8

BIRGER BOLSTAD

Stilling: Lektor Alder: 62 3579 TORPO Kandidat ved Bispedømmerådsvalget i TUNSBERG BISPEDØMMERÅD på Nominasjonskomiteens liste

Spørsmål og svar

1.	Den norske kirkes visjonsdokument for 2015-19 presenterer vår kirke som bekjennende, åpen, tjenende og misjonerende. Hva er viktig for deg å jobber med?

Svar: At kyrkja skal vera kyrkje. For meg tyder det at kyrkja må vera open og tenande. Men trusopplæringa, det å bringa evangeliet og den kristne trua vidare til born og unge, må vera utgangspunktet for arbeidet.  

2.	Kirkemøtet 2014 var delt i synet på kirkelig vigsel av likekjønnede par. Hva er ditt standpunkt?
Svar: Me er alle skapte i Guds bilete, både mann og kvinne. Me menneske kan fyrst og fremst fatta det guddommelege gjennom kjærleiken, det største av alt. For å seia det med Paulus (Gal.3,28): «Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle ein i Kristus Jesus.» Eg seier difor ja til kyrkjeleg vigsel av likekjønna par, men kan også godta ein forbønsliturgi. Bibelen er autoritet på dei områda der den vitnar om og framhevar Jesus Kristus.

3.	Forholdet mellom staten og kirken er i endring. Hvilke muligheter og utfordringer ser du som følge av dette?

Svar: Det viktige er at kyrkja får vera kyrkje, som trussamfunn, på sine eigne premissar, utan statleg innblanding eller bindingar, og at utviklinga som folkekyrkje kan halda fram. Med den varsla forvaltingsreforma i 2017 vil skiljet mellom stat og kyrkje bli tydeleg og utfordrande.    

4.	Hva engasjerer deg i kirke og samfunn?

Svar: Eg har vore engasjert i kyrkjeleg, friviljug arbeid i ulike samanhengar i mange år. Eg meiner at kyrkja, som trussamfunn, er svært viktig som ei kulturell og tenande kraft, i Noreg og i verda elles. Derfor er engasjementet for verdas fattige og flyktningar så viktig. Derfor er det diakonale arbeidet, til dømes blant eldre og asylsøkjarar, så viktig.  Kyrkja må sjå alle som strevar. Kyrkja bind folk saman.  

5.	Hvorfor skal vi stemme på deg ved årets kirkevalg?

Svar: Eg er engasjert og oppteken av kyrkje og kristenliv. Eg ynskjer å gjera ein innsats for kyrkja vår. Med mine 62 år har eg opplevd mykje i livet, livsrøynsler som eg sjølvsagt vil ta med meg inn i det vidare arbeidet.

Arbeidserfaring / utdanning

Lektor i grunnskulen, Ullensvang og Nes

- 1983
Cand.philol.-/lektorutdanna frå Universitetet i Bergen

1986 - 1989
Journalist i avisa Fremtiden, Drammen

1990 -
Lektor v/ Gol vidaregåande skule

Kirkelige verv

Klokkar i Torpo

Medarbeidar i kyrkjelydsbladet for Nes og Flå

Medlem i Nes menighetsråd

Styremedlem for Familievernkontoret Hallingdal

2004 -
Styremedlem i Ål kyrkjeakademi sidan starten


Andre kandidater på samme liste

1
INGJERD BREIAN HEDBERG Stilling: Bønneleder Alder: 50 3157 BARKÅKER
2
STEINAR AANSTAD Stilling: Ingeniør Alder: 57 3647 HVITTINGFOSS
3
KARI MARTINE KOLBRÆK ASK Stilling: Ordfører Alder: 66 3350 PRESTFOSS
4
KJELL RUNE WIRGENES Stilling: Sykepleier Alder: 49 3274 LARVIK
5
THOMAS BRATSBERG Stilling: Ettåring Alder: 21 3070 SANDE I VESTFOLD
6
CATHE WIKSÉN FREILEM Stilling: Pensjonist Alder: 68 3045 DRAMMEN
7
ANNE KRISTIN MOEN FRIVOLD Stilling: Opplæringsleder/rådg Alder: 52 3530 RØYSE
9
SISSEL DREJER FESTØ Stilling: Enhetsleder Alder: 62 3470 SLEMMESTAD
10
LINE LAPPEGÅRD FURUSETH Stilling: Pedagogisk leder Alder: 47 3124 TØNSBERG
11
JAN KRISTIAN HVERVEN Stilling: Overingeniør/sanger Alder: 37 3044 DRAMMEN
12
ÅSE FREDRIKKE REE AADLAND Stilling: Lærer/journalist Alder: 31 3226 SANDEFJORD
13
ANNE HELENE MANGELRØD GJONE Stilling: Pensjonist Alder: 65 3282 KVELDE
14
ANDREAS NORNES Stilling: Student Alder: 22 3188 HORTEN
15
HANS FRIVOLD Stilling: Pensjonist Alder: 71 3440 RØYKEN
16
BENTE ENGEN ANDERSEN Stilling: Student Alder: 22 3262 LARVIK