9

ASLAUG LOUISE KONGSHAVN

Stilling: Lektor Alder: 28 4250 KOPERVIK Kandidat ved Bispedømerådsvalet i STAVANGER BISPEDØMME på Lista til nominasjonskomiteen

Satsingsområde

  • Barn (trusopplæring)
  • Ungdomsarbeid og -utvikling
  • Kultur inn i kyrkja
  • Takhøgde og runde kantar
  • Likekjønna ekteskap

Spørsmål og svar

1. Kvifor vil du vera med i bispedømmerådet og Kyrkjemøtet, og kva er dine hjartesaker?
Eg vil vere ei røyst for unge vaksne. Eg ønskjer å ha ei inkluderande folkekyrkje som gjev rom for alle. Hjartesakene mine er barne- og ungdomsarbeid, kultur inn i kyrkja og likekjønna ekteskap.

2. Kva er det spesielt viktig for kyrkja å formidla til menneske i dag?
Verda rundt oss er prega av uro og konflikt. Gjennom trua, og i kyrkja, vil ein føle tryggleik og finne håp, fellesskap med andre, og moglegheit for å bidra til å gjere verda (både globalt og lokalt) til ein betre stad. Dessutan meiner eg at denne bodskapen er svært aktuell: Ta vare på skaparverket!

3. Korleis stiller du deg til kyrkjeleg vigsel eller forbøn for par av same kjønn?
Eg stiller meg svært positiv til vigsel av par av same kjøn. Ein lyt ikkje gjere forskjell på folk, kyrkja må ha rom for alle uansett legning. 

4. Forholdet mellom staten og kirken blir endra. Kva moglegheiter og utfordringar ser du som følgje av dette?
Økonomi vil bli ei stor utfordring, noko som gjer at ein må tenkje nytt når det gjeld til dømes dugnad. Vonlegvis vil dugnadsanden styrka. Kyrkja får høve til å styre meir sjølv, det er positivt fordi ein står friare. Samstundes må ikkje dei ulike sokna bli for ulike kvarandre, ein må ikkje miste den felles tråden for (stats)kyrkja.

5. Kva samfunnsspørmål bør kyrkja engasjera seg i?
Klimakampen
Likestilling
Flyktninghjelp
Bistand

Arbeidserfaring / utdanning

2006 - 2011
Integrert lektorutdanning med master i nordisk

Kyrkjelege verv

2011 - 2015
Soknrådet


Andre kandidatar på same liste

1
GYRID ESPELAND Stilling: Seksjonssjef Alder: 62 4374 EGERSUND
2
LEIF CHRISTIAN ANDERSEN Stilling: Sjukepleiar Alder: 30 4020 STAVANGER
3
MARIE KLAKEGG GRASTVEIT Stilling: Reknesk.medarbeidar Alder: 30 4355 KVERNALAND
4
SVEIN HELGESEN Stilling: Pensjonist/konsulent Alder: 67 4158 BRU
5
SOFIE BRAUT Stilling: Kulturformidlar Alder: 38 4346 BRYNE
6
ARNE JON MYSKJA Stilling: IT-rådgjevar Alder: 63 5560 NEDSTRAND
7
SARA LOUISE IGELKJØN EMMERHOFF Stilling: Student Alder: 20 5515 HAUGESUND
8
TORHILD NØDLAND Stilling: Sosiallærar Alder: 53 4325 SANDNES
10
LAILA MARIE STEINSVIK Stilling: Helsesøster Alder: 64 4100 JØRPELAND
11
EIVIND SANDVOLD PETTERSEN Stilling: Økonom Alder: 32 4027 STAVANGER
12
HJALMAR JORALF ARNØ Stilling: Seniorrådgjevar Alder: 50 4311 HOMMERSÅK
13
JOSTEIN ÅDNA Stilling: Professor Alder: 60 4023 STAVANGER
14
KJETIL ESPELAND Stilling: Student Alder: 22 4365 NÆRBØ
15
ASTRID VAN ZIJP Stilling: Pensjonist Alder: 65 4230 SAND
16
ROLF MAGNE HAUKALID Stilling: Bonde/veterinær Alder: 36 4110 FORSAND
17
SVEIN MAGNUS MUNKEJORD Stilling: Seniorrådgjevar Alder: 67 4250 KOPERVIK
18
RUBEN FRIESTAD BERGSETH Stilling: Distriktsmedarbeidar Alder: 21 4353 KLEPP STASJON