Bispedømerådsmøte 14. desember med kyrkjeordning og personalreglement

Bjørgvin bispedømeråd hadde blant anna høyring om kyrkjeordning og personalreglment på saklista i siste møte før jul. Rådet gjorde også vedtak om ny soknestruktur i Lindås og Øygarden.

Knarvik kyrkje blir hovudkyrkja i nye Knarvik sokn.

Personalreglement

Bjørgvin bispedømeråd er positive til at dei tre personalreglementa i Den norske kyrkja blir erstatta av eit felles personalreglement for Den norske kyrkja med nødvendige særreglar. Bispedømerådet meiner samstundes at forslaget ikkje har gjort nødvendige forenklingar, og at det må forenklast ytterlegare.

Kyrkjeordning

Bjørgvin bispedømeråd er samd i intensjonen med å endre minst mogleg på kyrkjeordninga akkurat no, men meiner det hastar å få på plass ei enklare og mindre ressurskrevjande organisering av Den norske kyrkja, ikkje minst når det gjeld framtidig organisering av arbeidsgjevarlinene. Bjørgvin bispedømeråd ynskjer at det vert starta ein prosess som tar sikte på snarleg avklaring av ei organisering som er framtidsretta og ressurseffektiv.

Protokollen inneheld høyringssvara om kyrkjeordning og personalreglement.

Endringar i soknestruktur i Lindås og Øygarden

Bjørgvin bispedømeråd gjer vedtak om å slå saman sokna Alversund, Seim og Lygra til eit nytt sokn med namnet Knarvik sokn og sokna Lindås, Myking og Hundvin til eit nytt sokn med namnet Lindås sokn.Dei nye sokna vert oppretta med verknad frå 1. januar 2020.

Bjørgvin bispedømeråd gjer vedtak om å slå saman sokna Hjelme og Blomvåg til eit nytt sokn med namnet Hjelme og Blomvåg sokn. Det nye soknet vert oppretta med verknad frå 1. januar 2020.

Ny soknegrense mellom Hornindal og Nedstryn

Bjørgvin bispedømeråd gjer vedtak om at Maurset i Markane krins blir overført frå Hornindal sokn til Nedstryn sokn frå 1. januar 2019.

Sakliste

Økonomirapport pr 30. november 2018
Bjørgvin bispedømmeråd Årsplan 2019
Bjørgvin bispedømmeråd - Høring om personalreglement for Den norske kirke
Bjørgvin bispedøme - Høyring Kyrkjeordning for Dnk 2. handsaming
Bjørgvin bispedøme - Høyring: Reglar for val av Kyrkjeråd
Ny soknestruktur i Lindås
Samanslåing av sokna i Øygarden til Hjelme og Blomvåg sokn
Overføring av Maurset frå Hornindal sokn til Nedstryn sokn i Stryn frå 1. januar 2019

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"