Materiell til den årlege bøneveka for kristen einhet er lagt til rette og publisert i fellesskap av Det pavelege råd til fremme av kristen einskap og Kommisjonen for tro og ordning i Kirkenes verdensråd.
I 2020 er temaet for Bøneveka henta frå «Dei var uvanleg hjelpsame mot oss»
(Sjå Apgj 28,2)
Materialet til Bøneveka for kristen einskap 2020 er førebudd av kristne kyrkjer i Malta.
Materialet for Bøneveka 2020 held fram at gjestfridom er ein dyd som trengst i stor mon når vi arbeider for kristen einskap. Det er ei haldning som oppmodar oss til å vera meir rause mot dei som er i naud. Folka som var uvanleg hjelpsame mot Paulus og dei andre frå skipbrotet, kjente enno ikkje Kristus. Likevel vart folk som var skilte frå kvarandre, bundne saman fordi nokre av dei var uvanleg hjelpsame. At vi som kristne er eitt, vil ikkje berre verta synleg ved at vi viser kvarandre gjestfridom. Sjølv om dette er viktig, trengst det og kjærleik i møte med dei som ikkje delar språket vårt, kulturen vår eller trua vår.
- Materialet til Bøneveka for kristen einskap finn du på nettsidane til Norges kristne råd.
- Sjå og presentasjonen av Bøneveka for kristen einskap på nettsidane til Kirkenes verdensråd
Foto: Håvard Bjelland