4

SVEIN HELGESEN

Stilling: Pensjonist/konsulent Alder: 67 4158 BRU Kandidat ved Bispedømerådsvalet i STAVANGER BISPEDØMME på Lista til nominasjonskomiteen

Satsingsområde

  • Trusopplæring
  • Kyrkjelydsutvikling
  • Rekruttering
  • Pilegrimsarbeid
  • Frivillig teneste

Spørsmål og svar

1. Kvifor vil du vera med i bispedømmerådet og Kyrkjemøtet, og kva er dine hjartesaker?
Eg har stor tru på folkekyrkja og ønskjer å vera med på å gjera den endå meir synleg og viktig for folk flest og i samfunnet. Ikkje minst gjennom rolla som trusopplæringsmentor erfarer eg at kyrkja betyr mykje for langt fleire enn den trufaste kjernekyrkjelyden. Det gir håp om utvikling. Eg ønskjer å vera med på å oppfylla kyrkja sin nye og inspirerande visjon: «Meir himmel på jord».

Erfaring frå arbeidet i rådet har motivert meg til å vera med også ein ny periode. Eg vil representera kontinuitet og trur at min allsidige bakgrunn frå yrke og samfunn kan tilføra rådet og kyrkjemøtet noko positivt.

Eg er særleg opptatt av trusopplæring, kyrkjelydsutvikling og pilegrimsarbeid.

2. Kva er det spesielt viktig for kyrkja å formidla til menneske i dag?
Kyrkja sitt oppdrag er til alle tider, i ord og handling, å formidla evangeliet vidare til nye generasjonar i eit språk og på måtar som blir forstått.  Utfordringa er å få folk til å tru og erfara at Gud også i dag er til stades i verda. Fortellingane om Jesus viser oss framfor alt kven og korleis Gud er. I ei tid prega av mykje uro, frykt og forvirring treng vi meir enn nokonsinne kjernen i evangeliet, bodskapen om ein nådig og kjærleg Gud som ser og bryr seg om kvart enkelt menenske og som kan gi oss framtidstru, håp og livsmot.

3. Korleis stiller du deg til kyrkjeleg vigsel eller forbøn for par av same kjønn?
Kyrkja si største utfordring i denne saka er å arbeida seg fram til endå større respekt og gjensidig forståing for at det er og fortsatt vil vera to forskjellige syn på dette spørsmålet. Sjølv vil eg gjerne bidra til brubygging, slik at vi kan styrkja samarbeidet om det viktigaste og stå skulder ved skulder trass i ulike syn i enkeltsaker.

Eg har personleg brukt mykje tid på å lesa og lytta til ulike argument rundt dette spørsmålet. Det har gradvis modnast fram i meg ei overtyding om at kyrkja si dør må vera open for alle som kjem med eit ekte ønske om å få oppleva Guds himmel og velsigning over kjærleiken sin. Eg vil derfor arbeida for at det skal utarbeidast ein liturgi for forpliktande samliv mellom likekjønna. Korleis den skal sjå ut, har eg per i dag ikkje noko klar meining om.

4. Forholdet mellom staten og kirken blir endra. Kva moglegheiter og utfordringar ser du som følgje av dette?
Arbeidet med å frigjera kyrkja frå staten er krevjande av fleire grunnar, - mellom anna økonomi, styringsordningar og rekruttering av tilsette. Eg ønskjer fortsatt at kyrkje og stat skal ha tett kontakt og godt samarbeid og vil at staten også i framtida skal ta eit særleg ansvar for å sikra folkekyrkja sin posisjon i folk og samfunn.


Det er positivt og rett at kyrkja blir herre i eige hus og får full fridom til å bestemma over si eiga utvikling. Det kyrkjelege demokratiet blir ei av dei største utfordringane i denne prosessen. Dersom vi ikkje greier å engasjera breitt og motivera medlemmene til å delta i dei kyrkjelege vala, blir det over tid vanskeleg å forsvara kyrkja som ei open og brei folkekyrkje.

