Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Kyrkjeval

Det er direkte val av medlemer til nytt bispedømeråd 14. september 2015. Medlemene i bispedømerådet er også Bjørgvin sine delegatar til det årlege kyrkjemøtet for Den norske kyrkja. Val av sokneråd er same dagen.

Bjørgvin bispedømeråd skal i møte 20. oktober gjera vedtak om alle dei sju vanlege ("leke") medlemene av bispedømerådet skal veljast direkte eller om tre av dei skal veljast av sokneråda. Minst fire medlemer skal uansett veljast direkte 14. september 2015. I tillegg skal ein prest og ein annan (lek) kyrkjeleg tilsett veljast av kvar sine yrkesgrupper.

Viktige fristar

15. november: Bjørgvin bispedømeråd skal oppnemna valråd som har ansvar for å at bispedømerådsvalet blir gjennomført.

15. desember: Kvart prosti skal ha vald medlemer til dei tre nominasjonskomiteane:

  • Lek medlem: Blir vald av soknerådsleiar eller eit anna medlem av kvar sokneråd i prostiet.
  • Geistleg medlem (prest): Blir vald av alle prestane i prostiet.
  • Lek kyrkjeleg tilsett medlem: Blir vald av alle andre (leke) kyrkjeleg tilsette i prostiet.

15. januar 2015: Frist til å foreslå kandidatar til å stå på lista til bispedømerådsvalet.

  • Leke (vanlege) kandidatar: Forslag frå sokneråda, ungdomsrådet og medlemene i nominasjonskomiteen. Viss andre har forslag til ein kandidat, må dei foreslå dette for ein av desse gruppene.
  • Prestane sin kandidat kan bli foreslått av prestane.
  • Lek kyrkjeleg tilsette sin kandidat kan bli foreslått av lek kyrkjeleg tilsette.

1. mars 2015: Nominasjonskomitéane sender si kandidatliste til valrådet.

1. mai 2015

  • Frist for å stilla alternativ liste over leke kandidatar
  • Frist for å stilla supplerande kandidatar til prestelista
  • Frist for å stilla supplerande kandidatar til lista for leke kyrkjeleg tilsette

 Kunngjering av valform for bispedømerådsvalet i Bjørgvin

  • Dersom det har kome inn meir enn ei liste blir det "høvestalsval" mellom fleire lister.
  • Dersom det framleis berre er ei liste (nominasjonskomiteen si liste), blir det "fleirtalsval" med ei liste. I tilfelle blir det høve til å foreslå supplerande kandidatar til denne lista. Frist: 1 månad etter kunngjering

ca 1. juni 2015 (ein månad etter kunngjering av valform)

  • Frist for supplerande nominasjon til nominasjonskomiteen si liste dersom det ikkje er alternative lister til denne.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30