Bispedømerådet vil ha ei hand på rattet i bispeval

Bjørgvin bispedømeråd har vore samla til møte 20. februar. På sakskartet stod m.a. tilsetting av sokneprest i Hornindal, Nordsida og Randabygd, årpsan, budsjett, høyring om utpeiking av biskopar og rekrutteringsplan.

Bjørgvin bispedømeråd har drøfta ordning for utpeiking av biskop. Foto frå vigslinga av biskop Halvor Nordhaug. Fotograf: Svein Tøsse

Tilsetting
Hege Høibye vart tilsett som prostiprest i Nordfjord prosti og sokneprest med sokna i Hornindal, Nordsida og Randabygd sokn som tenestestad

Økonomi og årsplan
Bispedømerådet handsama rekneskap for 2016 og budsjett for 2017.
Rekneskapen viser eit netto meirforbruk etter kontantprinsippet på kr 1 746 053. Ved starten av 2016 låg det an til eit underskot på 7,5 millionar kroner.
Bjørgvin bispedømeråd gjorde vedtak om eit styringsnotat for budsjettarbeidet 2017. Sak om endeleg budsjett kjem opp så snart det er mogeleg.

Bjørgvin bispedømeråd vedtek Årsplan 2017 slik han ligg føre. Planen har tre hovudtema:

  • Sikre kvalitet i drifta av nye system og ny verksemd
  • Løfta gode kvalitetar frå vår lutherske arv inn i kyrkje og samfunn i 2017
  • Spele kvarandre god i den kyrkjeordninga vi har og samstundes sjå vidare.

Ordning for utpeiking av biskopar
Kyrkjerådet har sendt ut ei høyring på ordning for utpeiking av biskopar. Det ligg føre tre framlegg ti ordning:
1. Ei rein valordning for biskopar
2. Tilsetjing i særskild tilsetjingsorgan
3. Tilsetjing i Kyrkjerådet – vidareføring av gjeldande ordning.

Bjørgvin bispedømeråd vil gå inn for tilsetjing i eit eige tilsetjingsorgan der bispedømet har to av fem medlemer, alternativ 2.
Eit mindretal på tre stemmer vil ha tilsetjing i Kyrkjerådet. Mindretallet meiner og at preses kan, men ikkje må velgjast blant biskopane.
Bispedømerådet er samd i hovudlinjene i framlegget til reglement, men har nokre endringar, sjå vedlagde protokoll.

Rekrutteringsplan 2017-2019
Bjørgvin bispedømeråd vedtok Rekrutteringsplan 2017-2019 med vekt på følgjande hovudmoment:

  1. Bjørgvin bispedømeråd vil oppmode prestane til å prioritere konfirmant- og leirarbeid. 
  2. Bjørgvin bispedømeråd vil i samarbeid med relevante andre gjennomføre ein konferanse med fokus på studentarbeid hausten 2017/våren 2018.
  3. Ressursstilling i St Jakob på satsinga 18-30 blir forlenga for perioden 2017-2019. 
  4. Det blir prioritert å ha inne studentar som vikar i ferieavviklinga.
  5. Arbeidet med rekruttering vert prioritert med ein stillingsressurs for perioden 2017-2019. Dette er då i kombinasjon med andre lønsmidlar.
  6. Arbeid med rekruttering bør ha plass i prostane sine medarbeidarsamtaler.

Arbeidsutval
Bjørgvin bispedømeråd opprettar ikkje eit eige arbeidsutval, men vidarefører praksis om at leiar og nestleiar blir orientert ved viktige saker. Ein vil likevel utvida dette med eit halvårleg møte med orienteringar der biskop og deltek. Leiar og nestleiar blir hekta på for innspel på saker som oppnemningar, intervju og saker der ein treng politiske signal i forkant av bispedømerådsmøta.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"