Oppdatert Koronainformasjon - kyrkja er tilgjengeleg, men mykje skjer digitalt

Oppdatert informasjon frå Bjørgvin bispedøme om tiltak for å verna folk mot Korona-smitte pr. 4. januar. Dei nasjonale retningslinjene for smittevern som i første omgang gjeld til og med 18. januar, får konsekvensar for kyrkja. Gravferder med maks. 50 deltakarar kan framleis gjennomførast. Det gjeld også unntaksvis for små enkeltsamlingar eller seremoniar med inntil ti deltakarar, til dømes dåp eller vigsel, når ein lokalt vurderer at det er nødvendig. Det vert ingen ordinære gudstenester, men sjekk din kyrkjelyd for digitale tilbod. Kyrkjelydane er ikkje stengde, ein kan kontakta dei tilsette på telefon eller e-post.

I denne artikkelen finn du biskopen sine råd og pålegg for kyrkja i Bjørgvin, basert på retningsliner og tilrådingar frå helsestyresmaktene. Oppdatert 4. januar 2021.

Smittevernrettleiar

Kyrkjerådet, Bispemøtet, KA og styret i Norges kirkevergelag har samarbeida om ein samla smittevernrettleiar for kyrkjene (sjå lenke nedst på sida).

Dette er nokon av endringane i smittevernrettleiaren, gjeldande frå 4. januar: 

  • Forbod mot meir enn 50 deltakarar i gravferd, og ti deltakarar på andre arrangement.
  • Tilråding om at planlagde gudstenester, samlingar og faste aktivitetar for alle aldersgrupper blir digitale eller utsett til etter 18. januar, evt. avlyste.
  • Unntaksvis kan små enkeltsamlingar eller seremonier med inntil ti deltakarar gjennomførast når ein lokalt vurderer at det er nødvendig (for eksempel dåp, vigsel, diakonale tiltak/sjelesorg, innspeling av digital gudsteneste o.l.).
  • Sjølv om det ikkje er innført strengare reglar om utandørs arrangement no, anbefalar Den norske kyrkja at ein unngår dette dei neste to vekene for å bidra til færre sosiale møtepunkt.
  • Sjekk evt. din kommune for strengare restriksjonar.

Les meir om 2-metersregelen ved allsang som står i smittevernrettleiaren. Biskopen har også skrive eit brev til medarbeidarane i kyrkjelydane om praktiseringa av denne regelen. Brevet vart sendt ut via prostane 3. desember. 

Smittevernet ved verksemd i Den norske kyrkja byggjer på fem hovudprinsipp:

  1. Sjuke personar skal ikke delta på fysiske samlingar.
  2. Gode rutiner for hygiene, handvask og reinhald.
  3. Minst mogeleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
  4. God avstand mellom alle som deltek.
  5. Tilstrekkeleg bemanning.

Som tidlegare, gjeld elles følgjande reglar:

Gudstenester

All aktivitet i kyrkjene må vere i tråd med den smittevernrettleiaren som Kyrkjerådet og KA har utarbeidd, sjå lenke nedst på denne sida. Til og med 18. januar er det ingen vanlege gudstenester i kyrkjene. 

Dåp

Det vert oppmoda til å prioritere å gjennomføre dåp. Dette kan skje i eigen dåpsgudsteneste der det ikkje er plass i vanlege gudstenester. For å melde dåp, ta kontakt med din lokale kyrkjelyd. Frå 4. januer er det berre rom for vera ti personar til stades ved ein seremoni.

Gravferd

Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell. Både inne og på gravplassen skal det vera maks. 50 til stades. Alle skal kunne halde ein avstand på minst 1 meter til dei ein ikkje bur saman med. Ved salmesang/allsang innandørs tilrår ein 2 meter avstand mellom personar som ikkje bur saman.

Vigsler

Vigsler (bryllup) kan gjennomførast på same måte som ved andre kyrkjelege handlingar. Frå 4. januar er det berre rom for vera ti personar til stades ved ein seremoni.

Nyttige lenker

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"