5. Kva samfunnsspørsmål bør kyrkja engasjera seg i?
Utgangspunktet for kyrkja skal alltid vera Bibelen sitt menneskesyn: Alle menneske er skapte av Gud og har ein unik verdi. Kyrkja har derfor gjennom ord og praktisk handling plikt til å engasjera seg i alle samfunnsspørsmål der menneskeverdet er trua. 

Eg vil arbeida for ei kyrkje som både på heimebane og globalt:

- står opp for fattige og forfølgde
- kjempar for fred og meir rettvis fordeling av ressursane på jorda
- talar tydeleg om forvaltaransvar i møte med klima- og miljøutfordringane
- står opp for retten til liv og kjempar mot sorteringssamfunnet

Arbeidserfaring / utdanning

1969 - 1978
Almennlærar- og lektorutdanning

1972 - 1987
Lærar grunnskule og høgskulelektor lærarutdanning

2000 - 2002
Seniorforskar IRIS

2002 - 2007
Utdanningsdirektør i Rogaland

2008 - 2014
Seniorrådgjevar organisasjon og leiing, diverse kommuna

Kyrkjelege verv

1986 - 1988
Styremedlem IKO

2000 - 2003
Styreleiar Kristent Pedagogisk Forum

2004 - 2010
Styreleiar Menighetsfakultetet

2011 - 2015
1. vararepr. Stavanger bispedømmeråd

2012 - 2016
Mentor trusopplæring IKO (Stvgr., Suldal, Sauda)

Offentlege og andre verv

1988 - 1995
Ordførar i Rennesøy kommune

1988 - 2003
Styremedl./nestleiar Høgskolen i Stavanger

1993 - 2001
Vararepr. Stortinger (KrF)

1995 - 1997
Fylkesvaraordførar i Rogaland

1997 - 2000
Statssekretær KUF


Andre kandidatar på same liste

1
GYRID ESPELAND Stilling: Seksjonssjef Alder: 62 4374 EGERSUND
2
LEIF CHRISTIAN ANDERSEN Stilling: Sjukepleiar Alder: 30 4020 STAVANGER
3
MARIE KLAKEGG GRASTVEIT Stilling: Reknesk.medarbeidar Alder: 30 4355 KVERNALAND
5
SOFIE BRAUT Stilling: Kulturformidlar Alder: 38 4346 BRYNE
6
ARNE JON MYSKJA Stilling: IT-rådgjevar Alder: 63 5560 NEDSTRAND
7
SARA LOUISE IGELKJØN EMMERHOFF Stilling: Student Alder: 20 5515 HAUGESUND
8
TORHILD NØDLAND Stilling: Sosiallærar Alder: 53 4325 SANDNES
9
ASLAUG LOUISE KONGSHAVN Stilling: Lektor Alder: 28 4250 KOPERVIK
10
LAILA MARIE STEINSVIK Stilling: Helsesøster Alder: 64 4100 JØRPELAND
11
EIVIND SANDVOLD PETTERSEN Stilling: Økonom Alder: 32 4027 STAVANGER
12
HJALMAR JORALF ARNØ Stilling: Seniorrådgjevar Alder: 50 4311 HOMMERSÅK
13
JOSTEIN ÅDNA Stilling: Professor Alder: 60 4023 STAVANGER
14
KJETIL ESPELAND Stilling: Student Alder: 22 4365 NÆRBØ
15
ASTRID VAN ZIJP Stilling: Pensjonist Alder: 65 4230 SAND
16
ROLF MAGNE HAUKALID Stilling: Bonde/veterinær Alder: 36 4110 FORSAND
17
SVEIN MAGNUS MUNKEJORD Stilling: Seniorrådgjevar Alder: 67 4250 KOPERVIK
18
RUBEN FRIESTAD BERGSETH Stilling: Distriktsmedarbeidar Alder: 21 4353 KLEPP STASJON