- Sterkt å feire dåp midt i uroen

Kyrkjene er opne for dåp, også i desse dagar då det ikkje er vanlege gudstenester. I dagens situasjon er det mogeleg å ha dåp også på andre dagar enn søndag.

Benjamin Haaland-Gillesvik vart døypt i Birkeland kirke med berre dei aller næraste til stades. Foto: Jannica Luoto

– Sonen vår, Benjamin, vart døypt i Birkeland kirke den 19. april. Vi hadde ein veldig fin seremoni, med berre fem vaksne og to born til stades frå vår familie. Å ha kyrkja for seg sjølv var ei helt spesiell oppleving - det kjendest personleg og nært. Etterpå feira vi med sjokoladekake, kaffi og brus i solskinnet utanfor kyrkja. Vi hadde også med oss fotograf fordi vi tenkte at det å døype nokon mens koronaviruset herjar, kom til å bli ei annleis oppleving som måtte dokumenterast, fortel Sigrid Haaland.

Dåpsfest på kyrkjebakken. Foto: Jannica Luoto

Vi får eit ankerfeste

Sokneprest Kjersti Gautestad Norheim i Birkeland, som døypte Benjamin, seier at det er fleire ting som er annleis desse dagane. – Verda og kvardagen vart drastisk endra då koronakrisa råka oss. Men midt i den uroa som har oppstått har det vore ekstra sterkt å feira dåp. I dåpen vert nemleg vår forteljing knytt saman med Guds forteljing. Vi får ein stad å høyra til som er større enn oss sjølve, ja større enn alt anna vi kjenner til. Midt i uroa får vi eit ankerfeste for livet. Vi får høyra til hos Gud. Så sjølv om det ikkje er mogeleg å samla familie og venner til feiring av dåp på same måten som før, så vert det likevel både dåp og fest, midt i koronakrisa, seier ho.

Dåp sju dagar i veka

Biskopen i Bjørgvin fortel at kyrkjene i bispedømet er opne for dåp. I eit brev til kyrkjelydane, skriv han at ein kan ha dåp på både kvardag, laurdag og søndag. Ein kan også ha fleire korte dåpsgudstenester i kyrkja same dag med ein times intervall. Ein må berre passa på godt smittevern og avpasse talet på dei som deltar. For å avtala dåp, tek ein kontakt med sin lokale kyrkjelyd.

For å avtale dåp, tek ein kontakt med sin lokale kyrkjelyd, sjå nedanfor

Spørsmål og svar

Kva er dåp?

I dåpen blir vi møtt av Guds kjærleik. Den er eit verkekraftig teikn som gjev oss del i Guds frelse og ei gåve som det berre er å ta imot, uansett når i livet vi blir døypte.  

Kor mange kan vera med i kyrkja?

Det er ikkje opna for vanlege gudstenester, og ein ønskjer ikkje å samla fleire enn nødvendig. Reglane kan variera frå kommune til kommune, avhengig av kva grenser kommunelegen har bestemt. Frå kyrkja si side, opnar ein for maks 25 personar. Vanlege reglar om 2 m avstand og andre smitteførebyggjande tiltak, gjeld.  Oppdatert informasjon finn du her.

Kan vi ha dåp utan fadrar?
Viss det er naudsynt kan ein ha dåp utan fadrar til stades, men med minimum to vitne.

Skal vi ha samtale med presten før dåpen?
Prestane må gjennomføra individuell dåpssamtale før dåpen. Det vil no i dei fleste tilfelle skje via eit sosialt medium.

Er det aldersgrense for dåp?
Nei, alle som ikkje er døypt, kan bli døypt.

Kan vi fotografere eller filme i dåpen?
Ja, det er fint å ha med nokon som kan ta bilde eller video, slik kan også dei som ikkje kunne vera til stades, får oppleva dåpen.

Les meir om dåp her (Den norske kyrkja sine nettsider)

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"