Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Forskrift om rekneskapsføring av pensjonsutgifter for Den norske kyrkja (rettssubjektet Den norske kyrkja) (9.5 )

Fastsett av Kulturdepartementet 4. oktober 2016 nr. 1167 med heimel i lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke (kirkeloven) § 25 fjerde leden.

§ 1. Den norske kyrkja skal ikkje balanseføre pensjonsplikter som er forsikra. Pensjonspremien skal reknast som pensjonskostnad.

§ 2. Pensjonspliktene skal gå fram av note til rekneskapen. Noten skal gje all relevant informasjon om grunnlaget og føresetnadene for pensjonspliktene og for endringar i desse, og basere seg på dei spesifikasjonskrava som følgjer av Norsk Rekneskapsstandard 6 om pensjonskostnader. Departementet kan stille nærare krav til rekneskapsinformasjonen.

§ 3. Forskrifta gjeld frå 1. januar 2017.