9
ANN KARIN THØRING
Stilling: Helsefagarbeidar. Fødselsår: 1966 Kandidat ved Menighetsrådsvalget i LESJA OG LESJASKOG SOKN på Nominasjonskomiteens listeYrke / utdanning
Helsefagarbeider
Satsningsområder
- Ope folkekyrkje for alle. Alle menneske må vera likeverdige,
- uansett bakgrunn og legning. Organisere skyss for for-
- flyttingshemma, eldre utan førarkort/bil, om det er ynskje
- om det. Bruke sosiale medier. Facebook er ein rask og
- effektiv måte å nå ut med info - i tillegg til kyrkjebladet
Utfyllende presentasjon
Eg går i kyrkja mest i dei familiære anledningane, og nokre gonger til julegudsteneste eller konsertar. Eg må bli kjent med oppgåvene, før eg kan seie noko om kva oppgåver eg ynskjer, men kan tenkje meg å delta med tilsyn av merkinga av Valldalsleden på ei gitt strekning. Familie betyr mest for meg. Eg er glad i friluftsliv, og går turar i skog og mark. Eg er glad i folk og dyr, alt som gror, og driv med handarbeid. Har hatt mitt arbeid i trygdebustadane på Lesjatun sidan 2009. Tidlegare var eg tilsett på Skoglund og Lesjaskog barnehage.