Oppdatert Koronainformasjon - Opnar for gudstenester for maks 20, konfirmantarbeid og barnearbeid

Oppdatert informasjon frå Bjørgvin bispedøme om tiltak for å verna folk mot Korona-smitte pr. 20. november. Strenge tiltak i Bergen og kommunane rundt, men rom for gudstenester for inntil 20 personar . Dåp og gravferd kan gjennomførast. Smittevernrettleiaren som gjeld heile landet er også oppdatert. Sjekk med din lokale kyrkjelyd kva som gjeld der.

I denne artikkelen finn du biskopen sine råd og pålegg for kyrkja i Bjørgvin, basert på retningsliner og tilrådingar frå helsestyresmaktene. Oppdatert 20. november 2020.

For Bergen og kommunane rundt

Frå 24. oktober gjeld følgjande for Bergen og nabokommunane Alver, Askøy, Øygarden, Bjørnafjorden,Samnanger, Vaksdal og Osterøy:

  • Gudstenester for maks 20 personar, med påmelding. EIn kan evt. ha to gudstenster etter kvarandre.
  • Dåp og gravferd vil bli gjennomført som planlagt, i eigne seremoniar.
  • Konfirmantundervisning for 20 konfirmantar om gongen kan starta opp igjen. Konfirmantane må vera i dei kohortane dei alt tilhøyrer, ut frå lokale forhold.
  • Anbefaling om å starta opp at arbeid for born og ungdom under 13 år. Dette gjeld også korøvingar.  Sjå oppdatert smittevernveiledar frå Norges korforbund.
  • Andre typar fysiske arrangement blir også innstilte inntil vidare. 
  • Det blir ikkje tillete med meir enn 20 personar på offentlege arrangement. Unnataket er gravferder der grensa er sett til maks 50 personar. Lokala må ha faste plassar som blir tildelt dei som kjem.
  • Føremålet med den sterke reduksjonen i fysiske arrangement, er å redusera talet på sosiale kontaktar.
  • Vi anbefalar at opne barnehagar i kyrkjelydane blir lukka i perioden som forskrifta gjelder for.
  • Ulike møte bør som hovudregel flyttast til digitale plattformar. Unnatak er samtalar av sjelesørgerisk karakter.

For tilsette spesielt

  • Heimekontor blir påbode. Det er også gitt ei generell anbefaling om å vere mest mogeleg heime.
  • Vi anbefalar ein generell avstandsregel på 2 meter
  • Påbod om munnbind på kollektivtransport, der avstand på ein meter ikkje er mogeleg.
  • Alle som kan bør unngå å bruke kollektivtransport, i størst mogeleg grad.

For kyrkjelydane elles i Bjørgvin (der det ikkje er strengare lokale reglar)

Smittevernrettleiar

Kyrkjerådet, Bispemøtet, KA og styret i Norges kirkevergelag har samarbeida om ein samla smittevernrettleiar for kyrkjene (sjå lenke nedst på sida).

Dette er nokon av endringane i smittevernrettleiaren, gjeldande frå 9. november:

  • Maks 50 deltakarar fordi kyrkja ikkje har fastmonterte stolar, ref regjeringa sin definisjon.
  • Kyrkjerådet og KA anbefalar at fysiske samlingar utover forordna gudstenester, avtalte kyrkjelege handlingar (dåp og bryllup) og gravferdsseremoniar blir avlyst ut november månad. Dette må likevel vurderast og besluttast lokalt ut ifrå den lokale smittesituasjonen.
  • Ein rår frå nattverdfeiring, lystenning o.l. for å redusere bevegelse i rommet. Ofring bør skje med vipps e.l. Dette må likevel vurderast lokalt og ut i frå den lokale smittesituasjonen.

Smittevernet ved verksemd i Den norske kyrkja byggjer på fem hovudprinsipp:

  1. Sjuke personar skal ikke delta på fysiske samlingar.
  2. Gode rutiner for hygiene, handvask og reinhald.
  3. Minst mogeleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
  4. God avstand mellom alle som deltek.
  5. Tilstrekkeleg bemanning.

Som tidlegare, gjeld elles følgjande reglar:

Gudstenester

All aktivitet i kyrkjene må vere i tråd med den smittevernrettleiaren som Kyrkjerådet og KA har utarbeidd, sjå lenke nedst på denne sida. 

Dåp

Det vert oppmoda til å prioritere å gjennomføre dåp. Dette kan skje i eigen dåpsgudsteneste der det ikkje er plass i vanlege gudstenester. For å melde dåp, ta kontakt med din lokale kyrkjelyd.

Gravferd

Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell. Både inne og på gravplassen skal det vera maks. 50 til stades som skal ha minst ein meter avstand mellom kvarandre, med mindre kommunelegen har sett strengare grenser.

Vigsler

Vigsler (bryllup) kan gjennomførast på same måte som ved andre kyrkjelege handlingar.

Nyttige lenker

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"