Teser i tida

Har nokon ein påstand dei vil ha fram? Noko som ligg ein på hjarta som bør diskuterast? I 2017 får organisasjonar, institusjonar og folk flest presentere sine "teser" på frukostmøte, i byrom og på nett. Det er Reformasjonsbyen Bergen 2017 som står bak dette saman med Kirkens bymisjon.

Døra inn til Slottskyrkja i Wittenberg har blitt symbolet på Luther sine sterke teser mot avlatshandelen. Ved reformasjonsmarkeringa i 2017 skal folk få publisera og drøfta sine eigen teser i Bergen.

«Teser i tida» er eit prosjekt med mål om å skape ein arena for open debatt om aktuelle samfunnsspørsmål, inspirert av reformasjonen. 

Planen er å presentere ein ny tese kvar veke på frukostmøte i Korskirken. Med oppstart i januar 2017, er planen å arrangere frokosmøter på onsdager i løpet av hele året. Tesene vil også liggje på nett og bli vist på skjermar ute i Bergen.

Oppstart hausetn 2017 for frokostmøtene er 6. september. Prosjektet vert avslutta med siste frokostmøte 1. november.

Kva er ein tese?

Ein tese er ein påstand med hald i. Ein tese byggjer på gode argument eller er eit godt argument i seg sjølv. Tesen kan godt vere spissformulert for å vekkje interesse og provosere til debatt. Teser bør følgjast opp med samtale der ein greier ut om temaet/saksinnhaldet og får brynt argumenta. Målet med teser er meir sanning mellom folket.

I "Teser i tida" tenkjer vi at ein tese eller ein påstand uttrykker ei overbevisning, ytring innanfor trua/kyrkja si verd eller innan samfunnslivet som ein gjerne vil løfte fram, eller som ein ønskjer at det skal gjerast noko med/ rettast på/ som er uuthaldeleg/ som ein ønskjer skal ta slutt, evt som ein ønskjer å ta vare på. Evt stikkorda (på engelsk): kva gjer meg «sad, mad, glad»?

Invitasjon om å senda inn teser er sendt til organisasjonar, institusjonar, utdanningsstader, kyrkjer m.m., i tillegg til at folk flest er oppmoda til å bidra.

Dei innsende tesene har blitt sortert av ein redaksjonskomité med medlemer frå Juridisk fakultet, Institutt for design ved fakultet for kunst, musikk og design, UiB og Bjørgvin bispedømekontor. Innsendinga av teser er no stengt, då vi har motteke tilstrekkeleg med teser til å fylle hausten 2017.

 

Luther sine teser

Luther sine teser var ein reaksjon på bruken av avlat. Han meinte praksisen ikkje var rett og laga 95 punkt der han peikte på utfordringar ved avlats-praksisen. Innleiinga til tesene er slik (dansk):
«Af ret sand kjærlighed og inderligt ønske om (uden at søge forfengelig ære) at bringe sandheden for dagen, vil den ærværdige fader dr. Mart. Luther, augustinermunk i Vittenberg, magister i de frie kunster og den hellige skrift osv., ved Guds naade drøfte følgende setninger om aflad, disputere derom, forsvare og holde fast ved dem mod broder Johan Tetzel af prædike-ordenen. Han beder dem, som ikke kan være nærværende og forhandle med ham derom, at de fraværende vilde gjøre det skriftlig.»  

https://no.wikisource.org/wiki/De_95_teser

Døme på Luther-teser
41. Ein skal tale forsiktig om paveleg avlat, for at vanlege folk ikkje skal få den feiloppfatning at den er å føretrekkje framfor andre kjærleiksgjerningar, eller blir sett meir pris på enn dei.
45. Ein skal lære kristne at han som overser sin neste i naud men kjøper avlat, ikkje kjøper avlat frå paven men vreide frå Gud.
48. Ein skal lære kristne, at paven ved å tilby avlat, har meir trong for bøna deira enn pengane deira.

 

Følg  Reformasjonsbyen Bergen 2017 på Facebook for daglege oppdateringar og meir informasjon om markeringa av Lutherjubileet.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"