Faktura til Bjørgvin bispedøme frå 1.januar 2017

Skal du senda ein faktura til Bjørgvin bispedøme, ynskjer vi at du brukar Elektronisk HandelsFormat (EHF).

Faktura skal stilast til: Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme. 
Vår elektroniske adresse er lik organisasjonsnummeret vårt.
Organisasjonsnr for Bjørgvin bispedøme frå 1.januar 2017: 818 066 872
(Alle einingar i Den norske kyrkja har same organisasjonsnr, og det er difor viktig at ei stilar fakturaen til Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme).

Dersom ein ikkje har høve til å sende EHF-faktura må fakturaen sendast som PDF-fil til e-post mb12908@xledger.net. 

Unntaksvis kan faktura sendast til:

Scanningsentralen Rjukan Næringspark, 3660 Rjukan.
Faktura skal alltid merkast med Prefiks for Bjørgvin: 270 og namn på kontaktperson.

Elektronisk faktura
Elektronisk faktura er ein faktura i eit strukturert dataformat som vert sendt elektronisk frå seljar til kjøpar og som kan importerast i kjøparen sitt økonomisystem og verte handsama maskinelt.

Den norske kyrkja med Bjørgvin bispedøme nyttar Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sin standard for elektronisk faktura. Standarden Elektronisk HandelsFormat (EHF) er ein ressurseffektiv og rask måte å sende og ta imot elektroniske faktura.
Vår elektroniske adresse er lik organisasjonsnummeret vårt.
Organisasjonsnr for Bjørgvin bispedøme frå 1.januar 2017: 818 066 872
 
Kva skal til for at di verksemd skal kunne sende EHF-faktura?
Som leverandør må du fyrst vurdere om du kan produsere elektroniske faktura på elektronisk handelsformat (EHF) frå bedrifta di sitt eige fakturasystem. Har du mange kundar i offentleg sektor er dette den mest effektive løysninga. Du kan og bruke ein nettbasert fakturaportal til å sende faktura i rett format dersom ditt eige fakturasystem ikkje har denne funksjonen.
Andre viktige føresetnadar når du ynskjer å produsere EHF-faktura i eige fakturasystem
Teknisk skildring og krav til innhald i datafila:
Avtale om formidling av elektronisk faktura
Dersom du ynskjer å produsere EHF-faktura i eige fakturasystem må du i tillegg inngå avtale med ein tenesteleverandør som formidlar elektroniske dokument. Nedanfor er lenke til informasjon om tenesteleverandører i Norge (frå Difi) som for tida leverer denne tenesta:

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30