Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ledige stillingar i Bjørgvin

Ledige prestestillingar i Bjørgvin bispedøme blir lagt ut på Kirkejobb. Der du kan lese meir om stillingane og senda inn søknad elektronisk.

Bjørgvin bispedøme er det største bispedømet i landet og omfattar fylka Hordaland og Sogn og Fjordane. Saman med Nidaros er Bjørgvin det eldste bispedømet i Noreg. Bispesetet vart først etablert på Selje på 1000-talet, men vart flytta til Bergen i år 1170. Sidan 1865 har Sjømannskyrkja stått under kyrkjeleg tilsyn av biskopen i Bjørgvin.

Bispedømet har ein mangfaldig og vakker natur, her er fjord og fjell, bygd og by. Blant mange vakre perler, kan vi nemne Hardanger, Sognefjorden, vestlandskysten og Bergen som er Noregs nest største by.

Bispedømet består av 189 sokn og 59 fellesråd som er fordelt på 13 prosti: Indre Sogn, Ytre Sogn, Sunnfjord, Nordfjord, Sunnhordland, Midhordland, Vesthordland, Nordhordland, Hardanger og Voss, Fana, Arna og Åsane, Laksevåg og Bergen domprosti. Innanfor Bjørgvin bispedøme er det om lag 490 000 personar som er medlem i den norske kyrkja. 

Visjonen til Bjørgvin biskop og Bjørgvin bispedømeråd er: Saman vil vi ære Den treeinige Gud – ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd. Når det gjeld arbeidsmiljøet har Bjørgvin bispedøme ein overordna visjon som seier at kyrkja i Bjørgvin skal vere ein arbeidsplass prega av respekt, tryggleik, omsorg og glede.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30