Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Åndeleg vegleiing

Åndeleg vegleiing vil gi hjelp til å bli betre kjent med Gud, og til å utvikle relasjonen til han.

Grunnlaget er trua på at Gud er nær, og vegleiinga er tenkt å vere ein stad kor vi kan få hjelp til å oppdage og sjå korleis Gud er til stades i livet vårt slik det er akkurat no.

Bjørgvin bispedøme har eit tilbod om åndeleg vegleiing til medarbeidarar i kyrkja og andre interesserte. Tilbodet har vore der i fleire år, det har vore organisert på ulike måtar, og framleis står tilbodet ved lag. Vi har prester og medarbeidarar, med viderautdanning i åndelig vegleiing som vil ta i mot dei som ynskjer å gå i åndeleg vegleiing.

«Den åndelige vegleiinga er ei hjelp til å oppdage Guds fotspor i kvardagen», seier Bård Haukedal som er personalprest i Bjørgvin bispedøme.

Kontakt Bjørgvin bispedøme sin personalprest om du vil vite meir om åndeleg vegleiing i Bjørgvin bispedøme.