Nominasjon til bispedømerådsvalet

No startar arbeidet med å finna kandidatar til bispedømeråd og Kyrkjemøte. Fram til 15. januar kan sokneråd og tilsette i kyrkja foreslå kandidatar. Då tek tre nominsjonskomitéar til med arbeidet med vallister. Også vanlege kyrkjemedlemer kan foreslå kandidatar, under visse vilkår.

Nominasjon til bispedømerådsvalet

Ved kyrkjevalet hausten 2015 skal det veljast bispedømeråd for perioden 1. januar 2016 – 31. desember 2019. Bispedømerådet har 7 leke medlemer, 1 lek kyrkjeleg tilsett og 1 prest. Biskopen er i tillegg fast medlem.

Sokneråda har ei viktig oppgåve i å foreslå leke kandidatar til bispedømerådet. Dei kan foreslå inntil fire kandidatar kvar. Det same kan ungdomsrådet i Bjørgvin. Dessutan kan lek tilsette foreslå ein kandidat kvar i sin kategori og prestane tilsvarande til si liste.

Desse tre gruppene har kvar sin nominasjonskomité med ein medlem frå kvart prosti. Kvart medlem av nominasjonskomitéane kan også foreslå ein kandidat.

Vanlege kyrkjemedlemer kan foreslå kandidatar
Dersom ein vanleg kyrkjemedlem ønskjer å foreslå ein kandidat, må vedkomande foreslå dette for eit sokneråd eller for ein medlem av nominasjonskomitéen. Dessutan vil det etter 1. mars, då komitéen legg fram si førebels valliste, bli høve til å foreslå alternative lister. Kravet er at 150 røysteføre kyrkjemedlemer frå minst tre ulike sokn i bispedømet, der minst 50 prosent kjem frå eitt og same sokn, eigenhendig skriv under forslaget til liste og leverer denne til valrådet i bispedømet seinast 1. mai 2015.

I tilfelle det ikkje kjem alternative lister, vil ein i staden kunne foreslå supplerte kandidatar til nominasjonskomitéen si liste. Kravet er her at minst 75 røysteføre medlemer frå fra minst tre ulike sokn i same prosti, der maks. 50 prosent av kan vere frå eitt og same sokn. Dette må skje seinast ein månad etter at høvet til supplerande nominasjon er kunngjort, det skjer ein gong mellom 1. og 8. mai.

Nominasjonskomitéane
Fram til 15. desember 2014 er det val på nominasjonskomitéar. Medlemer av desse komitéane kan ikkje stå på vallista.

Brev om nominasjonsarbeidet og skjema til bruk når ein skal foreslå kandidatar finn du nedst på denne sida.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"