8

TORHILD NØDLAND

Stilling: Sosiallærar Alder: 53 4325 SANDNES Kandidat ved Bispedømerådsvalet i STAVANGER BISPEDØMME på Lista til nominasjonskomiteen

Satsingsområde

  • God personalpolitikk
  • Dåp og Trosopplæring
  • Menighetsplanting
  • Folkekirkens muligheter
  • Tverrfaglig samarbeid

Spørsmål og svar

1. Kvifor vil du vera med i bispedømmerådet og Kyrkjemøtet, 
og kva er dine hjartesaker?
Eg ynskjer å vera med å leggja tilrette for at Kyrkja skal 
verkeleggjera dåpsbefalinga ..."læra alle å halda alt...". 
Eg tenkjer det er viktig med folk i BDR og KM som har høg 
grasrotkomptanse, erfaring frå både sokneråd og fellesråd og 
som tenkjer at folkekyrkje og disippelkyrkje er to omgrep som 
begge skildrar DNK!

Hjarte-saker: God personalpolitikk, engasjerte frivillige, kyrkja 
som viktig medspelar når det gjeld sosial infrastruktur i 
lokalsamfunn, levande kyrkjelyder med mangfald og 
inkludering som viktige kvalitetar.
 
2. Kva er det spesielt viktig for kyrkja å formidla til menneske i 
dag?
Håp og tru for notid og i all æve! Kyrkja gir både tilkobling og 
avkobling til ulike folk. Her er det plass for alle - i alle livsfasar! Livsnære fellesskap der ein kan få oppleva påfyll til både tru og tanke.....heilt uforpliktande og samstundes, dersom ein vil - få lov å bidra i meiningsfullt arbeid. 
        
 3. Korleis stiller du deg til kyrkjeleg vigsel eller forbøn for par av 
same kjønn?
Når det gjeld kyrkjeleg vigsel, meiner eg kyrkja må halde fast 
på kva Guds ord seier. Slik eg les Bibelen, er ekteskapet for mann og kvinne. Den som søkjer forbøn vil forhåpentligvis oppleva ansatte 
eller frivillige som bed med og for vedkomande uavhengig av kva legning ein har. Ei open og inkluderande kyrkje må møte alle menneske med respekt og frimodig forkynning av kva Bibelen seier til oss som lever våre liv i 2015. " Graset tørker bort, Blomen visnar, men ordet frå Gud står evig fast"(Jes.40,8).
                  
 4. Forholdet mellom staten og kirken blir endra. Kva 
moglegheiter og utfordringar ser du som følgje av dette? 
Eg ser flest moglegheiter! Den grunnlovfesta Folkekyrkja har 
ein god og viktig kulturarv som må førast vidare. Samstundes gir endringane høve til å utvikla andre samarbeidsformer mellom kyrkja og myndigheitene. Som majoritetskyrkjesamfunn har me og eit særskilt ansvar til å ta initiativ til dialogsamtalar med både andre kyrkjesamfunn, livssynssamfunn - og andre religionar som er representerte lokalt. Kyrkja er ein viktig verdi-aktør og pådrivar!
              
5. Kva samfunnsspørmål bør kyrkja engasjera seg i?
      * Miljøspørsmål 
      * Gode oppvekstvilkår og ordningar som møter barn, unge,
vaksne og eldre på ein måte som anerkjenner deira verd og aktørskap, tru og spiritualitet.
      * Aktiv livshjelp - og medverke til at diakonien kan levera 
gode tenester i samarbeid og i tillegg  til kommunen - frå "husmorvikar/omsorgsvikar i trengjande barnefamiliar til sjukevaktsordning

Arbeidserfaring / utdanning

1981 - 1982
Menighetsseminaret i Stavanger

1982 - 1983
Årseining i kristendom med religionsorientering

1983 - 1985
Pedagogikk

1985 - 1986
Årseining i musikk

1989 - 1991
Grunnfag sosialpedagogikk

Kyrkjelege verv

1992 - 1995
Medlem i barne- og ungdomsutvalg, Høyland menighet

1997 - 2006
Starta og dreiv Høyland familiekor

1997 - 2015
Leder av husfellesskap, Høyland/Bogafjell

1998 - 2008
Varamedlem i Høyland menighetsråd og medl Bogafjell MU

2008 - 2015
Soknerådsleder/nestl i Bogafjell, nestleder/leder Fellesråd

Offentlege og andre verv

1986 - 1994
Kommunepolitiker, Gjesdal og Sandnes

2010 - 2015
Medlem av samarbeidsutvalget på Aspervika skole

2012 - 2016
Landsrådsmedlem i KA


Andre kandidatar på same liste

1
GYRID ESPELAND Stilling: Seksjonssjef Alder: 62 4374 EGERSUND
2
LEIF CHRISTIAN ANDERSEN Stilling: Sjukepleiar Alder: 30 4020 STAVANGER
3
MARIE KLAKEGG GRASTVEIT Stilling: Reknesk.medarbeidar Alder: 30 4355 KVERNALAND
4
SVEIN HELGESEN Stilling: Pensjonist/konsulent Alder: 67 4158 BRU
5
SOFIE BRAUT Stilling: Kulturformidlar Alder: 38 4346 BRYNE
6
ARNE JON MYSKJA Stilling: IT-rådgjevar Alder: 63 5560 NEDSTRAND
7
SARA LOUISE IGELKJØN EMMERHOFF Stilling: Student Alder: 20 5515 HAUGESUND
9
ASLAUG LOUISE KONGSHAVN Stilling: Lektor Alder: 28 4250 KOPERVIK
10
LAILA MARIE STEINSVIK Stilling: Helsesøster Alder: 64 4100 JØRPELAND
11
EIVIND SANDVOLD PETTERSEN Stilling: Økonom Alder: 32 4027 STAVANGER
12
HJALMAR JORALF ARNØ Stilling: Seniorrådgjevar Alder: 50 4311 HOMMERSÅK
13
JOSTEIN ÅDNA Stilling: Professor Alder: 60 4023 STAVANGER
14
KJETIL ESPELAND Stilling: Student Alder: 22 4365 NÆRBØ
15
ASTRID VAN ZIJP Stilling: Pensjonist Alder: 65 4230 SAND
16
ROLF MAGNE HAUKALID Stilling: Bonde/veterinær Alder: 36 4110 FORSAND
17
SVEIN MAGNUS MUNKEJORD Stilling: Seniorrådgjevar Alder: 67 4250 KOPERVIK
18
RUBEN FRIESTAD BERGSETH Stilling: Distriktsmedarbeidar Alder: 21 4353 KLEPP STASJON