Ung i Bjørgvin

Kyrkjene i Bjørgvin har mange tusen ungdomar blant medlemene sine. Både kyrkjelydane, barne- og ungdomsorganisasjonane og bispedømet har ulike tilbod for desse.

Ungdomsarbeidet i kyrkjelydane har tre viktige pillarar: 1. Faste aktivitetar for ungdom, ofte i samarbeid med organisasjonar.  2. Trusopplæring /konfirmantarbeid. 3. Ungdomar si deltaking i kyrkjelyden sitt liv og i demokratiske organ.

1. For faste aktivitetar i kyrkjelydane, kontakt din kyrkjelyd.(Sjå søk nede på sida)

2. Kyrkjelydane har fleire gode hjelparar i arbeidet med å nå fram til dei unge. Frivillige organisasjonar stiller gjerne opp i både kyrkjelydsarbeid og på skular og studiestader. Les meir om ungdomsorganisasjonane

3. Ungdom er med i gudstenestelivet og andre ting som skjer i kyrkjelydane. Det året ein er 15, har ein røysterett, men for å vera med i soknerådet, må ein vera minst 18 år.

Ungdomsdemokrati
Kyrkja har også eit eige ungdomsdemokrati med bispedømet sitt ungdomsråd som blir valde på det årlege ungdomstinget. Nasjonalt er det årleg eit ungdomens kyrkjemøte. 

Ungdomsbøna
I 2013 var det eit eige ungdomsår i Bjørgvin. Motto for året var "Venner for livet". I samband med ungdomsåret vart det skrive ei par bøner, ei til bruk i eige bøneliv og ei til bruk i gudstenester eller møte der ungdom samlast. (Sjå lenke nedst på sida)

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30