Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Spørsmål og svar

Har du fått med deg at det er kyrkjeval i år? At du som er medlem kan vere med å påverke kyrkja der du bur, og at du kan vere med å bestemme kven som skal sitje i kyrkja sitt «storting»?

Les bokmålsversjon her

Kva er eit kyrkjeval?

I eit kyrkjeval kan alle medlemmar av kyrkja, frå det året dei fyller 15 år, vere med å bestemme kven som skal vere tillitsvalde i kyrkja lokalt, regionalt og nasjonalt.

Kvifor er alle medlemmane med å bestemme kven som skal styre kyrkja?

Kyrkja vår er demokratisk, og alle medlemmane kan vere med å forme kyrkja. Det er viktig at det ikkje berre er dei som aktivt går i kyrkja som er med å forme den, men alle! Alle som er døypte er like mykje verd som medlem av kyrkja, og kan vere med å påverke utviklinga i kyrkja.

Kva er skilnaden på kyrkja «lokalt, regionalt og nasjonalt»?

Når vi snakkar om kyrkja lokalt, er det kyrkja der du bur. Den regionale kyrkja er bispedømet du bur i. Det nasjonale nivået er Kyrkjemøtet. Det er om lag 1200 kyrkjelydar fordelt på elleve bispedøme i Noreg. I Kyrkjevalet stemmer du på representantar til både sokneråd og bispedømmeråd/Kyrkjemøtet.

Er valet eitt eller to val?

Kyrkjevalet er to val i eitt, ikkje så ulikt kommune- og fylkesvalet, der alle over 18 år kan stemme på politikarar til både kommunestyre og fylkesting. I Kyrkjevalet stemmer ein altså på kandidatar til sokneråd og kandidatar til bispedømeråd og Kyrkjemøtet. I alle bispedøme kan ein velje mellom fleire lister i val av bispedømeråd, medan i soknerådsvalet er det mest vanleg med ei liste. Ein må fylle 15 år i år for å få stemme, som er religiøs myndigalder i Noreg.

Kva er eit sokneråd?

Soknerådet bestemmer kva kyrkjelyden skal jobbe med. Rådet er involvert i utforming av gudstenester, konfirmantundervisning, tiltak for born, eldre, innvandrarar og andre. Soknerådet gjer ein verdifull innsats for kyrkja i lokalmiljøet og har mellom fire og ti medlemmar, i tillegg til varamedlemmar og sokneprest. 

Kva er eit bispedømeråd?

Bispedømerådet er dei som tilset prestar, og jobbar til det beste for kyrkja i bispedømet. I bispedømeråda sit det ti eller elleve medlemmer. Sju av desse er valde av kyrkjemedlemmene. I tillegg sit biskopen, ein prest valt og ein annan kyrkjeleg tilsett. I dei nordligaste fylka sit det også ein samisk representant og i Oslo sit det ein representant frå Døvekyrkja

Kva er Kyrkjemøtet?

Dei som vert vald inn i bispedømeråda utgjer Kyrkjemøtet, der medlemmane er med å påverke og bestemme viktige lover, uttalelsar og retningsval på nasjonalt nivå i kyrkja. Kyrkjemøtet vert ofte omtalt som kyrkja sitt «storting» og dei 116 medlemmane møtast årleg til eit vekelangt møte.

Kven skal eg stemme på?

I dei fleste kyrkjelydar er det berre ei liste ved val av sokneråd. Denne er sett saman av ein nominasjonskomité.

I dei fleste bispedøma kan du velje mellom kandidatar frå Bønnelista, Nominasjonskomiteens liste og Åpen folkekirke.

Korleis kan eg stemme?

Du kan levere stemmesetelen utan å gjere endringar, men du kan også gje tilleggsstemme ved å setje kryss ved kandidaten, eller du kan føre opp kandidatar frå andre lister. Les meir på denne sida.

Kva er skilnaden på listene i bispedømerådsvalet?

Listene har ulik profil, du kan besøke heimesidene til dei ulike listene for å verte betre kjent med kva kandidatane står for.  

Korleis veit eg at eg er medlem og kan stemme?

Dersom du er døypt og ikkje har meldt deg ut av kyrkja er du medlem. Du kan sjekke om du er medlem ved å gå inn på kyrkja.no/medlem. Der kan du også melde deg inn, om du er utmeld. Alle medlemmar i Den norske kyrkja som er busett i soknet har stemmerett. 30.juni er fristen for å melde flytting av sokn og bispedøme.

Når får eg valkort?

Valgkort og informasjonsbrosjyre sendast til alle som er fødd i 2004 eller tidegare som har stemmerett i starten av august. Valkortet og brosjyra gjev informasjon om når og kvar du kan stemme, og kva lister du kan stemme på. Tek du med valkortet når du skal stemme går det litt raskare, men det er ikkje eit krav.

Når er Kyrkjevalet?

Det er val kvart fjerde år, samtidig med kommunevalet. I år er valdagen måndag 9. september, og mange stader er det valdag søndag 8. september i tillegg. Det går an å førehandsstemme i perioden 10. august til 6. september. Du kan førehandsstemme kvar som helst i landet, berre hugs å ta med legitimasjon. Dersom du skal førehandsstemme i eit anna sokn enn der du bur må du gjere det seinast 2. september.

Kvar er valet?

Kyrkjevalet skal gå føre seg i lokale som ligg  «tett attmed» lokale til kommunevalet. Det er altså same tid og stad som kommunevalet. Det skal vere godt skilta, og lett å finne fram. Du får informasjon om tid og stad for valet i din stemmekrets på valkortet. 

Kan eg stemme frå utlandet?

Det er dessverre ikkje mogleg å stemme fra utlandet.

Kontaktinformasjon for Kirkerådet

Postboks 799 Sentrum, 0106 Oslo
Tlf.: 23 08 12 00
E-post: post.kirkeradet@kirken.no
Web: kirkevalget.no

Kontakt seniorrådgiver Anders Backer-Grøndahl Eide
E-post: ae346@kirken.no
Tlf 23 08 12 57 / 40 40 44 28

Kontakt rådgiver kirkevalg
Margit Aas Onstein
E-post: mo244@kirken.no
Tlf 23 08 12 00 (sentralbordet)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"