Kyrkjekunst og interiør/inventar og utstyr

Når ein vil skaffa noko nytt eller ta ut av bruk noko gamalt av kyrkja sitt inventar og utstyr, skal dette godkjennast av biskopen, jfr. Kyrkjelova § 18 og 21. Nedanfor følgjer søknadsprosedyrene, litt råd om kunst og tekstilar i kyrkjene og om vedlikehald av dette.

Det er ofte soknerådet som ser til at kyrkja og det som er i den er i god stand og tek initiativ ovanfor fellesrådet når det er ynskjeleg å gjere endringar. Fellesrådet må gjere formelle vedtak og søkje om godkjenning når ein ynskjer å gjere endringar på inventar eller kyrkjebygg, eller skaffe ny kyrkjekunst, interiør, tekstilar og liknande til kyrkja. Også kunst/interiør som soknet får i gåve, må godkjennast av biskopen før dei vert tekne i bruk i kyrkja.

Med utgangspunkt i vedtak i sokneråd, skal fellesrådet utforma ein søknad der forslaget er fyldig skildra. Bilete av kyrkjerommet og teikningar er gode hjelpemiddel.

Søknaden skal sendast tenesteveg til biskopen; dvs. via soknepresten og prosten. Desse har høve til å gje sine kommentarar.

Søknaden kjem til bispedømmekontoret. Rådgjevaren vurderer om saka må leggast fram for eksterne konsulentar, kyrkjekonsulenten eller Riksantikvaren før den vert handsama, anten av biskopen sitt fagråd for kyrkjekunst eller administrativt.

Når tiltaket gjeld eit automatisk freda kulturminne, sender bispedømekontoret søknaden til Riksantikvaren for vedtak etter kulturminnelova. I tillegg gjer biskopen vedtak etter kyrkjelova. Gjeld det listeførte kyrkjer, skal Riksantikvaren ha høve til å vurdere og uttale seg i saka, før biskopen fattar vedtak.

Vedtak vert fatta av biskopen og sendt til fellesrådet med kopi til prosten.

Endringane vert gjennomført og tiltaket registrert i kyrkjebyggdatabasen og i invenboka til kyrkja.

FAGRÅD FOR KYRKJEKUNST:

Innreiing, utsmykking og liturgiske klede i kyrkjene er soknet sitt ansvar og engasjement. Kyrkja sin historiske bodskap vert forkynt i vår tid. Den som skapar kunst for kyrkja har same ansvar - tradisjon i møte med eiga tid.

Fagrådet sitt ansvar er å vere rådgjevar for biskopen i godkjenningssaker.

Ta kontakt med oss i ein tidlig fase med tanke på utsmykking, tekstilar og endringar i di kyrkje.

Me vil på en konstruktiv måte stå til disposisjon for sokna, kunstnarar og arkitektar i ein tidleg fase av prosessen med å skaffe noko nytt, endring eller nybygg. Fagrådet har vid kompetanse innan kunst, teologi og kunsthistorie.

Fagrådet har for tida desse medlemmene:

Anne Marta Hoff, kunsthistorikar, Ingrid Aarset, tekstilkunstnar, Victor Stoltz Meyer, pensjonert sokneprest og Ragnhild Tveit, rådgjevar for kyrkjekunst og sekretær for Fagrådet.

KUNST OG TEKSTILAR:

Messehakel Erdal kyrkje. Formgjevar Ingrid AarsethI kyrkjene våre vert bodskapen forkynt på ulike måtar, kyrkjekunsten gjer det på sitt vis, den skal på same måte som liturgien, kyrkjemusikken og preika vere med på å bygge opp om særpreget i den liturgiske perioden. Kunsten skal arbeide for å få fram det synlege i det usynlege.

Kyrkjetekstilane står òg i forhold til funksjonane dei har i rommet, ein messehakel har til dømes ei anna liturgisk oppgåve enn eit lesepultklede. Me må difor nytte biletspråket vårt slik at symbola både passar til den liturgiske fargen og til den tenesta som akkurat denne kyrkjetekstilen skal ha. Det er viktig å ta i tanken kva som er det spesielle med desse stadane i kyrkja. Kyrkja sitt særpreg, spesielt alterpartiet er òg med på å sette sentrale premiss for utforminga av inventar og utstyr.

Biskopen skal godkjenne "anskaffelse og avhendelse av inventar og utstyr", jamfør § 18 i Kyrkjelova.

Me tilrår Kyrkjerådet sin fyldige informasjon om kyrkjetekstilar og liturgisk drakt: www.kirken.no/kirketekstiler . Her finn du òg forslag til kontrakt mellom produsent og oppdragsgivar ved utsmykkingsforslag i kyrkjer.

Antependium, preikestolklede, klede på lesepulten, messehakel og stola

Kristne symbol nyttast ofte på kyrkjetekstilar. Kyrkjerådet sitt oversyn over symbol til bruk på stola kan òg overførast til andre tekstilar i kyrkjerommet. Sjå vedlegg "Liturgiske klær i den norske kirke" under lenkjer.

Alterdukar

Utforming av alterduk må stå i nær samanheng med antependium og altertavle. Ei bord kan godt ha kristne symbol, bilete for Kristus og nattverda er særlig aktuelle. (Se gjerne informasjonen om antependium ovanfor.) På alteret står det kalk og disk, det er difor ikkje "naudsynt" å bruke dette som ein del av borda på duken. Ein dekorativ vinranke eller noen kornaks kan til dømes vere godt eigna langs kanten. Den latinske krossen er det sterkaste kristne symbolet me har, dette treng "rom" rundt seg og er ikkje så godt eigna som bord. Variantar av dei likearma krossa, det greske og andreaskrossen til dømes, kan derimot fungere fint både åleine, i samansetningar og ornamentalt. Forslag til ny alterduk må godkjennast av biskopen, sjå eige punkt.

Tips: Det er praktisk med ein enkel overduk på sjølve bordflata; det blir lett flekker frå vin og stearin.

VEDLIKEHALD:

Vedlikehald, istandsetjing og oppbevaring

Riksantikvaren har utarbeida fleire informasjonsblad om vedlikehald og oppbevaring av inventar og utstyr, inkludert kyrkjetekstilar, sjå lenkjer.  

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30