måte å organisere dette på som er god for alle høve – her må ein tilpasse det etter lokale forhald, og det er viktig at medlemmane i kirka får seie si meining og blir høyrt i denne prosessen.  
5. Eit ope spørsmål. Er det nokre område som du meiner Møre bispedøme / Kyrkjemøtet bør prioritere i komande valperiode? Nemn nokre område og grunngjev kort kvifor.: Eg meiner Kirka bør legge til rette for likekjønna vigsel. Ein bør fremje ein god uenighets-kultur i Kirka, der ein møter andre sine meiningar med forståing og respekt. Ein bør tilate fleire ulike syn innad i Kirka. I staden for å sjå på dette som potensielt splittande, bør ein heller vere glad for at Kirka engasjerer og(heldigvis!) fortsatt er viktig i så mange folk sine liv. Ein bør også arbeide for å styrke demokratiet i Kirka. Makta og avgjerslene bør vere forankra i medlemmane, der dåpen er medlemskriteriet.

Arbeidserfaring / utdanning

2006 -
Lege

2012 -
Master folkehelsearbeid

Kyrkjelege verv

2012 -
Søndagsskulelærer

2014 - 2015
Styremedlem i Sykkylven Gospelkor

Offentlege og andre verv

2015 -
Styremedlem, Sykkylven arbeiderparti


Andre kandidatar på same liste

2
OLAV MYKLEBUST Stilling: Lokalhistorikar Alder: 46 6082 GURSKEN
3
MAREN ELGSAAS JENSSEN Stilling: Student Alder: 20 6518 KRISTIANSUND N
4
MARGARET SIVERTSEN MØRK Stilling: Rektor Alder: 63 6419 MOLDE
5
ARE KNEPPEN VERAAS Stilling: Servicekonsulent Alder: 43 6508 KRISTIANSUND N
6
HILDE VATNE LANDE Stilling: Student Alder: 24 6012 ÅLESUND
7
HENRY STÅLE FARSTAD Stilling: Salssjef Alder: 61 6444 FARSTAD
8
JON INGE J LERVÅG Stilling: Pensjonist Alder: 68 6020 ÅLESUND
9
ODD ARVE ORTEN Stilling: Snikkar Alder: 56 6486 ORTEN
10
LARS POLDEN Stilling: Pensjonist Alder: 66 6650 SURNADAL
11
TRINE LISE AUFLEM VIK Stilling: Student Alder: 23 6082 GURSKEN
12
ERIK KURSETGJERDE Stilling: Student Alder: 22 6224 HUNDEIDVIK
13
SVERRE STEINNES Stilling: Sivilingeniør Alder: 53 6524 FREI
14
MAGNAR HJERTENÆS Stilling: Førstelektor Alder: 53 6155 ØRSTA
15
HILDE MARI LINAKER Stilling: Sjølvst. næringsdr. Alder: 55 6016 ÅLESUND
16
MAY BENTE ANITA JØNSSON Stilling: Student Alder: 26 6600 SUNNDALSØRA
17
MARIANNE HERMANN BREKKEN Stilling: Student Alder: 27 6440 ELNESVÅGEN
18
ARILD SOLBAKKEN HEVRØY Stilling: Anestesisjukepleiar Alder: 40 6013 ÅLESUND