Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Godkjenning av kyrkjebygg

Biskopen skal godkjenna alle endringar på kyrkjebygga. I tillegg har han ei viktig rolle i godkjenninga av nye kyrkjer.

Biskopen skal ha søknad frå kyrkjeleg fellesråd dersom eit kyrkjebygg skal byggjast om, anten det gjeld tilbygg, ny inngang med universell utforming, ei ny dør eller nye vindauge eller andre ting. Det same gjeld alle endringar inne i kyrkja, i tillegg til kyrkjetekstilar og kyrkjekunst (sjå link nede på sida til eigen artikkel om dette).

Vanleg vedlikehald krev ikkje søknad, med mindre ein til dømes malar kyrkja eller interiøret i ein annan farge eller til dømes vil erstatta ei gamal dør med ei ny.

60 meter
Biskopen skal også godkjenna all bygging (hus, vegar, gjerde osv.) nærare kyrkjebygget enn 60 m. Dette gjeld ikkje der kyrkja ligg i urbant, tettbygd strøk (som regel med andre hus tett innpå), men også i slike tilfelle skal biskopen ha melding på førehand for å vurdera om dette er tettbygd strøk eller ikkje. Sjå kyrkjelova § 21. 

Dersom søknaden gjeld ei freda kyrkje, skal endringar godkjennast både av biskopen og Riksantikvaren. For kyrkjer som står på Riksantikvaren si liste over verneverdige kyrkjer, skal biskopen rådføra seg med Riksantikvaren før han gjer vedtak. På nettsida kirkesok.no kan du finna alle kyrkjer i landet og kva vernestatus dei har.

Ny kyrkje
Dersom det skal byggjast ei ny kyrkje, er bispedømerådet høyringsinstans til kommunale areal- og reguleringsplanar. Der det er aktuelt med ny kyrkje, vil bispedømerådet vera i kontakt med Kulturdepartementet for å sikra at tomta vil vera god nok til at kyrkja som skal stå på den kan bli godkjent. Kyrkjetomta skal godkjennast av departementet. Tomta skal også godkjennast av kommunen etter plan- og bygningslova.

Søknad om ny kyrkje, går til Kulturdepartementet via biskopen som legg ved eventuelle kommentarar. Departementet godkjenner oppføring av ny kyrkje, tomt, teikningar, kostnadsoverslag og finansieringsplan, jf. kyrkjelova § 21. Biskopen godkjenner inventar og utstyr (inkl. kyrkjekunst), jf. kyrkjelova § 18.

Adresse

Send søknader på e-post med god dokumentasjon (skildring, foto, illustrasjonar) til bjoergvin.biskop@kyrkja.no, evt. i posten til Bjørgvin biskop, Postboks 1960, Nordnes, 5817 Bergen

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30