ARNE JON MYSKJA
Stilling: IT-rådgjevar Alder: 63 5560 NEDSTRAND Kandidat ved Bispedømerådsvalet i STAVANGER BISPEDØMME på Lista til nominasjonskomiteenSatsingsområde
- Kommunikasjon/forkynning
- Musikken som formidlar
- Engasjement og inspirasjon
- Gustenesta er vår møteplass
Spørsmål og svar
1. Kvifor vil du vera med i bispedømmerådet og Kyrkjemøtet, og kva er dine hjartesaker? Eg trur at eg har viktige erfaringar som gjer at eg kan bidra i dei viktige samtalane og prosessane som kyrkja er inne i. Eg har kjennskap til ulike kyrkjelege organisasjonar gjennom oppvekst på Sunnmøre, arbeid i KFUK/M i Agder og på landsplan, 30 år i Rogaland og til saman tre år i USA. Gjennom arbeidet med sang og musikk, har eg fått sjå dei fantastiske rammene det kan skape for engasjement og fellesskap. Salme-maratonen viste kor brei appell den kyrkjelege salmeskatten har. Likevel treng vi ei bevisstgjering i kyrkja på bruken av song og musikk i kyrkjelyden. I forlenging av dette, er eg også opptatt av korleis vi kommuniserer som kyrkje og som aktive kristne. Vi står overfor nye utfordringar i eit samfunn der kristendommen sin posisjon stadig blir utfordra. Eg meiner vi må arbeide med å fornye forkynninga, og hjelpe oss kristne til å snakke ærleg og sant om livet og trua. 2. Kva er det spesielt viktig for kyrkja å formidla til menneske i dag? Gud krev ikkje at vi er perfekte, men let oss få starte på nytt når vi feilar. Kyrkja er eit fellesskap av menneske som har Jesus som meister og frelsar, ikkje av dei som har sitt på det tørre og som meiner det same om det meste. 3. Korleis stiller du deg til kyrkjeleg vigsel eller forbøn for par av same kjønn? Eg ser at dette er eit vanskeleg spørsmål for mange, men eg har tillit til lærevedtaket i bispekollegiet. Det er også viktig for oss som kyrkje at vi ser dei problema som haldningar og praksis i kristne samanhengar har skapt for menneske og medkristne som er fødd med ei homofil legning. Dette må vere eit viktig omsyn når ny praksis skal leggjast. Samstundes krev denne saka respekt for dei som ser annleis på spørsmålet, og kyrkja må finne måtar som gjere at prestar med ulike haldningar kan halde fram i tenesta med frimod. Det kan skje ved å skilje kyrkja si forbøn frå den statlege oppgåva å vie. 4. Forholdet mellom staten og kyrkja blir endra. Kva mogelegheiter og utfordringar ser du som fylgje av dette. Utfordringa blir å behalde den breie forankringa som dei fleste i dag har til lokalkyrkja si, spesielt fordi ein ny kyrkjestruktur kan føre til at kyrkja blir splitta. I mindre lokalsamfunn kan det føre til ei kyrkje som betyr mindre for folk flest, dermed vil det vere vanskelegare å nå fram med kyrkja sin bodskap og kyrkja sine tilbod. Samtidig trur eg vi ikkje må vere redde for denne utfordringa. Engasjement og ansvarliggjering kan føre til fornying og skape nytt liv i kyrkjelydane. Eg har stor tillit til at Kyrkja sin Herre og Meister, også i denne sake, vil leie kyrkja si framover. 5. Kva samfunnsspørmål bør kyrkja engasjera seg i? Kyrkja må engasjere seg i etiske spørsmål, både når deg gjeld korleis vi behandlar enkeltmenneske og skaparverket. Det er likevel viktig at dette engasjementet skjer med respekt for at andre (også innanfor kyrkja) kan dra ulike konklusjonar som svar på det same engasjementet. Det er også viktig å balansere kyrkja sitt politiske engasjement, vi må alle vere bevisste på at vi ser stykkevis og blir påverka av eigne haldningar og politiske grunnsyn. Vi må passe på at kyrkja sitt etiske engasjement er i balanse med vårt frelsesoppdrag.
Arbeidserfaring / utdanning
1973 - 1976
Lærarutdanning ved Volda Lærarskule
1976 - 1982
Sekretær/Ten Sing sekretær i Norges KFUK/M
1982 - 1987
Lærar
1988 -
Stillingar innanfor IT-leiing, Norge, Sverige og USA
Kyrkjelege verv
1982 -
Har vore aktiv med kor-, barne- og ungdomsarbeid
1998 - 2001
Nedstrand sokneråd, formann
Offentlege og andre verv
2007 -
Formann/sekretær i Nedstrand Båtforening
2008 - 2012
Kontrollutvalet i Tysvær Kommune